
Jærbonde er tv-favoritt
Fekk 114 friarbrev

Dette er dei unge damene Anders Braut Ueland skal verta betre kjend med i løpet av TV-hausten. Innspelinga er over, og Ueland røper at jakta gjev gode resultat. Bak frå venstre: Anja Serigstad, Veronica Strømstad, Ina Marie Guttulsrød, Cathrine Pedersen. Framme frå venstre: Carina Bakken, Charlotte Bergan, Anders Ueland og Leena-Mari Salin. FOTO: Foto: TV 2/ Rolf-Ørjan Høgset
Anders Braut Ueland fekk nesten dobbelt så mange friarbrev som dei andre deltakarane til saman.
– Å plukka ut berre ti brev vert vanskeleg. Eg har ikkje funne nokre uaktuelle brev til no i alle fall, er mjølkebonden frå Ævestad sin kommentar tidleg i underhaldingsprogrammet «Jakten på kjærligheten» på TV2.
Han vert heilt overvelda då programleiar Marthe Sveberg kjem med den svære bunka. Jærbonden deler opp breva i tre bunker. Ei bunke med dei han liker best, og ei bunke som han tykkjer meir om enn den siste bunka.
– Men det er bra alt i hop, seier han på fjernsynet.
Med god hjelp frå broren og svigerinna plukkar han til slutt ut ti friarar som me vil få sjå meir til på TV i haust.
Til VG avslører Ueland at jakta gjev resultat, og at han har funne tonen med ei av jentene.
Tomt utan kjærast
Garden på Ævestad husar cirka 50 melkekyr, 30 purker, ein hund og ein katt. I nabohuset bur farfaren og stort sett har Anders Braut Ueland dottera si, Ane på to år, hjå seg. Han er med andre ord ikkje heilt åleine, men synest det har vore litt tomt utan kjærast.
Då Jærbladet intervjua Vigrestad-karen tidlegare i sommar, sa han at han håpa å finna ei gild, blid og omsorgsfull dame med litt tak i.
Utdanna i forsvaret
Anders Braut Ueland er fødd og oppvaksen på garden han no bur på. Som ung var det stort sett berre fotball som stod i hovudet på bondesonen, og han starta etter kvart på idrettslinja ved Bryne vidaregåande skule. Det var aldri sikkert at han skulle verta bonde.
Etter vidaregåande gjekk han på befalskulen, og utdanna seg i forsvaret. Han var både på Rena, i Kosovo og i Nord-Noreg.
Ueland overtok garden i 2006, og dreiv i to år før allergiproblem melde seg.
- Eg tok så ein pause og jobba i forsvaret og fekk bygd om fjøset. Med ein meir modernisert kvardag har allergien vorte mykje betre, seier ein glad Ueland.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
- Dette sier Gjesdal-politikerne ja til
- Må flytte kamper etter hærverk
- – Skjenkekontrollen var overivrig
- Ennå ingen voldtektsmistenkte
- – God til å skyte på helikopter, dårlig til å ta på seg hjelm
- Vurderer å bosette 
flere flyktninger i Gjesdal
- Her passerer teten Ålgård
- – Dette var pinlig
- Garborgriket Rundt i bilder
- Basehopp-ulykke i Frafjord
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
11°











