Vil sykla og ri rundt Melsvatnet

Vil sykla og ri rundt Melsvatnet

KAN BLI FORBOD: Time kommune vurderer å innføra forbod mot sykling og riding rundt Melsvatnet.

Bryne Cykleklubb tykkjer det er synd om Time kommune forbyr sykling rundt Melsvatnet. Nærbø Rideklubb undrar seg over at kommunen vil stenga ute ein aktivitet som betrar helsa.

Tekst:
Brit Romsbotn

Oppdatert:
10.08.2012 kl 13:47

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Faktaboks

Mot hest og sykkel

  • I 2007 bad Jæren Friluftsråd Time kommune vedta forbod mot riding på turvegen rundt Melsvatnet.
  • Søknaden blei liggande.
  • Januar 2012 tok friluftsrådet saka opp på ny. I tillegg har friluftsrådet gitt munnleg beskjed om at trening med sykkel på turvegen også medfører problem og bør vera forbode.
  • Rådmannen føreslår forbod mot både hest og sykkel. Saka ligg no ute til høyring

Gallup

Bør det innførast forbod mot riding og sykling rundt Melsvatnet?

Ja
Nei
Veit ikkje

Vis resultat

- Eit sykkelforbund rundt Melsvatnet kan bli ei rettesnor for seinare avgjerder. Me fryktar at eit forbod kan gjera det vanskelegare for oss å nytta andre offentlege område, seier Roar Tengesdal, formann i Bryne Cykleklubb.

- Problem for andre

Marton Digernes, nestformann i Bryne Cykleklubb og turrittleiar i Rogaland Cykleklubb, tykkjer det er rart om kommunen vel å innføra eit forbod mot sykling.

- Kven skal handheva ein slik regel? Og kvifor skal kommunen hindra borgarar å driva med friluftsliv? spør Digernes.

Det var like før sommarferien av politikarane i lokal utvikling i Time kommune vedtok å leggja forslaget om nye forskrifter til friluftsaktiviteter ved Melsvatnet ut til offentleg ettersyn.

Vidar Ausen, seniorrådgjevar i Time kommune, opplyser at det er Jæren friluftsråd som disponerer området rundt Melsvatnet.

Dersom det blir sett ned eit forbod mot riding og sykling, reknar han med at det blir sette opp skilt som varslar at dette er ulovleg.

Jæren Friluftsråd bad allereie i 2007 Time kommune om å vedta forbod mot riding på turvegen rundt Melsvatnet. Då kommunen vurderte søknaden, blei konklusjonen at det burde setjast ned forbod mot både riding og sykling.

I forslaget til nye forskrifter synte rådmannen til at folk som driv trening på sykkel, til tider kan opplevast som eit problem for andre brukarar av turvegen. Det var bakgrunnen for forslaget om å forby både riding og sykling.

I byrjinga av juni, då saka blei handsama politisk, ville Tove Jerstad (H) stryka punktet som galdt sykling. Forslaget om ikkje å forby sykling fekk Høgre sine tre stemmer og fall.

- For handikappa

Nærbø Rideklubb og Fylkesmannen i Rogaland er dei to einaste som til no har kommentert forslaget som sykkel- og rideforbod som ligg ute på høyring.

Fylkesmannen har ingen merknadar, medan rideklubben undrar på kvifor kommune vil stenga ute ein aktivitet som betrar helse.

- Riding er ein aktivitet som engasjerer spesielt unge og er ein idrett der handikappa også får spesielle tilbod, heiter det i brevet frå rideklubben.

Det blir vidare synt til at det stadig blir fleire restriksjonar på riding utanfor spesielt tilpassa ridebanar.

Roar Tengesdal, formann i Bryne Cykleklubb, undrar seg på kva som vidare vil skje i offentlege område dersom resultatet blir nei til sykling.

- Dersom eit sykkelforbod blir vedteke rundt Melsvatnet, spør me oss om kor langt kommunen er villige til å gå i andre saker som gjeld sykling. Eit anna poeng er kven forbodet skal gjelda for. Blir det forbod både mot organisert sykling og for fru Hansen som skal ein tur til Melsvatnet for å bada? spør Tengesdal.

- Må ta omsyn

Tengesdal tykkjer det er synd med avgrensingar for sykling generelt sett.

- Det blir sykla rundt Melsvatnet, og eg opplever ikkje at det blir opplevd som noko problem. Det denne saka handlar mest om, er å ta omsyn til kvarandre og unngå farlege situasjonar. Eg tykkjer det er synd om det blir avgrensingar i eit område me er glade i å ferdast i, understrekar Tengesdal.

Bryne Cykleklubb har enno ikkje kome med uttale etter at Forskrift om friluftsaktivitetar ved Melsvatnet blei lagt ut til offentleg ettersyn.

- Men ein uttale vil koma innan fristen, opplyser nestformann Digernes.

Frist for å koma med uttale er sett til den 15. august.

Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.