
Fiktiv:
Galne etter Garborg

LUR: John Fossmark ligg i skjul og ventar på nokon. Kven ventar han på? Det kan du lese i Garborgs galningar.(Foto: Garborgsenteret)
Tysdag vert Garborgs galningar lansert på Garborgsenteret. Ein krimroman-parodi fordelt på 30 episodar.
Romanen si handling går føre seg på Bryne, sjølv om det kanskje ikkje heilt er byen me er vande med i dag. Hos Garborgs galningar er Bryne ein by der alle er gale etter Garborg, og der ei vanleg konfirmasjonsgave er Garborgs samla verk.
Gonzo
Romanen er bygd opp kring hovudsakleg karakterane Gonzo Johnsen og John Fossmark. Det er òg Gonzo som har skrive dei 30 episodane.
- Gonzo er ein som liknar veldig på meg, forskjellen er at han har langt hår, seier Ørjan Johansen, og smiler lurt. Johansen arbeidar som formidlar på Garborgsenteret, og står bak Garborgs galningar.
- Eg var heime hos Fossmark ei gong, og såg eit bilete av Arne Garborg. Garborg har på biletet tre kulehol i panna, seier Johansen. - Då eg byrja å jobbe på Garborgsenteret måtte eg skrive saker for å halde liv i heimesida, og då eg såg biletet fekk eg lyst til å skrive noko om det. Etterkvart har fantasien løpt løpsk, og det har resultert i Garborgs galningar, fortel ein engasjert Johansen.
Plottet
Krimromanen handlar om tida før den offisielle opninga til Garborgsenteret, 5. september i år.
- Lesarane skal få kjensla av at det dei les, er skrive same dagen, seier Johansen.
I det fiktive Bryne finst det ein spådom som seier at den dagen Garborg veks inn i himmelen, skal det kome ein ny Garborg. Sidan Høghuset på Bryne er knytta til Garborgsenteret, og ragar høgt til himmels, finn Gonzo og Fossmark ut at tida er inne for den nye Garborgen. Dei må finne den nye Garborgen og drepe han. For å finne ut kven denne diktaren er, nyttar Gonzo og Fossmark to kjelder; gamle spådomar som Garborg gøymde i diktsamlinga «I Helheim», og biletet av Garborg som Fossmark har på veggen. Den nye Garborg må oppfylle tre kriterier; det må vera ein mann, han må vere frå Time, og han må vere forfattar. Gonzo og Fossmark står igjen med tre potensielle Garborgar: Einar O. Risa, Nils Henrik Smith og Jahn Zahl.
Trette Menn
Fleire kjende lokale folk har stilt opp, og spelar seg sjølv i krimromanen.
- John Fossmark har stilt mykje opp, og spelar seg sjølv. Utanom det er både ordføraren og kunstnaren Storm Juliussen med, fortel Johansen.
- Det er utruleg kjekt at det er så mange som vil stille opp. Mange av dei veit eigentleg ikkje heilt kva dei er med på, sidan dei berre har lest og vore med på deira rolle, og ikkje heile romanen, seier Johansen.
Kvar episode har i tillegg til tekst, òg fleire bilete, og ikkje minst ein kjenningsmelodi.
- I det fiktive Bryne er det eit band som heiter Trette Menn. Eg kjenner nokre musikarar, og spurde dei om dei kunne lage noko til prosjektet. I dag finst det eit band som verkeleg heiter Trette Menn, seier ein nøgd Johansen.
På tysdag vert Garborgs galningar lansert på Garborgsenteret med musikk frå Trette Menn, Gonzo Johansen i eigen person, og høyre kva Garborgs galningar er. Første episode i serien kjem ut onsdag 8. august.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
- Denne gjengen får ikke holde fest
- Dette sier Gjesdal-politikerne ja til
- Må flytte kamper etter hærverk
- – Skjenkekontrollen var overivrig
- Går gjennom timevis med filmopptak
- – God til å skyte på helikopter, dårlig til å ta på seg hjelm
- Vurderer å bosette 
flere flyktninger i Gjesdal
- Her passerer teten Ålgård
- – Dette var pinlig
- Garborgriket Rundt i bilder
Dalane Tidende
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
13°










