
Leiar:
Reprise i Espira?
Kommunalsjefen for skule og barnehagar i Klepp vil ha tilbakebetalt ein fjerdepart av det den private barnehagen Espira Ormadalen, fekk i tilskot i 2011.
Tekst:
Jærbladet
Av dei snautt 16 millionane barnehagen fekk i tilskot i fjor, vil nå kommunen ha tilbake 4,1 millionar.
Saka liknar til forveksling det som skjedde i Time då Espira Ree Barnehage fekk avkorta sitt kommunale tilskot med 400.000. På same måte som i Espira-barnehagen i Time, har også Klepp påvist at bemanninga er for låg samanlikna med kommunale barnehagar, at husleiga er langt over marknadspris og at det er for høge utgifter til såkalla framandutgifter.
Resultatet av dette er at Espira-konsernet kan henta ut urimeleg høg forteneste av barnehagedrifta samtidig som barna som går i denne barnehagen ikkje får eit likeverdig tilbod samanlikna med barna i dei andre barnehagane i Klepp.
Også tidlegare har det blitt reagert på tala frå den same barnehagen. Rekneskapen for 2009 viste unormalt høg husleie og utgifter til framande tenester. Manglande kapasitet gjorde at det ikkje vart gjort noko meir med saka den gonge. Det er vel heller ikkje usannsynleg at det som skjedde med Espira-barnehagen i Time har resultert i at rekneskapen til Espira Ormadalen har blitt ´granska ekstra nøye.
Siste ord er langt frå sagt. Espira Gruppen tilbakeviser alle påstandane frå kommunalsjefen og lover å dokumentera at kvar krone som er trekt frå Espira Ormadalen er til barnas beste.
Det er sjølvsagt mogleg at Espira-gruppa har alt på sitt tørre. Men det må vera lov å minna om at Espira Gruppen også i tidlegare saker har avvist alle påstander om dårleg bemanning, høg utleigepris og for høge kostnader til framandutgifter utan å få gjennomslag. Då saka om Espira Ree vart anka til Fylkesmannen, var konklusjonen der at bemanninga var endå
dårlegare enn det kommunen først hevda. Espira Gruppen godtok då også til slutt avkortinga på 400.000.
Skulle Espira ikkje få gjennomslag for sine argument denne gongen heller, blir det trua med at Espira-barnehagen på Orstad vil verta begjært konkurs fordi selskapet ikkje har økonomi til å betala tilbake beløpet. Barnehagen kan derfor stå i fare for å verta nedlagt.
Det er truslar Klepp kommune sjølvsagt ikkje kan ta omsyn til dersom det viser seg at Espira Gruppen ikkje har lært noko av det som skjedde i Time..
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
- – God til å skyte på helikopter, dårlig til å ta på seg hjelm
- Vurderer å bosette 
flere flyktninger i Gjesdal
- Her passerer teten Ålgård
- – Dette var pinlig
- Garborgriket Rundt i bilder
- Basehopp-ulykke i Frafjord
- Trailertyveri på Figgjo
- Nektes skjenking i år som i fjor?
- Kjølte seg ned i Øygardsvatnet
- Høyt adrenalinnivå på paintballturnering
Dalane Tidende
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
8°











