
Leiar:
Inne til lunsj
Elevane ved Nærbø ungdomsskule får ikkje lenger forlata skuleområdet i det store friminuttet.
Tekst:
Jærbladet
Det er FAU ved skulen som har teke initiativet til eit slikt forbod.
Bakgrunnen for forbodet er i følgje tidlegare leiar for FAU eit ønskje om sunnare kosthald og eit mindre kjøpepress på elevane. Dessutan meiner FAU at sidan skulen har ansvaret for elevane i skuletida, er det mest naturleg at dei held seg på skuleområdet i heile denne tida.
Intensjonane med forbodet er fornuftige nok. Likevel er det eit tankekors at samtidig med at mange meiner 16-åringar bør få stemmerett, vert ungdomar i 14-16-årsalderen ikkje vurdert vaksne nok til å sjølv ta ansvar for kosthald og kjøpepress.
Det er også vanskeleg å forstå at ungdomsskuleelevane på Nærbø skulle vera mindre modne enn sine jamaldringar på dei andre skulane på Jæren der det vanlege er at elevane får forlata skuleområdet
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
22°
20°










