
Har draume-CV, men får ikkje jobb
Dagmara Busse-Solinger fryktar at det er språket og nasjonaliteten som står i vegen.
Ho har sminka fleire kjende ansikt og har ein CV mange kan drøyme om. Dagmara Busse-Solinger er eit kjent namn i Polen, med fleire års erfaring som frisør, stylist, tatovør og makeupartist rundt omkring i Europa. Det er berre eit problem. Ho snakkar ikkje flytande norsk.
Sa opp drøymejobb
Kjærasten Inger-Anne Stavran Johansen er aspirant ved Fengselsskulen, og vart sendt til Jæren for å ha praksisåret ved Åna fengsel. Busse-Solinger sa opp to jobbar i Porsgrunn og flytta med henne i byrjinga av juni. No bur dei i ein kjellarleilegheit på Bryne.
- Eg var frisør og tatovør på ein frisørsalong, samt tilsett i eit prosjekt på Grenland Friteater. Det å bu saman med kjærasten min var viktigare, og eg hadde aldri trudd det skulle bli eit problem å finna seg frisørjobb, seier Busse-Solinger, som no angrar på at ho sa i frå seg draumejobbane i Porsgrunn.
Desperat leiting
Den siste månaden har ho vore innom dei fleste frisørsalongane i Stavanger, Sandnes og Bryne for å snakka med dei og levera CV.
- Eg har vore på desperat leiting i ein månad. Det har ikkje mangla på ledige stillingar, og fleire har sagt dei trengte hjelp. Eg har søkt på 15 jobbar og vore på fleire intervju. Mange verkar positive først og har gitt meg høge forhåpningar, men når det kjem til stykket får eg nei, seier 36-åringen, som har erfaring frå fleire salongar, teater, førestillingar og fotosesjonar i ulike magasin.
- Eg er ikkje vant til å gå på jobbintervju. I Polen har jobbane berre kome til meg, fordi eg har opparbeida meg eit namn, legg ho til.
Ikkje godt nok
Busse-Solinger har budd i Noreg sidan oktober i fjor. Ho fekk jobb med det same ho kom til Grenland. På jobb snakkar ho engelsk, men kan likevel litt norsk etter å ha gjennomført delar av eit norskkurs i Grenland.
- Dette er hovudgrunnen til at eg får nei, forklarer ho og viser den siste avvisinga som ho fekk per e-post for nokre dagar sidan.
«Me vurderte å gjera eit unntak, men haldninga i vår salong er framleis at dei tilsette må snakka godt norsk. Vi står diverre ved dette» står det i e-posten.
- Her i Noreg lærer folk engelsk allereie på barneskulen, så ein skulle tru det var mogleg å bli forstått. Spesielt i Stavanger som er ein så internasjonal by. I Italia snakkar folk mykje dårlegare engelsk, men eg har aldri hatt noko problem med å få meg jobb før eg kom hit, sukkar ho.
Skeptiske
Busse-Solinger fryktar at det er meir enn berre språket som hindrar henne.
- Folk verkar skeptiske til at eg er polsk. Eg har sett det på kroppsspråket til nokon av dei eg har snakka med. Når eg seier at eg er frå Polen, er det som om dei prøver å skjula reaksjonen. Eg skulle ønskje at eg fekk visa kva eg kan, seier ho.
No kjenner ho seg audmjuka og motlaus.
- Stoltheita mi er trakka på. Det er veldig vanskeleg, seier Busse-Solinger.
- Eg skulle ønskja det var noko eg kunne gjera, men eg kjenner meg ganske hjelpelaus, legg sambuaren hennar til.
Prøvd alt
No er CV og søknad inne hos Adecco og Manpower, der ho har meldt si interesse innan alt som måtte finnast av ledige stillingar.
- Om eg så må vaska eller jobba på McDonalds, er det greitt for meg. Eg er open for alt, for no er eg ganske desperat, seier makeupartisten.
Men ho har ikkje fått napp der heller, og no merkar paret at det byrjar å minka i lommeboka.
- Siste lønning kom for ein månad sidan. No lever me på mi studentlønning, som ikkje er særleg høg. Å bu på Bryne er mykje dyrare enn i Grenland, og ikkje får ho pengar frå NAV heller. Ho har nemlig ikkje hatt jobb lenge nok i Noreg, forklarer Stavran Johansen, som også har betalt dyrt for å få flyttelasset til Bryne.
- Det var synd me reiste frå alt i Porsgrunn. Eg har vurdert å gå tilbake til jobben min der, men eg tvilar på at det er mogleg. Ein prestisjetung salong i London vil gjerne ha meg, og har sagt eg kan komma i morgon, seier Busse-Solinger, som nødig vil flytta i frå kjærasten i Noreg.
Litt håp
No har paret sett ein frist til oktober. Om Busse-Solinger ikkje har fått jobb innan då, flyttar ho.
- Eg har også ein søknad eg ikkje har fått svar på enno, og eg har ikkje gitt opp håpet. Eg vil ikkje gå den lettaste vegen, nemlig å gi opp, avsluttar Busse-Solinger.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
- – Skjenkekontrollen var overivrig
- Ennå ingen voldtektsmistenkte
- – God til å skyte på helikopter, dårlig til å ta på seg hjelm
- Vurderer å bosette 
flere flyktninger i Gjesdal
- Her passerer teten Ålgård
- – Dette var pinlig
- Garborgriket Rundt i bilder
- Basehopp-ulykke i Frafjord
- Trailertyveri på Figgjo
- Nektes skjenking i år som i fjor?
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
9°
8°
8°











