
Avlingane regnar vekk

MØRKE SKYER: Denne byggåkeren på Braut er ein av dei som har halde seg best. Men det begynner å hasta for Tjalve Braut å få kornet i hus. FOTO: Åge Bjørnevik
Korn og gras står hausteklart, men det er altfor blautt til at bøndene kjem utpå med maskinane.
- Bøndene på Jæren har ein god porsjon med galgenhumor, men dette begynner å røyna på. Det er store verdiar som står på spel, seier seniorrådgjevar Ragnvald Gramstad i Norsk landbruksrådgiving Rogaland.
Sommaren i år var kjølig og tørr, men sidan midten av august har det regna jamt og trutt. Ifølgje vêrdata på yr.no har det berre vore fire heilt regnfrie dagar på målestasjonane Særheim og Obrestad den siste månaden. Tidvis har det ausa ned. Dermed er jorda blitt gjennomblaut.
Hastar for kornbønden
Situasjonen er mest kritisk for kornbøndene.
- Rundt 5000 dekar er hausta inn i Rogaland før regnet og væta kom, men det står nok att ein stad mellom 20.000 og 25.000 dekar med hausteklart korn som burde vore i hus. Det er frykteleg synd at me ikkje får hausta, for det teikna til å bli ein god kornhaust dette året, seier Gramstad, som ikkje har gitt heilt opp.
- Får me 3-4 dagar med opphald, slik at det får tørka opp litt, er det mykje som kan bergast enno. Men for kvar dag som går no, blir både mengda korn og kvaliteten på det dårlegare, seier Gramstad.
Også i fjor regna mykje av kornet bort.
- I fjor var det fælt, i år er det gale. Utgangspunktet er betre i år, med betre avling på kvart strå, så me håpar framleis på eit betre kornår enn i fjor. Men det er ikkje gildt med dette regnet. Det er stor frustrasjon i næringa, seier Gramstad.
Over halvparten av kornet i Rogaland er å finna i Klepp, Time og Hå. Klepp den klårt største kornkommunen i fylket, og står aleine for over ein tredjepart.
Samanlikna med flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag, blir det dyrka lite korn på Jæren. Rogaland har berre rundt ein prosent av kornarealet i landet.
Gras rotnar på rot
Også store mengder gras står slåtteklart, utan at bøndene kjem seg utpå med maskinane.
- Mykje av graset begynner å bli gammalt. Det burde vore i hus for både ei og to veker sidan, seier Gramstad.
Problemet er særleg stort for dei bøndene som baserer seg på tre slåttar. Dei som har fjerdeslåtten ståande ute no, har litt betre tid på seg før årets siste slått begynner å rotna på rot.
- Det positive når det gjeld gras, er at me allereie har to eller tre gode slåttar i hus. Grunnlaget for eit godt grovfôrår er dermed allereie lagt, seier Gramstad.
Han reknar med at bøndene framleis har eit par veker på seg før graset blir heilt øydelagt.
- Det er ikkje total katastrofe for graset enno. Viss ein stubbar litt høgt, og lar grapset i botn stå att, kan ein får brukbart fôr av graset som framleis står ute, seier Gramstad.
Potet og grønsaker
Ifølgje Gramstad står det også ute ein stad mellom 7000 og 8000 dekar med potet.
- Det er ikkje nokon dramatikk enno. Førebels er det lite potet som står under vatn, fortel seniorrådgjevaren.
Potet toler brukbart å stå i fuktig jord, men blir dei ståande under vatn, druknar dei. Det skjedde i stor skala i fjor haust. Fleire titals potetbønder på Jæren fekk erstatningar etter stor avlingssvikt.
Når det gjeld vekstforholda for grønsaker, ser det ifølgje Gramstad så langt greitt ut.
Kommentarer
Nyheter fra andre aviser
Strandbuen
Solabladet
Sandnesposten
Bygdebladet
Gjesdalbuen
Dalane Tidende
Delta i debatten
Vil du kommentere sakene på jbl.no?
Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.
Nyheter på mobilen
Få de siste nyhetene på mobilen!
Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.
Send inn tips
Nyhetstips? Skjer det noe?
Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.
Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.
13°
13°









