
Språk:
Har dokker oppdatert dokker?
I førre veke vart nynorsken ny.

IKKJE SAMNORSK: Språkforskar Inge Særheim seier at nynorsk no skal normerast på eige grunnlag, ikkje for å koma nærare bokmål. (Arkivfoto)
Færre val og større avstand til bokmål er stikkord.
- Om du skal få ungdom til å skriva nynorsk, må du gje dei val. Dei må få skriva det som ligg deira dialekt nærast. Det saknar eg i denne reforma, seier Turid Time, leiar i Time Mållag.
Ho er lærar ved Klepp ungdomsskule, og meiner at det å kunna skilta med mange val har vore ein av fordelane til nynorsk.
- Eg har alltid skrive «kjøra» og «bare» i staden for «køyra» og «berre». Det må eg slutta med no, og det synest eg vert vanskeleg. Akkurat det er eit steg tilbake for eg seier ikkje køyra og berre, forklarer ho.
Opprydding
Samstundes er Turid Time rask med å leggja til at ho synest rettskrivingsnorma er meir ei opprydding enn ei reform.
- Det er vel eitt steg tilbake og to steg fram. Eg synest det er bra at dei mest konservative orda og formene er fjerna, seier mållagsdama.
Ho fortel vidare om då ho var på landsmøtet til Noregs Mållag i Oslo i april. Då vart det ein veldig frisk debatt.
- Dette er eit vepsebol. Sjølv om eg synest at den nye rettskrivinga framleis er litt for konservativ, så er det òg mange som ønskjer at språket vert meir konservativt, seier Time. - Fraksjonen frå Hordaland hadde til dømes laga si eiga ordliste. Eg må få skryta av at rettskrivingsnemnda ikkje har late seg styra av éin fraksjon, seier ho.
Nyvaska språk
Det var i januar 2010 Språkrådet oppretta ei nemnd som skulle arbeida fram ei innstilling til ny rettskrivingsnorm for nynorsk. Norma vart gjeldane 1. august og er eit tiltak frå Kulturdepartementet.
- Dette har skjedd med bakgrunn i norsk språkpolitikk som går ut på å gjera rettskriving enklare. Det har vore stor valfridom som har gjort skrivinga komplisert, seier språkforskar Inge Særheim, og held fram:
- Tidlegare har det vore mogleg å skriva både mogleg, moglig, mogeleg, mogelig, muleg og mulig. No forsvinn fire av dei seks vala. Adjektivendinga -lig går generelt ut, og det vert heller ikkje rom for å skriva muleg, forklarer Særheim.
Klammeform ut
Språket skal no verta enklare å lesa og enklare å bruka.
- Systemet med klammeform og sideform fell bort. Det skal ikkje lenger vera eit hierarki i språket. Alt er no hovudformer og kan nyttast i offentleg språk, forklarer Særheim.
Den same endringa skjedde med bokmål i 2005. Den nye reforma går vekk i frå samnorskpolitikken som var typisk for 1900-talet. Ifølge Særheim skal nynorsk no normerast på eige grunnlag, ikkje for å koma nærare bokmål.
- Store mengder med avistekstar og nynorske verk er digitaliserte og gått gjennom for å finna ut kva slags former som er mest brukte, opplysar språkforskaren.
Blandar med bokmål
Som lærar opplever Turid Time at elevane blandar nynorsk med bokmål.
- Dei blandar ikkje nynorsk med dialekt i like stor grad, seier Time og legg til at ho trur at haldningane elevane har til nynorsk ofte er farga av læraren.
- Eg skriv alltid nynorsk på tavla same kva fag det er. Ingen klagar på det, seier ho.
Hovudpoenget til Time er at ho ønskjer ei målform som liknar på dialekten.
- Det har alltid vore vanskeleg å få ungdom til å forstå skilnaden på pronomena «de» og «dykk». Der me før måtte skriva «Slo de dykk?», er det no lov til å skriva «Slo dokker dokker?». Det trur eg mange vil ha glede av, seier læraren.
I samråd med Språkrådet har Utdanningsdirektoratet fastsett ei overgangsordning for eksamenane i grunnopplæringa i 2013 og 2014. Til desse eksamenane skal bruk av former frå den gamle rettskrivinga ikkje reknast som feil.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
21°
20°
20°











