Startvanskar for stormeieriet

Startvanskar for stormeieriet

TEK TID: Innkøyringsproblem var ikkje uventa, men no går det rette vegen, seier regiondirektør Anne Siri Høiland. (Pressefoto)

Det har teke lenger tid å køyra inn Tine Meieriet Jæren enn berekna. For Voll og Nærbø meieri betyr det forlenga drift.

Tekst:
Anne Berit Hatlem

Oppdatert:
09.08.2012 kl 10:58

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Faktaboks

Tine meieriet Jæren

  • Storleiken på anlegget er 22.500 kvadratmeter grunnflate og 37.000 kvadratmeter totalareal.
  • Prisen på anlegget er estimert til 1618 millionar kroner.
  • Meieriet på Jæren skal foredla heile 200 millionar liter mjølk.
  • Tine SA omsette i 2010 for dryge 16, 2 milliardar kroner og hadde eit resultat før skatt på om lag 1 milliard kroner.

- Den opprinnelege planen var oppstart i januar og full produksjon til sommaren. Då me kom fram til sommaren, såg me at det klarte me ikkje, seier regiondirektør Anne Siri Høiland i Tine Meieriet Sør.

Voll meieri skulle produsert ut mai, men i forhold til gjeldande plan er produksjonen forlenga til midten av august. Nærbø Meieri skulle avslutta produksjonen til sommeren, dei har fått forlenga produksjonen ut 2012 om det trengst.

Utfordrande

Å køyra i gang produksjonen på Norges største meieri byr på mange utfordringar. Eit stort antall prosess- og pakkeliner og produkt skal køyrast i gang, delvis parallelt. Nokre av leverandørane har hatt uventa store utfordringar med å få levert på tida. Summen av større og mindre tilpassingar og korreksjonar på utstyr og automasjonsprogram har gjort prøveproduksjonen krevjande, fortel Tine i eit informasjonsskriv til eigarane sine.

- Det er eit stort og komplekst nytt anlegg med mange nye liner. Utfordringar har vore tilpassing av produksjonen og få den rette kvaliteten på produkta, men eg ser optimistisk på framdriftsplanen, seier regiondirektøren Anne Siri Høiland. Mykje har og gått svært bra med det nye anlegget. Feittprodukt som smør og margarin er i full produksjon, med gode kvalitetsprodukt på begge.

Det er særleg prøveproduksjon av ost som har bydd på problem.

Ost tek tid

- Det har tatt lenger tid å få i gang produksjonen av ost enn rekna med, den skal modnast, noko av den treng veker, andre månader. Spesielt Mozzarella har vist seg utfordrande, men me har òg hatt nokre utfordringar med Norvegia og Jarlsberg. Før me trappar opp osteproduksjonen, må me vera sikre på at kvaliteten er god nok. Me treng meir tid, men reknar med at ved utgangen av året har det gått seg til, seier regiondirektøren.

Forseinka utstyr til produksjon av mysepulver gjorde sitt til at dei ikkje kom i gang som planlagt, men også denne produksjonen vert trappa opp no i august.

For å få ein sikker produksjon av Norvegia og Jarlsberg gjennom sommaren vart det bestemt å forlenga produksjonen på Voll til midt i august. Tine såg og eit behov for å ha eit av dei gamle anlegga i beredskap/produksjon ut 2012 for å ha sikker produksjon. Nærbø Meieri vart valt, og det er lagt opp til ein liten produksjon ut dette året.

Meir mjølk

Også Voll Meieri har hatt større produksjon enn planlagt i sommar.

- Det kjem inn meir mjølk enn planlagt, men det er i tråd med det styresmaktene har stimulert til. Voll hadde kapasitet til å ta imot, seier regiondirektøren.

- Får innkøyringsvanskane konsekvensar for Tine?
- Me skulle gjerne fått alt samla i Kviamarka, men meieria ligg nær kvarandre og det gir ein stor fleksibilitet å kunne bruka dei gamle meieria slik me no kan i innkøyringsfasen for det nye, seier Anne Siri Høiland.

Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.