Klart for jærsk flybuss

Klart for jærsk flybuss

VELKOMMEN OMBORD: Kaptein i Jaerlines Alf Tore Leidland ønskjer dei første passasjerane velkomne ombord til prøvetur på flybussen. Frå høgre Mons Skrettingland, håordførar, Ina Eldøy, kommersiell sjef i Avinor på Sola, Svein Svimbil, direktør i Rogaland Taxi, Dag Brekkan, marknadsansvarleg i NSB og Odd Aksland, direktør i Kolumbus. FOTO: Steinar Sandvik

3. september rullar den første flybussen frå Jæren til Sola.

Tekst:
Steinar Sandvik

Oppdatert:
28.08.2012 kl 12:13

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Gallup

Kjem du til å nytta det nye busstilbodet til/frå Sola Flyplass?

Ja, dette har eg venta på
Ja, om det passar inn med reiseplanane
Kanskje
Nei, det trur eg ikkje
Nei, eg reiser ikkje med buss
Veit ikkje

Vis resultat

Jaerlines skal frå måndag 3. september starte transport av flypassasjerar frå Jæren til Sola. Første rute går klokka 04.30 frå Nærbø.
Rogaland Taxi står for alt det praktiske og skal drive transporten. Men det er fleire samarbeidspartar som står bak Jaerlines. Her er det viktige bidrag frå både Avinor, Kolumbus og NSB.

Samarbeid

I går vart opplegget for flybussen frå Jæren presentert for leiinga i kommunane Klepp, Time og Hå og andre samarbeidspartnarar på Jæren.
Ina Eldøy, kommersiell sjef i Avinor Stavanger lufthavn peika på at Jaerlines er eit heilt nytt samarbeidsopplegg.

- Det var imidlertid Jærrådet som tok initiativ til flybuss frå Jæren, og Torbjørn Hovland frå Klepp var ein av pådrivarane. Vi legg opp til to avgangar i timen frå Bryne og tilsvarande frå Sola. Første buss går frå Nærbø klokka 04.30 og siste buss går klokka 19.00 frå Bryne. Første buss frå Sola er 05.15, medan siste avgang frå Sola er 19.30.

- Vi legg også opp til eit enkelt prissystem med runde summar. Det går an å kjøpe tur
etur-billett til redusert pris.

Bruk flybussen

Svein Svimbil, direktør i Rogaland Taxi, håper at folk på Jæren vil nytte seg av tilbodet. - For oss er Jæren svært interessant.
Det same sa Odd Aksland, direktør i Kolumbus. Han la til at det er flott at Rogaland Taxi tek det økonomiske ansvaret.

- Skal dette gå, må vi byrje med oss sjølve og bruke bussen, sa Kolumbus-direktøren.

Dag Brekkan, marknadsansvarleg i NSB for Sørlandsbanen og Jærbanen, oppfordra folk på Jæren å bruke tilbodet som er knytta opp mot togtidene på strekninga. Mellom anna kan folk frå Egersund ta toget som på Bryne korresponderer med flybussen vidare til Sola.

- Men det er viktig å nytte seg av tilbodet. Det går ikkje an å køyre buss med tomme sete, understreka Brekkan.

Ikkje fornøgd

Ordførar Mons Skrettingland i Hå sa at flybussen var eit flott tiltak. Men han var langt frå fornøgd med tilbodet for Hå kommune sine innbyggjarar.

- Når vi ser på rutetabellen, er det eit altfor dårleg tilbod med ein avgang (kl. 04.30) i døgnet frå Nærbø og ingen tilbake til Hå, sa Skrettingland og peika på at dette var noko Hå kommune vil arbeide vidare med.

- Skal vi få folk i Hå til å bruke flybussen, må vi har fleire avgangar frå Hå. På ein fornøgd-skala frå 1 til 10 ligg eg på 3, sa håordføraren som understreka at han ikkje var negativ til opplegget. - Men dette er ikkje eit veldig godt tilbod for håbuen.

Parkering

Timeordførar Reinert Kverneland ville vite om det var nok parkeringsplassar knytta til stoppeplassane for flybussen.

Svein Svimbil i Rogaland Taxi hadde ikkje oversikten når det var snakk om parkeringsplassar for reisande. Dag Brekkan frå NSB sa at det er utfordringar med parkeringsplassar både ved stasjonen i Egersund og på Bryne.

- Vert det særleg stor trafikk med flybussen, kan det oppstå parkeringsproblem på begge plassar. Men Jernbaneverket arbeider med å sjå på parkeringstilhøva, sa Brekkan.

God plass

Karl Inge Bakke, bussansvarleg i Rogaland Taxi , seier til Jærbladet at planen er å setje inn tre bussar på ruta. Nye bussar mede 20 plassar i tillegg rullestolplass og to klappstilar vil vere klare til 3. september.

- Ein av bussane vil ha plass til 38 passasjarar, medan vi har andre bilar med 17 plassar og bussar som kan setjast inn dersom trafikken vert større enn det vi har planlagt, seier Bakke

Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.