Leiar:

Osteproblem

Har ting gått for fort? Og har det vore viktigare å kome i gang med drifta av stormeieriet framfor å sikre kvaliteten på produkta?

Tekst:
Jærbladet

Oppdatert:
10.08.2012 kl 08:47

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Tine Meieriet Jæren i Kviamarka skulle hatt full produksjon frå sommaren. Men slik vart det ikkje. Innkøyringa av Norges største meieri har teke lenger tid enn planlagt.

Produksjonar som smør og margarin går godt, og produkta har god kvalitet. Då er det verre med prøveproduksjonen av ost. Her har det oppstått problem som gjer at det har vore vanskeleg å setje i gang full produksjon. Meieriet i Kviamarka skal produsere både Norvegia, Jarlsberg og Mozzarella.

Det nye meieriet har eit stort og komplisert anlegg. Så lenge dei ikkje er sikre på kvaliteten, kan ikkje meieriet trappe opp osteproduksjonen. Leiinga ved meieriet reknar med at produksjonen ikkje vil gå for fullt før ved utgangen av året.

Det betyr at denne delen av produksjonen ved meieriet vert utsett eit halvt år. Meierianlegga på Voll og Nærbø må difor forlengje drifta for å produsere nok ost.

Planlegginga av stormeieriet har teke lang tid, og vi forstår godt at det er mange ting som skal klaffe før det vert full drift ved anlegget. Tine har mange og dyktige fagfolk med lang erfaring frå osteproduksjon. Dei veit at det krevst tid å setje i gang produksjon ved nye anlegg. Då er det litt underleg at osteproduksjonen kan bli usett med eit halvt år.

Har ting gått for fort? Og har det vore viktigare å kome i gang med drifta av stormeieriet framfor å sikre kvaliteten på produkta? Vi håper ikkje det. Ved så store anlegg vil det mest alltid oppstå innkøyringsproblem.

Tine har kresne kundar som set strenge krav til kvalitet. Då går det ikkje av å slurve i faget. Det er det aller verste som kan skje. Men Tine skal ikkje berre ta omsyn til kundane. Sjølvsagt er det svært vesentleg. Også omsynet til eigarane, alle bøndene som leverer mjølk til meierianlegga, har avgjerande betydning.

Då er det positivt at meieriet vil sikre kvaliteten på produkta før dei set i gang full produksjon.

Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.