Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter!

Logg inn eller opprett brukerkonto.

Jbl.no
MENY
Til Bryne 1. mai

Utanriksminister Jonas Gahr Støre. (Foto: Arbeidarpartiet)

Til Bryne 1. mai

Jonas Gahr Støre skal halda appell på Røde Kors-huset.

Skrevet av:
Publisert:
Endret:
20.04.2012 kl 13:21

Utanriksminister Jonas Gahr Støre vitjar Bryne under 1. mai-arrangementet, stadfestar Eirik Aarek, fylkessekretær for Rogaland Arbeidarparti.

– Han kjem til frukostmøtet på Røde Kors-huset ca klokka 10.10 for å halda ein appell, og vil vera til stades ein times tid, opplyser Aarek.

Støre vitjar fyrst Sandnes, og reiser etter Bryne til Stavanger for å vera med på to arrangement, i domkyrkja og hjå lokalavdelinga av LO.

Det nasjonale slagordet for årets 1. mai er «Trygg styring». Ifølgje fylkessekretæren vil temaet i Støres appell på Bryne vera velferd og økonomisk styring, med den urolege situasjonen i Europa som bakteppe.

Nøkkelord


Kommentarer