Jernbaneverket tilrår dobbeltspor

Jernbaneverket tilrår dobbeltspor

Venting: Eit tog venter på eit anna på Bryne stasjon. Om nokre år kan denne ventetida forsvinna.

Tidlegare har Jernbaneverket anbefalt kryssingsspor på Jærbanen, men eit nytt reknestykke har endra saka.

Tekst:
Trine Selvikvåg

Oppdatert:
19.09.2012 kl 09:26

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Nøkkelord

Jernbaneverket har laga ein utviklingsplan for Jærbanen og konkludert med kva slags rutemønster som er ønskjeleg.

- Det er behov for avgangar med eit kvarters mellomrom frå nord mot Varhaug. Eit kryssingsspor vil korkje ha nok kapasitet eller vera robust nok til å ta i mot framtida, seier Lars Christian Stendal, regional utviklingsdirektør til Jærbladet.

Han fortel at det vil verta like dyrt med kryssingsspor som dobbeltspor og meiner difor at valet er enkelt.

Stor suksess

Det vert no opp til politikarane å prioritera saka. Om finansieringa kjem på plass, kan dobbeltsporet ferdigstillast i løpet av fem år.

Dobbeltsporet er ikkje med i forslaget til Nasjonal transportplan for perioden 2014 til 2023. Jærbladet har tidlegare skrive om både ordførarar og Næringsforeningen som har engasjert seg for endra på prioriteringane før planen skal vedtas neste år.

- Dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes har vore ein stor suksess. Me har gått frå 2,5 millionar til 3,5 millionar reisande sidan dobbeltsporet opna i 2009, seier Stendal. Han legg til at veksten har kome mellom Stavanger og Sandnes.

Rundt 10 milliardar

Prislappen på dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger var på dryge 2 milliardar kroner. Stendal ønskjer ikkje å gå ut med ein pris på eit eventuelt dobbeltspor mellom Sandnes og Egersund.

- Eg har tidlegare anslått mellom 8 og 11 milliardar kroner, men me er på eit veldig tidleg stadium no, så dette er ikkje noko endeleg, presiserer han.

- Om Jærbanen skal utviklast vidare, veit me korleis me vil ha det, seier Stendal.

Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.