
Imponert over Noreg

PAUSE: Ingunn og Tore Auestad hadde ein pause ved Hå rådhus på Varhaug. Her blei dei møtt av slekt og vener som ønska dei god tur til Lindesnes
22. juni la Ingunn og Tore Auestad (begge 57) ut på den lange sykkelturen frå Nordkapp til Lindesnes.
Paret frå Varhaug har den siste månaden sett Noreg frå eit anna perspektiv enn dei gjer til vanleg.
- Me har eit fantastisk land. Eg var skikkelig imponert over kor frodig og flott det var, spesielt nordover, seier Ingunn.
Ikkje fleirtal
Då dei laurdag 22. juni byrja turen frå nord til sør, regna det. Dette stoppa ikkje dei to 57-åringane.
- Veret har variert, men me har hatt mykje fint ver òg, fortel Ingunn.
- Tre netter har me sove i telt. Ellers har me sove mykje i hytter og vandrarheimar, med variert standard, seier Tore, som fortel at det var lettare å få tak i hytter lenger nord i landet enn i sør.
- Dess lengre sør me kom, dess meir kamp om plass på hyttene blei det.
Tore seier at det er fleire nordmenn som tar turen, men at dei ikkje er i fleirtal lengre.
Dei har slått av ein drøs med både franskmenn, tyskarar og hollendarar.
- Og to gonger har me møtt ei mor og ein son frå Vigrestad som og sykla frå Nordkapp til Lindesnes, fortel Ingunn (sjå undersak).
Ikkje slutt
- Freistar turen til gjentaking?
- Eg kunne, men ikkje ho, svarer Tore.
- No har me sykla denne ruta, eg treng ikkje sykle same turen ein gong til, seier Ingunn då Jærbladet møter ekteparet i pausen dei har ved Hå rådhus på Varhaug. Ho legg til at det ikkje på nokon måte er slutt på syklinga.
- Det er fortsatt gildt å sykle, seier ho.
Laurdag kom dei i mål til Lindesnes.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
11°
11°












