Sjarmerte i senk

Sjarmerte i senk

KAIZERSFAMILIEN: F.v. Michelle Bjerklund Kristiansen og Edel Singh vart sjamerte i senk. Dei har lært seg alle songane, trass i at dei ikkje vart fan før i fjor.

Det vart ompadans og stor gjensynsglede for både Kaizers Orchestra og fansen på torget laurdag kveld.

Tekst:
Helene Reite

Oppdatert:
04.06.2012 kl 09:22

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Bildeserie

Relaterte saker

Se bildet større

HEIMEBANE:- Det er godt å vera tilbake på Jæren. Her skjønar de kva me seier, roper Janove Ottesen, som saman med resten av Kaizers orchestra spelar på Jærnåttå for femte gong.
(Alle foto: Helene Reite)

Se bildet større

OMPAFEST: Publikum er ikkje vanskelege å be denne laurdagskvelden. Eit stappfullt torg dansa og song med på samtlege songar.

Se bildet større

RAUSE: Kaizers orchestra ga publikum fleire ekstranummer, og lova å koma tilbake neste Jærnåttå.

Fremst står ein forventningsfulle Kaizerfamilie klare til å ønskja favorittbandet velkomen heim.

- Eg vart fan først i fjor, men har allereie lært meg alle songane. Eg har vore på ein del konsertar, men har aldri gleda meg så mykje som no, seier Edel Singh, som saman med Michelle Bjerklund har venta sidan klokka tolv for å sikra seg dei beste plassane.

Dei hyler av glede idet ei gassmaske dukkar opp på scena. Sekstetten er på heimebane og ønskjer nye og gamle festivaldeltakarar velkomne til Jæren. Det stappfulle torget jublar tilbake.

Sjå fleire bilder frå Jærnåttå her.

Kjært band

- Det er kjekt å vera heime igjen, ikkje sant Geir? Her skjønar alle kva me seier, seier Janove Ottesen frå scena.

Vokalisten kastar jakka og festen er i gong. Publikumsresponsen er like høglydt som alltid. Enno høgare vert den idet vokalisten slenger eit kyss under "Hjerteknusar". Det er ingen tvil om at gjensynsgleda er stor mellom fansen og bandet på heimebane.

Feststemt torg

"Ein for orgelet og ein for meg" og "Diamant til kull" får publikum til å gynga. Den eldste popsongen, "Prosessen", vert etterfølgt av "Ompa til du dør". Publikum dansar i takt med melodien.

- Kom igjen Bryne, ropar vokalisten.

Eit feststemt Brynetorg er ikkje vanskelege å be. Midt i "Svarte katter og flosshatter" kjem ein kunstpause, og mot slutten får solajentene ønskjelista servert som perler på ei snor. Publikum klarar til og med å kara til seg fleire ekstranummer, før dei avsluttar med "Maestro".

Sjarmert i senk

- Det heilt sjukt. Dei sjarmerte oss i senk denne gongen også. Kva var best? Heile showet. Janove smilte og vinka til meg, så eg fekk litt merksemd. Eg prøvde å vinke til Geir og, men det er kanskje vanskeleg å vinka tilbake med gitar, seier Edel andpustent og engasjert.

Då er det berre å drøyma vidare til neste Jærnåttå, for Kaizerfamilien har lova at dei skal møtast igjen neste år.

Les meir om Jærnåttå i Jærbladet måndag.



Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.