
- Forum Jæren må skaffa parkering

KALLAR INN TIL MØTE: - Noko me vil ha svar på, er korleis Forum Jæren skal oppfylla reguleringsplanen, seier Time-ordførar Reinert Kverneland. (Arkivfoto)
Ordførar Reinert Kverneland er klar på at Forum Jæren må skaffa ny, midlertidig parkering når skuletomta ikkje lenger kan brukast som parkeringsplass.
- Den midlertidige parkeringa skal vera godkjent av Time kommune, fastslår Kverneland, som onsdag inviterte Forum Jæren og fylket inn til møte.
Årsaka er at nye Bryne vgs no blir bygd før parkeringsanlegget er klart.
- Klart det hastar
- Me vil ha eit skikkeleg oversyn over kor saka no står. Noko me vil ha svar på, er korleis Forum Jæren skal oppfylla reguleringsplanen, seier Kverneland.
Time-ordføraren meiner at det hastar med å få i stand eit møte.
- Saka er også komplisert sidan fleire partar er inne i bildet, påpeiker Kverneland.
- Me vil senda søknad når me har eit eller fleire område me kan søkja om midlertidig parkering på, opplyser Terje Hamre, styreleiar og dagleg leiar i Forum Jæren.
I dag parkerer Forum Jæren på overtid på skuletomta, etter at Time kommune sa opp avtalen for dei midlertidige parkeringsplassane ved utgangen av juli. Siste veke i august blir skuletomta etter planen stengt for parkering.
Terje Hamre er usikker på når Forum Jæren vil senda søknaden om å få godkjent nye, midlertidige parkeringsplassar.
- Men heilt klart er dette noko som hastar, seier han.
Hastemøte
Time-ordførar Reinert Kverneland tok onsdag initiativ til eit internt møte etter at han same dagen var gjort kjent med at parkeringsanlegget ved nye Bryne vgs ikkje blir bygd som planlagt.
- Dette er i utgangspunktet ei sak mellom Forum Jæren og fylkeskommunen. Men som byggesaksbehandlar er kommunen også inne i bildet, opplyser Kverneland.
Han seier kommunen må få ei avklaring på korleis fylket og Forum Jæren vil oppfylla reguleringsplanen for området.
- Dersom dei må ha dispensasjonar, må me få vita om det, fastslår Kverneland.
På det interne møtet blei det bestemt at Time kommune kallar Forum Jæren og fylkeskommunen inn til møte torsdag 23. august.
- Me hadde i utgangspunktet planar om eit møte for å snakka om framdrifta. Men situasjonen som no har oppstått, gjer at me tek dette møtet tidlegare enn tenkt, opplyser ordføraren.
- Strid med reguleringsplan?
Kverneland opplyser at administrasjonen i Time kommune var kjent med at fylket i juli gav Forum Jæren melding om at bygginga av parkeringsanlegget må venta til våren 2014.
- Frå kommunen er det gitt signal om at dette er i strid med reguleringsplanen, og at det heller ikkje er i samsvar med tidlegare politiske vedtak, fortel Kverneland.
Ordføraren syner også til reguleringsplanen der det står at det ikkje blir gitt løyve til innflytting i skulen før den mellombels parkeringa er erstatta av ei permanent løysing.
- Noko av det me vil ha svar på, er om fylket har tenkt å flytte inn i skulen utan at parkeringsanlegget og uteområdet oppå parkeringsanlegget er ferdig.
Kverneland har vore klar over at fylket og Forum Jæren er usamde om utforminga av parkeringsanlegget.
- Men eg visste ikkje at det hadde skore seg. Eg veit ikkje om me kan gjera noko, men eg vil vita meir om kvifor det er blitt slik. Eg liker ikkje situasjonen som har oppstått, og eg ville hatt alt klart til skulen står ferdig, seier Kverneland.
Påverkar miljøet
Parkeringsanlegget skal vera godkjent av fylket. Første planleggingsmøte var i august i fjor.
Terje Hamre, dagleg leiar og styreleiar i Forum Jæren, hevda i Jærbladet onsdag at ein vanskeleg kommunikasjon med fylkeskommunen er hovudårsaka til at parkeringsanlegget ikkje er på plass. Hamre sa at det har vore mykje fram og tilbake.
- Først arbeidde me for å få til eit anlegg som var delvis under jorda. Deretter var meldinga at fylkeskommunen ville ha eit flatt grøntområde over parkeringsanlegget, og at ikkje noko av parkeringa kunne vera over jorda, sa Hamre.
Byggsjef Lars Hallgren i Rogaland fylkeskommune hadde ei anna oppfatning.
- Fylkeskommunen har ikkje på noko tidspunkt vurdert ei løysing der deler av parkeringsanlegget ligg over bakken. Men eg veit at dette har vore lansert i ein dialog mellom Forum Jæren og Time kommune, sa han.
Hallgren sa hovudårsaka til at fylkeskommunen ikkje aksepterer forslaga frå Forum Jæren, er at deler av parkeringsanlegget ikkje ligg under jorda.
- Utforminga påverkar for mykje av miljøet oppe på bakken, opplyste Hallgren
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
- – God til å skyte på helikopter, dårlig til å ta på seg hjelm
- Vurderer å bosette 
flere flyktninger i Gjesdal
- Her passerer teten Ålgård
- – Dette var pinlig
- Garborgriket Rundt i bilder
- Basehopp-ulykke i Frafjord
- Trailertyveri på Figgjo
- Nektes skjenking i år som i fjor?
- Kjølte seg ned i Øygardsvatnet
- Høyt adrenalinnivå på paintballturnering
Dalane Tidende
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
8°









