
Kald kjærleik:
Livet er ein boks med is

ISGLEDE: Ekteparet Grete og Ole Morten Høiland har is som lidenskap og arbeid. Sjokoladeisen er begge to sin favoritt, og ikkje sjeldan vert den kveldsmat eller restitueringsmat etter trening. FOTO: Helene Reite
Kjærleiken til is er framleis varm hjå familien Høiland på Iskremgarden. Frå kua på måndag til isen på torsdag, går vegen for dei søte freistingane som stadig får fleire bein og gå på.
Ei ny istid kom til Waldeland då ekteparet Grete og Ole Morten Høiland starta Iskremgarden i 2006, og trødde nye spor på isfronten.
Etter ein «flying start» med mykje publisitet, lovord og høge salstal, har den søte produksjonen no stabilisert seg. Det har ikkje alltid har vore rosenraudt, men iskrembøndene har langt frå fått kalde føter når det gjeld is.
Hint av ost
Familien Høiland har akkurat parkert campingvogna for denne sommaren. Etter ei veke med ferie i Farsund, er kvardagen tilbake for fullt. Alt frå fjøsstell, papirarbeid og ein heilt ny is står på lista over gjeremål. Ole Morten Høiland er travelt oppteken i fabrikklokala der den nye isen sakte men sikkert vert til. Det er ein omstendeleg prosess.
- Ein skal finna den rette balansen mellom søtt og surt, og ostesmaken må ikkje bli for sterk. Me vil jo ikkje at folk skal rynka på nasen, seier iskrembonden som håpar isen vert å finna i butikkane.
Kald sommar
Det er for tidleg å seia korleis is-salet har gått denne sommaren, men ein kald sommar er ikkje nødvendigvis negativt for salet. Det er alltid lite is i juli uansett.
- Når fellesferien byrjar, stupar salet. Folk reiser på ferie og kjøper heller is på pinne. I tillegg vert inntaket i butikkane dårlegare. Er det 30 grader ute, sit folk berre heime og drikk vatn. Dei beste månadene for oss er mai, juni, august, september og noko i oktober, fortel ekteparet.
Iskaldt eventyr
Eventyret byrja i november 2006. Grete og Ole Morten ville gjera noko meir utav gardslivet.
- Det måtte bli noko med mat, men ost vart for typisk. Me las om nokon som lagde is, og synes det såg spennande ut. Det er kjekt å produsera noko som gjer folk glade. I tillegg verka det som ei spennande og interessant utfordring, fortel Ole Morten.
- Og så er me jo veldig glade i is sjølv. Spesielt vår eigen sjokoladeis, som er like god til kvelds som etter trening. Me er begge glade i å smaka nye iskremar. Spesielt no som det er jobben vår, legg Grete til.
Utfyller kvarandre
- Det er ikkje iskremproduksjonen som tek tid, men alt papirarbeidet. Det var litt skuffande å finna ut, sidan det eigentleg er isen som er mest interessant. Eg tenkte ikkje det kom til å bli så mykje administrativt før eg byrja. Det er berre pessimistar som tenkjer på slikt, ler Ole Morten og ser bort på kona.
- Slike som meg. Eg er nok den som bekymrar meg, medan Ole Morten tek fatt på ting utan å tenkja på alt som kan gå gale, seier Grete med eit smil.
Ingen dans på roser
Med ein optimist og ein pessimist i hus, utfyller dei kvarandre bra. Likevel innrømmer optimisten at det ikkje har vore ein dans på roser.
- Populariteten i byrjinga dabba av etterkvart. I 2008 bygde me ein ny stor fjøs med robot, og det er ingen billeg is å produsera. Det vart mange utgifter og ikkje så stor inntekt som me først hadde trudd, forklarer Ole Morten.
Dei tre siste åra har Iskremgarden fått vekstfinansiering av Innovasjon Noreg.
- Utan det hadde me ikkje klart oss. Me er ein liten produksjon og har ikkje opparbeida oss store økonomiske musklar. I tillegg er me heile tida i ein prismessig konkurranse med dei store. No merkar me likevel ei sunn og sakte stiging i salet. Me vert ikkje rike, men me klarar oss godt, seier iskrembøndene som er fast bestemte på å fortsetja med iskrem så lenge dei går med overskot.
Stort potensiale
Det nye er Creme brulee-isen som kom i butikkane i juni. Den stiller seg i rekka blant åtte forskjellige smakar, der vaniljeisen ligg på topp som folket sin favoritt. Sakte men sikkert får Iskremgarden nye kundar.
- Me har akkurat blitt teke inn i HORCEA-marknaden, som leverer til hotell, restaurant- og cateringselskap. Det er ein unik moglegheit for oss, trur Ole Morten.
Isen vert i tillegg selt på fleire daglegvarebutikkar, men den største kunden er Jakobs utvalte som utgjer opp mot halve produksjonen.
- Dette merket fins i Meny-butikkar rundt omkring i Noreg. Me hadde ikkje klart oss om me berre selde i Rogaland, seier Ole Morten.
Vag draum
Innerst inne har iskrembøndene ein draum om å ha eige utsal og selja fleire nye smakar.
- Sidan me er så små og ikkje har opparbeida oss nok kapital, er det grenser for kor mykje sprell me kan gjera. Å få ein ny smak ut i butikken er ein stor jobb, og me må hiva for fleire tusen kroner om det ikkje går, forklarer han.
Håbuane satsar difor meir og meir på halvliterboksar.
- Då kan me selja fleire smakar. Kundane føler kanskje det vert mindre risiko å prøva seg på mindre boksar, seier Ole Morten.
70 timar i veka
Det er framleis litt feriemodus på Waldeland. Til vanleg byrjar dagen med fjøsstell klokka seks.
- Så er det felles frukost klokka 8, før eg byrjar på isen klokka ni. På ettermiddagen er det nytt fjøsstell, og rundt klokka fem er arbeidsdagen som regel over, seier Ole Morten.
Familien har totalt 150 storfe og 50 mjølkekyr. Etter Emrik vart fødd, hadde dei ein hjelparar i fjøset. Dei merka at det vart travlare etter at han slutta.
- Likevel er det lettare på andre område. Produksjonen går meir på skinner no, og borna våre har vorte større. Sjølv om det fort vert 70 arbeidstimar i veka, trivst me med kvardagen vår, seier iskrembøndene som ser mest positive sider ved å ha arbeidsplassen heime.
- Det er godt å kunne vera meir heime med Emrik (2), og alltid kunne ta i mot Mathilde (6) og Ole Kasper (7) når dei kjem heim frå skulen klokka to, seier Grete.
- Samtidig er du alltid på jobb, det kan fort gå ei veke før eg er utanfor Vigrestad. Likevel er eg veldig glad i jobben min, avsluttar Ole Morten.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Dalane Tidende
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
11°











