
Vekst i vanskeleg bransje

KUNDEKONTAKT: Korleis ein møter kundane er nøkkelen bak suksess til Elite Foto Bryne, ifølgje butikksjef ?Hildegunn Kolstad, som her ekspederer kunde Erik Strange Sørensen. FOTO: Helene Reite
Sørvis og personleg kontakt er nøkkelen i følgje Elite Foto Bryne som har auka omsetninga med 26 prosent det siste året.
Medan andre i same bransje slit, har Elite Foto på M44 auka omsetninga. Fleire fotobutikkar på Jæren lever godt. Likevel vert butikksjef Hildegunn Kolstad bekymra når andre fotobutikkar legg ned.
Godt etablert
Fotobutikken har eksistert lenge før M44 vart bygd, og har vore Hildegunn Kolstad sin arbeidsplass dei siste sju åra. I september i fjor kjøpte ho butikken.
- Eg har 14 års erfaring frå fotobutikk, og kjende tida var komen for å verta butikksjef. Eg fekk eit tilbod frå sjefen i vår tidlegare eigarselskap, Aleksander AS, og takka ja. Slike jobbar veks ikkje på tre, og eg ville sikra meg 100 prosent stilling i det eg likar mest å driva med, seier butikksjefen.
Søvnlause netter
Det var ikkje berre rosenraudt å ta over i ein nedgåande bransje.
- Eg jobba frå morgon til kveld. Sjølv med mange års erfaring var det mykje nytt, og som i alle andre fotobutikkar var økonomien usikker. Det vart mange søvnlause netter, fortel Kolstad.
Det var ikkje betre då ho såg Ålgård Foto legga ned, etterfølgt av Klepp Foto for kort tid sidan.
- I dag var mine to første kundar frå Klepp, og dei spurde kva eg tenkjer når andre butikkar legg ned. Det er klart det uroar meg, og eg synes det er trist. Eg skulle ønskje at trenden snudde, og at det framleis var behov for fleire fotobutikkar. Me har godt av konkurransen, seier butikksjefen.
Sørvis er nøkkelen
Sørvis og personleg kontakt er dei viktigaste ingrediensane bak suksessen ifølgje Kolstad.
- Konkurransen med dei store kjedene og nettet er stor, men me kan tilby meir oppfølging, fagkunnskap, gode resultat på produksjonen og kurs for dei som kjøper spegelreflekskamera. Me står på pinne for å skaffa det me ikkje har inne, og er veldig opptekne av å gjera det lille ekstra. Som til dømes å servera ein kopp kaffi medan dei bestiller bilete, forklarer Kolstad.
Butikken har fleire stamkundar, og mange av dei er eldre.
- Fleire søkjer hit grunna usikkerheit rundt den nye teknologien, og finn det tryggast med personleg kontakt. At min kollega Sverre Lima har jobba i bransjen i 30 år, er også mykje av grunnen til dei lojale stamkundane, forklarar Kolstad, som seier ho kan telja på ei hand kor mange sure kommentarar ho har fått den tida ho har jobba her.
100.000 julekort
Det er framkalling som er utfordringa, men også håpet, til dei gjenlevande fotobutikkane meiner Kolstad.
- Me merkar godt at det vert mindre framkalling, og at folk heller lagrar bileta på datamaskina. Difor prøver me å få folk til å forstå kor viktig det er å ha bileta på papir når datamaskina plutselig krasjar, seier Kolstad som ønskjer å få auger opp for det gode gamle albumet.
Lerret, fotokort, fotobøker, passfoto, reproduksjon av gamle foto og analoge filmar, er områder der Elite foto Bryne har gjort det bra.
- Me selte opp mot 100.000 julekort i 2011, og ser at juletider er viktig for omsetninga. Me er sjølvsagt spente på korleis det vil gå vidare frå no, seier Kolstad.
Riktige varer
Vareutvalet er også viktig.
- Kamera tener me ikkje på lenger. Me er heile tida pressa på pris, og merkar konkurransen frå nettet. Likevel har me utval i fleire prisklassar, og nokre gongar er det kjekt å kunne sjå og prøve produktet, seier butikksjefen.
Utstyr til klipp og lim, så kalla «scrapbooking», har difor vorte ei viktig vare for dei.
- Her har me gjort det veldig bra. Kundane må alltid ha det siste nye. Nokon meiner dette ikkje høyrer heime i ein fotobutikk, men det sel bra. No når eg eig butikken, kan eg heldigvis velja sjølv kva eg vil selja, smiler fotoentusiasten.
Litt draghjelp
M44 ligg på topp i Rogaland med 19,2 prosent auke i bruttoomsetning frå i fjor til i år.
- Når kundemassen aukar på M44, går det sjølvsagt utover oss også. I tillegg er me også ein del av landets største kjede, så me har gode folk i ryggen, seier butikksjefen.
Kolstad trur også draghjelpa frå dei fire andre tilsette har hatt mykje å seia.
- Me er ein god miks som er gode på kvar våre felt. Som ein liten familie dreg me lasset saman, som også får god dugnadshjelp frå sambuaren Sondre Andersen.
- At ein gjer seg synleg på sosiale media er også alfa og omega i dagens samfunn, legg Kolstad til.
Ho tvilar på at fotobutikkane vil bli totalt utrydda.
- Det er ikkje til å legga skjul på at det vert færre og færre, men det vil alltid vera behov for at nokon tek vare på livets viktigaste augeblikk i bilete.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
- – God til å skyte på helikopter, dårlig til å ta på seg hjelm
- Vurderer å bosette 
flere flyktninger i Gjesdal
- Her passerer teten Ålgård
- – Dette var pinlig
- Garborgriket Rundt i bilder
- Basehopp-ulykke i Frafjord
- Trailertyveri på Figgjo
- Nektes skjenking i år som i fjor?
- Kjølte seg ned i Øygardsvatnet
- Høyt adrenalinnivå på paintballturnering
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
12°










