Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Morten fann ein halv million kroner i postkassen...igjen

Morten fann ein halv million kroner i postkassen...igjen

Denne bunka med tusenlappar fann Morten Jelsa i postkassen sin torsdag ettermiddag. Totalt: 500.000 kroner. FOTO: Privat

For halvanna år sidan fann Morten Jelsa ei pengegåve til Varhaug IL på 500.000 kroner i postkassen sin. I går skjedde det på nytt.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
05.02.2016 kl 14:04

Då styreleiaren i Varhaug IL parkerte i gardsrommet sitt etter jobb torsdag ettermiddag ringte telefonen frå eit skjult nummer.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte skjekka postkassen. Då eg opna den, låg det ein halv million kroner i tusenlappar oppi ein brun konvolutt til idrettslaget, fortel Morten Jelsa.

Gjevaren er ei eldre dame

Ein skulle tru at dette var noko ein person berre kunne oppleva ein gong i livet, men nå har altså Jelsa funne til saman ein million kroner i kontantar i postkassen sin. Torsdag den 12. juni 2014 låg det nemleg også ein brun konvolutt i postkassen. Den gongen fekk ikkje Jelsa noko varsel om å sjekka postkassen, og det vart difor eit stort sjokk for han.

– Me var evig takksame for den gåva, og hadde ikkje trudd det kunne skjedd igjen. Det er heilt fantastisk. Me er i ferd med å ferdigstilla ein ny hall, og 500.000 kroner mindre i gjeld betyr enormt mykje for idrettslaget og all aktiviteten vår. Gjevaren må ha visst at det var langdag i banken. Eg reiste rett ned for å setja inn pengane, seier Jelsa.

– Veit du kven gåva kjem frå?
– Nei. Men eg veit det er frå den same som sist. Eg kjenner ikkje personen, men eg veit at det er ei eldre dame over pensjonsalder med hovud og kropp som ein 50-åring. Ho ønskjer å bidra til noko som kan skapa glede for mange. Eg veit også at ho set pris på jobben som blir gjort her i Varhaug IL, seier han.

– Har du snakka med ho?

– Nei, det var ei anna røyst i telefonen, svarar Jelsa.

Fekk stor merksemd

Då Jærbladet omtala postkassepengane sist gong, spreidde nyheita seg Europa rundt. Både norske, engelske og tyrkiske medium rapporterte om den utrulege anonyme gåva og Morten Jelsa opplevde eit renn av kommentarar.

– Folk hugsar framleis godt det som skjedde for halvanna år sidan. Seinast i dag, då eg var på eit møte i Tananger, møtte eg ein gamal kompis som eg ikkje har treft på ei stund. Han starta samtalen med å spørja «Javel, har du funne noko i postkassen i det siste?». Då eg svara «Ja, i går», trudde han ikkje på meg, humrar Jelsa.

– Trur du folk kjem til å gå på pengejakt i postkassa di i framtida?

– Hehe. Nei, dei vil nok ikkje ha hellet med seg i så fall. Det var tydeleg at den som hadde plassert pengane i postkassen passa på dei fram til eg kom heim, svarar han.

Se bildet større

Morten Jelsa har nå funne ein million kroner til Varhaug IL i postkassen sin. Dette bildet blei teke ved sist gåve til idrettslaget i juni 2014. FOTO: Kristine M. Stensland

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Delta i debatten

Vil du kommentere sakene på jbl.no?

Jbl.no benytter Facebook Comments som verktøy for diskusjon og debatt. Er du pålogget Facebook kan du kommentere utvalgte saker uten ekstra pålogging eller verifisering.

Nyheter på mobilen

Få de siste nyhetene på mobilen!

Dersom du åpner jbl.no fra en iPhone eller annen smarttelefon vil du få opp en tilpasset utgave tilpasset små skjermer.

Send inn tips

Nyhetstips? Skjer det noe?

Vi er takknemlige for alle slags tips.

Tips oss på 400 07 900 eller redaksjon@jbl.no.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!