Leiar:

Tvilsam politikk

Torsdag sa eit fleirtal i Hå kommunestyre nei til bygging av eit hønsehus på Nesheim.

Tekst:
Jærbladet

Oppdatert:
20.09.2012 kl 08:33

  • Skriv ut
  • Send til en venn

Nøkkelord

Det er firma Steinsland & co. som ønskjer å byggja eit hønsehus for rundt 20.000 høns her. Ei slik bygging krev frådeling frå eigedomen og dispensasjon frå kommuneplanen.

Det kan vera mange gode grunnar for å seia nei til dette, og administrasjonen har heile tida vore klar på at dette ikkje er ønskeleg mellom anna fordi det kan skapa presedens for liknande saker. Kommunestyret sa då også nei av prinsipielle grunnar.

Det som skurrar er at saka har vore oppe til behandling fleire gonger tidlegare, kvar gong med eit fleirtal for frådeling. I Utval for tekniske saker og næring i november 2010 vart det med sju mot to røyster vedteke å gi dispensasjon frå kommuneplanen.

Når det likevel ikkje vart bygging før kommunevalet i fjor, var det på grunn av at Statens Vegvesen og Fylkesmannen hadde motseiingar mot deler av planane.

Saka vart tatt opp igjen i Utval for tekniske saker og næring i juni i år. Men sidan alle motseiingar frå offentlege instansar var rydda av vegen, var det eigentleg ingen grunn til å ta saka opp igjen.

Likevel vart saka behandla, men igjen var det fleirtal i Utval for tekniske saker og næring for å gi dispensasjon. Denne gongen anka mindretalet vedtaket inn for kommunestyret der eit fleirtal sa nei til å gi dispensasjon. Ikkje fordi det var kome nye moment i saka, men av prinsipielle årsaker.

Mellom behandlinga i 2010 og dei to siste har det vore eit val som har endra den politiske samansetninga i Hå. At haldningane til saker som er oppe derfor kan endra seg, må alle akseptera. Det er ein del av demokratiet, utan at me ein augneblink trur at bygging av eit hønsehus på Nesheim hadde noko å bety for valresultatet i Hå.

Men det må også vera slik at det må vera saklege grunnar for å ta opp saker som har blitt endeleg vedteke i førre periode. Det er vanskeleg å sjå at det er tilfelle her. Rett nok er det gjort visse endringar i planane for å tilfredstilla m.a. Statens Vegvesen, men dei er ikkje vesentlege. Og det er heller ikkje desse endringane som er grunngjevinga for at fleirtalet nå sa nei.

I respekt for tidlegare vedtak burde saka aldri vorte fremja att. Innbyggjarane i Hå og næringslivet må kunna stola på at vedtak er bindande om ikkje heilt nye moment kjem fram. Når fleirtalet nå har omgjort vedtaket frå 2010 utan at det har kome til vesentlege nye moment, er ikkje det med å styrka tilliten til politikarane. Dette er svært tvilsam måte å driva politikk på.

Kommentarer

 

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjemer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips. Tips som blir brukt i avis eller på nett blir belønnet med Flaxlodd. I tillegg deles det ut 1000 kroner for månedens beste tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.