
Korpskrise
Musikkorps«Om utviklinga held fram, kan me risikera at 17. maitoga går utan levande korpsmusikk».
«Bruk av tvang sit svært langt inne i norsk helsevesen og blir bare brukt mot personar som helsevesenet meiner manglar samtykkekompetanse».
«Slik skapte Norge en drapsmann» er hovudartikkelen i siste nummer av magasinet Plot. Der blir det det fortalt ein gripande historie om korleis ein ung mann til slutt vart drapsmann fordi han vart svikta av det offentlege Norge. Etter mange år med rus og manglande oppfølging enda det med at han tok livet av ein annan person i rusmiljøet. Først etter drapet tok det offentlege ansvar og gav mannen den hjelpa han hadde behov for.
Reportasjen i Jærbladet mandag om ein rusavhengig og psykisk ustabil mann som mellom anna har sett fyr på eigen leilighet og som har trua naboar på livet har eit element fells: Det må skje noko verkeleg dramatisk før det offentlege vil og kan gripa inn.
Dei som bur i same leilighetskompleks etterlyser at det offentlege hjelpeapparatet gir nødvendig hjelp til ein person dei meiner er ute av stand til å ta ansvar for seg sjølv, sin eigen sikkerhet og hygiene.
Naboane er først og fremst opptekne av at mannen er ein fare for seg sjølv, men dei er også redde for at mannens tilstand kan resultera i alvorlege hendingar som rammar andre, og viser til at han to gonger har sett fyr på eigen leilighet.
Den personlege fridomen står så sterkt at politi og det kommunale hjelpeapparatet tilsynelatande er makteslause. Politiet kan bare gripa inn når det skjer lovbrot eller i tilfelle der han er overstadig rusa. Helsevesenet er avhengig av at mannen sjølv ønskjer hjelp for at dei kan ta seg av han.
Bruk av tvang sit svært langt inne i norsk helsevesen og blir bare brukt mot personar som helsevesenet meiner manglar samtykkekompetanse. Det er den som gir helsehjelp som avgjer om pasienten manglar slik kompetanse, men terskelen er høg før ein person blir definert som ute av stand til å forstå kva samtykke omfattar og derfor kan behandlast mot sin vilje.
I lova om pasientrettar blir det slått fast at «samtykkekompetansen kan bortfalle helt eller delvis dersom pasienten på grunn av fysiske eller psykiske lidelser ikke er i stand til å forstå hva samtykket omfatter.»
Men omfattande misbruk av alkohol som har ført til det ein sakkunnig karakteriserer som «psykisk lidelse eller atferdsforstyrrelse med avhengighetssyndrom» er ikkje nok til at retten til å avslå helsehjelp kan setjast til sides.
Med andre ord har ein rett til å gå til grunne dersom ein sjølv ønskjer det, også om det fører til sterk sjenanse for andre personar og samfunnet.

Musikkorps«Om utviklinga held fram, kan me risikera at 17. maitoga går utan levande korpsmusikk».

Landbruksoppgjer«Tilbodet frå staten står i grell kontrast til dei ambisjonane landbruksmeldinga gav uttrykk for».

Jus«Det er ikkje stand og stilling hos personar som engasjerer seg i ei sak som skal avgjera korleis kommunen behandlar saka».
KollektivtransportTenk deg at du opplever at bussen du nyttar deg av, ikkje kjem, eller kjører forbi utan å stoppa, og du får beskjed om at det tryggaste er å ringa kva...

Skyggeforfatter En skyggeforfatter er en skribent som tilbyr seg å skrive tekster anonymt som andre personer utgir i sitt eget navn.
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
Du kan også tipse pr mobiltelefon. Send JBLTIPS til 2097