
Blogg:
Koss er det å ha Putin
som president?
«Kvifor skriv de så mykje negativt om Putin? Kva veit de eigentleg?»
Helena såg oppgitt på meg. Eg hadde ikkje noko godt svar, og gav i staden berre standardsvaret: «korrupsjon», «mystisk val», «maktmisbruk»...
Eg hadde nett kome til Irkutsk
frå Moskva, og åt no frukost medan eg høyrde på Helena, ei lokal kvinne, diskutera russisk politikk. Tidlegare hadde eg ofte lurt på koss Sibir eigentleg var. Det var nettopp at eg visste så lite om regionen, som drog meg. Var Sibir det kalde, aude området Chekhov beskreiv? Eller kanskje det var storleiken som fascinerte meg. Med meir enn 13 millionar kvadratkilometer kunne Sibir vore det største landet i verda; større enn India og USA kombinert.
Men eg var ikkje interessert i fakta.
Eg hadde nettopp fullført vidaregåande for å sleppa statistikk og datoar. Det var folka bak tala som interesserte meg. Eg kom til Irkutsk med ei nysgjerrig, naiv forventning blanda med fordommar, i håp om å snakka med ein lokal. Heldigvis trefte eg Helena, som var meir enn villig til å diskutera. Det var ingenting eg ikkje kunne spørja om, og eg gjekk rett på sak. «Koss er det å ha Putin som president?»
I månadane før turen hadde folk protestert kraftig i Moskva, og eg ville sjå om han var like upopulær i Irkutsk. «Han er veldig god, mykje betre enn Yeltsin eller Gorbatsjov. Etter økonomien kollapsa, fiksa Putin mange ting, men no byrjar han og å verta svak. Han er altfor USA-venleg...», fortalde ho.
Hadde ho noko imot
at han vart gjenvald? «Nei, ikkje i det heile. Eg bryr meg ikkje om slikt. Berre eg har nok mat på bordet, går det fint.» Og ho var ikkje den einaste. Fleire i Irkutsk ytra liknande meiningar, fordi «alle før Putin hadde vore verre».
Helena diskuterte med ein kynisk pragmatisme som fekk meg til å tenkja på Dostojevskij, ein form for russisk rasjonalisering. «Nittiåra var vanskelege. Eit brød pla kosta 15 kopek (100 kopek = 1 rubel). Etter kommunismen, med demokrati og alt det der, kosta same brødet 3000 rublar. Me hadde så vidt råd til mat. Og folk seier at perestrojka var fantastisk! Putin redda økonomien – me får oljepengar no», sa Helena og nikka stilt.
Var det slik under Stalin òg?
Eg var på farleg territorium no, eg visste det. Men eg kunne ikkje la vera. «Stalin var forferdeleg», sa ho roleg. «Han drap to heile generasjonar. Men kvifor?»
Eg hadde ingen svar. I historie lærte eg mykje gjennom perspektiv og analyse. Men eg fekk ikkje noko tilhøve til folka som var involverte; alle som døydde og leid. Alt eg las var statistikk. Og no som eg snakka med Helena, som mista familiemedlemmar i Gulagleirane, vart eg mållaus. «Men han vann andre verdskrigen», fekk eg fram til slutt. «Eg trur me hadde tapt utan Stalin.»
Andre verdskrigen fargar ennå det russiske samvitet. Det er sårt. «Det er sant, men til ein pris... Tjue millionar soldatar, og tjue millionar sivile døydde... Onkelen min...». Ho sa ikkje meir. «Men», smilte ho, «Stalin slo Hitler, og det er det som er det viktigaste.»
Smilet vart til ei sur mine. «No er det litt betre, men Putin byrjar som sagt å verta svak. Og om han drar, kven skal verna om Sibir? USA? Europa? Kina? Dei har alle lyst på vårt gull. Alle har lyst på råvarene våre. Kapitalistar, ser du… berre vent …»
I dagane etter Sibir tenkte
eg mykje på Helena og det ho hadde fortalt. Russland var heilt annleis enn det eg hadde sett føre meg. Ein kan kritisera Putin for korleis han vann valet. Men at han er heilt upopulær i Russland, er ikkje sant – dei aller fleste eg møtte i Sibir, hadde ingenting imot at han var president.
Det fekk meg til å lura på kor lite media fokuserer på folk utanfor hovudstadane. Det synest eg er trist. For sjølv om Putin på ingen måte er perfekt – han har gjort mykje gale – kjem ein aldri til å forstå russisk politikk om ein ikkje forstår russarane betre. Alle russarar, ikkje berre dei i Moskva. Det er nesten propaganda å skriva om ein situasjon utan å ha forståing for folka som lever midt i det. Det er menneska som tel.
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
10°
13°











