
Leiar:
Friskmeldt legevakt
Det var ikkje utan motstand og mange dystre spådommar at Klepp og Time for seks år sidan vedtok å samarbeida med Sandnes, Gjesdal og Bjerkreim om legevakt i helger og natt.
Mellom anna var Gjesdal svært skeptiske til at eit samarbeid som fungerte godt skulle utvidast med to kommunar.
Politikarane i Time sa også først nei til felles legevakt med Sandnes, Gjesdal og Bjerkreim om nettene og i helgene, men snudde etter at Klepp stod fast på at dei valde Sandnes framfor ei løysing bare med Time.
Medan legane i Klepp og Time var svært positive til eit samarbeid med Sandnes, uttrykte legane i Sandnes stor skepsis til ei slik organisering. Dei meinte at legevaktområdet var stort nok særleg med tanke på den veksten Sandnes var inne i. Dei var redde for at ei utviding ville gjera det vanskeleg å gi gode nok tenester.
Ordninga har likevel tilsynelatande fungert bra. Det kom derfor litt overraskande då det vart sendt ut melding om at nattlegevakta i Sandnes har vore drive på grensa av det fagleg forsvarlege. Men med tanke på at bemanninga er den same som då ordninga vart starta i januar 2007, er det forståeleg. Sidan 2007 har det vore ein auke på 12 prosent i talet på personar som har kontakta nattlegevakta i Sandnes.
Frå neste månad vil legevaktsamarbeidet verta styrka med 4,2 årsverk, noko som vil bety ein ekstra totalkostnad på 750.000 kroner. For Klepp og Time vil det innebera meirkostnader mellom 150.000 og 200.00 kroner.
Det er meirkostnadar dei to kommunane vel kan leva med for å sikra ei ordning som har fungert langt betre både for pasientar og legane enn det mange skeptikarar gav uttrykk før samarbeidet vart etablert.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
18°










