Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Betingelser

  • Når du abonnerer på Jærbladet kan du og din husstand lesa avisa både på papir og digitalt på datamaskin, mobiltelefon og nettbrett. Du som abonnerer får også tilgang til e-avisa (papiravisa i elektronisk format).
  • Papirutgåva får du måndag, onsdag og fredag. På datamaskin, mobiltelefon og nettbrett er dine lokale nyhende alltid tilgjengelege.
  • Abonnementet kan ikkje stoppast før perioden er slutt, men papiravisa kan omadresserast eller du kan gje vekk avisa i korte periodar.
  • Digital tilgang vil alltid vera tilgjengeleg i abonnementsperioden.
  • Abonnementet held fram til det blir sagt opp.
  • Me stoppar abonnementet dersom du ikkje betaler.
  • Faktura- og purregebyr vil følgja gjeldande takstar.
  • Papiravisa kan endrast til ei anna leveringsadresse, men utanfor Rogaland og Sirdal kjem det eit frakttillegg.
  • Dersom avisa blir forseinka blir den ettersendt, me kompenserer ikkje økonomisk.
  • Etter angrefristlova kan abonnenten gå i frå avtalen utan å gje nokon grunn innan 14 dagar etter første leveranse.

Abonnementsvilkår

Vilkår for abonnement på Jærbladet

1. Innleiing
Desse vilkåra gjeld for bestilling og kjøp av abonnement på Jærbladet.
Avtalen er bindande for begge partar når Jærbladet har registrert bestillinga di.

2. Avtalepartane
Desse vilkåra gjeld mellom deg og
Jærbladet AS (org. nr. 865613032 mva)
Postboks 23
4349 Bryne

3. Abonnementet omfattar
Abonnementet gjev tilgang til alt innhald i Jærbladet. Gjennom abonnementet får du tilgang til papiravisa, alle artiklar på jbl.no, eAvis via datamaskin/Mac, mobiltelefon og nettbrett.
Om du har tilgang i 24 timar får du berre tilgang til jbl.no og e-Avis, ikkje papiravis. Du betalar mva for heile tilgangen.

4. Levering og tilgang for brukaren
Me leverer papiravisa til den adressa du har oppgitt. Du pliktar å sørgja for tilfredsstillande merking på leveringsstaden. Eventuelle endringar i leveringsstad skjer på vilkår som du kan lesa meir om på våre nettsider. Papiravisa leverer me måndag, onsdag og fredag.

5. Rettar
Brukarnamn og passord er personlege og skal ikkje delast med andre.
Dersom du deler ditt brukarnamn og passord i strid med dette, kan Jærbladet straks stenga tilgangen din utan at du har krav på økonomisk refusjon.

6. Angrerett
Ved kjøp av Jærbladet på nettet har du angrerett i samsvar med Lov om opplysningsplikt og angrerett mv ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad.
Skjema for angrerett følgjer med stadfestinga av ordren som du får ved bestillinga av abonnementet. Du har då rett til å gå i frå avtalen ved å gje melding til Jærbladet innan 14 dagar etter at du har motteke skjemaet for angreretten. Melding bør du gje skriftleg.
Dersom abonnementet startar og er tilgjengelig for deg i perioden kor angrerett kan gjerast gjeldande, skal du betala for den perioden du har motteke eller har hatt tilgang til Jærbladet.

7. Personopplysningar
Jærbladet lagrar og brukar opplysningar om namn, e-post, adresse og telefonnummer, samt opplysningar om eventuell annan rekningsbetalar.
Ved å akseptera desse brukarvilkåra samtykkjer du til Jærbladet si handsaming av dine personopplysningar.
Jærbladet brukar opplysningane dine for å gjennomføra og administrera avtaleforholdet. Informasjonen blir også brukt for at Jærbladet skal oppnå større kunnskap om brukarane slik at avisa kan utvikla og forbetra produkta og abonnementsfordelane.
Opplysningane vil også bli brukt til å senda deg SMS og e-post med servicemeldingar eller for å marknadsføra Jærbladet.
Jærbladet er ein del av Nordsjø Media konsernet. Jærbladet kan utlevera opplysningane til Nordsjø Media AS og andre selskap innan Nordsjø Media konsernet. Me gjer dette for å sikra at Jærbladet følgjer opp sine plikter i samsvar med avtalen og for å auka kunnskapen om brukarane slik at Nordsjø Media kan utvikla og forbetra alle produkta i konsernet. Opplysningane blir lagra i et felles abonnementssystem for heile Nordsjø Media.
Du har rett til innsyn i dei opplysningane som Jærbladet har registrert om deg. Me ber deg ta kontakt med oss for å retta opplysningar som skulle visa seg å ikkje vera korrekte. Du kan når som helst krevja at me slettar opplysningane, dersom desse ikkje lenger er nødvendige for å gjennomføra avtaleforholdet mellom deg og Jærbladet.
Du pliktar å halda Jærbladet oppdatert om endringar av adresse eller liknande relevant for abonnementsforholdet. Slike endringar kan leggjast inn på brukarprofilen din på jbl.no eller ved å kontakta vårt kundesenter på tlf. 51 77 99 00 eller abonnement@nordsjomedia.no
Jærbladet er ansvarleg for handsaminga av opplysningane om deg, og ved spørsmål om bruken av personopplysningane kan du kontakta oss på abonnement@nordsjomedia.no.

8. Prisar
Alle oppgitte prisar inkluderer levering lokalt og regionalt. Ved rikslevering gjeld eigne prisar.
Når me sender utanfor Noreg gjeld særlige vilkår.
Jærbladet har rett til å endra prisen på ditt abonnement. Delar av abonnementet er mva pliktig.
For bedrifter og bedriftsabonnement gjeld eigne prisar.

9. Betaling
Abonnementet skal betalast på forskot i samsvar med faktura avhengig av den abonnementsperioden du har valt. Abonnementet kan eventuelt trekkjast frå din konto/kredittkort dersom du har valt slik betalingsmåte.
Ønskjer du å inngå avtale om e-faktura eller avtalegiro, ta kontakt med din bank. Ved ein slik avtale treng du ikkje betala gebyr for papirfaktura.

10. For seint levert avis og ikkje-levert avis
Ved forseinking eller at papiravisa ikkje blir levert har Jærbladet rett til å etterlevera avisa ved neste utsending.
Forseinking eller ikkje-levert papiravis gjev ikkje krav på forlenging av abonnementsperioden eller anna form for godtgjering så lenge avisa blir levert i etterkant.
Det er berre papiravisa som kan stoppast inntil vidare. Avisa vil då bli gitt bort til ein institusjon. Dersom total systemsvikt hos Jærbladet medfører at avisa verken kan leverast som papiravis eller i digitalt format, har du krav på at abonnementsperioden blir forlenga med tilsvarande tal på dagar som me ikkje klarer å levera avisa.
Dersom papiravisa ikkje blir levert, ring 51 77 99 00 snarast. Våre opningstider er kl. 07:00 til 15:30 på kvardagar. Laurdag og sundag har me stengt.

11. Periode for abonnement og oppseiing
Jærbladet tilbyr abonnement med ulike periodar.
Årsabonnement varar i 12 månader og held fram til det blir sagt opp.
Månadsabonnement varar i 1 månad og held fram til det blir sagt opp.
Abonnement i 24 timar varar i 24 timar etter kjøp og stoppar automatisk etter 24 timar.
Du kan når som helst seia opp ditt abonnement på Jærbladet. Oppseiing kan du levera skriftleg eller via telefon. Manglande betaling tel ikkje som ei oppseiing av abonnementet ditt.
Jærbladet kan i kampanjar tilby andre periodar og prisar for abonnement. Du kan ikkje seia opp eksisterande abonnement for å teikna eit nytt igjen med kampanjepris.

12. Endringar i avtalen
Desse vilkåra gjeld frå avtalen mellom deg og Jærbladet blir inngått og fram til nye vilkår blir publisert på nettsida.

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!