
Klar for noko nytt
Eit hundretals brudekjolar er på utkikk etter nye eigarar.
Brit Johanne Orre har selt brudekjolar på Bryne i ni år. Først som tilsett hjå Kari Lagestrand, deretter som eigar av tradisjonsrike Brudesalongen. I år runda salongen 30 år.
– Nok er nok, og eg kjenner meg klar for nye oppgåver. Eg veit enno ikkje kva eg skal til med, men eg er heilt sikkert brukande til eit eller anna, seier Brit Johanne Orre.
Ho bestemte seg eigentleg for å avvikla i fjor. Sidan april har ho forsøkt å selja salongen, men ho har enno ikkje lukkast.
Kontrakten med huseigaren i Meierigata er sagt opp frå 1. oktober.
– Eg har godt med kundar, og berre denne helga leverer eg ut seks kjolar. Men dersom eg skulle halde fram, ville eg nok prøvd og skaffa meg nye lokale i Storgata. Det handlar om å vera der det er mest folk og trafikk, meiner Brit Johanne Orre.
Brudesalongen på Bryne sel brudekjolar og leiger ut kjolar til barn og dressar til vaksne.
Brit Johanne Orre har likt arbeidet i brudesalongen, men ho saknar kollegaer.
– Eg må vera der det skjer, og eg er for sosial til å sitja her åleine, slår 49-åringen fast.
Ho kallar seg sjølv ei «allsidig potet».
– Eg er utdanna dekoratør, og har arbeidd med mykje forskjellig. Det blir spennande å sjå kva det neste blir.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
16°












