Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

La oss ta ein #elfi

Gjengen bak humorserien «Jæren Rundt» arrangerer konkurranse. Kven tek den beste elfien? (Altså selfien med Elfin Lea)

La oss ta ein #elfi

ELFI: Den falske og den ekte Elfin opnar konkurransen på dette viset.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert: 12.12.2014 kl 08:47

Ein syklist rullar forbi to gråhåra karar og smiler.

– Skal de opna noko i år òg? ropar han og ler.

Elfin og Elfin helsar på syklisten, før dei snur seg vekk for å ta eit bilde i lag.

– Me tek ein #elfi. Det er ein selfie med Elfin. Det vil seia ein sjølvi med den ekte Elfin Lea eller med parodien, seier Tore Kåstad.
Han har dei siste åra gjort stor suksess lokalt med å parodiera tidlegare Klepp-ordførar Elfin Lea. I den første sesongen av humorserien «Jæren Rundt» køyrde han rundt i bygda og erklærte alt i frå kjøpesenter til fartskontrollar for opna. I sesong 2, som for tida rullar og går på jbl.no, har karakteren Elfin starta sin eigen taxi og køyreskule.

– Eg har faktisk fått e-post frå ein som sa han trong meir køyreopplæring, seier den ekte Elfin som berre synest det er gildt å bli parodiert.

Ny trend

Nå har han i tilegg sagt ja til å stilla opp på bilde med alle som har lyst til å ta ein #elfi.

– Det var produsent Ivar Aase som kom på dette med #elfi då me planla sketsjane, seier Kåstad.

Han håpar nå at jærbuen girer seg opp og blir med på å starta ein heilt ny trend. Han skal ha med seg Elfin-barten i lomma i ei veke om nokon vil ta bilde med han, og den ekte Elfin er ikkje mindre klar han.

Kom på juletresal

– Jadå! Så lenge folk synest det er noko positivt, går det ikkje an for meg å seia nei, seier Lea når han får spørsmål om han synest det går godt å stilla opp som fotomodell.

– Eg har berre tenkt å vera meg sjølv den neste veka, men om det er nokon som har lyst til å planleggja å treffa meg, skal eg altså selja juletre for Klepp IL ved Jærhagen på måndag den 15. desember frå klokka 13-16. Då er det stor sjans for å treffa meg. Då kan dei både få ein elfi og eit juletre, seier Lea og ler.


– Kan det henda det blir to Elfinar der?

– Ja. Kanskje det, kjem det frå parodien.

– Skal de opna salet òg kanskje?

– Hehe. Nei eg trur faktisk det er lensmannen som skal gjera det. Eg trur det er Hans Kyllingstad som skal ha den første vakta, seier Elfin Lea.

Jæren Rundt sesong 2

Jæren Rundt sesong 1

Se bildet større

ELFI: Terje Kulleseid har fått tak i den ekte Elfin.

Se bildet større

ELFI: Den falske Elfin og Karsten Wilhelmsen Degnes.

Se bildet større

ELFI: Slik blei den første Elfien av Elfin x 2.

Faktaboks

Slik tek du ein #elfie

Ta ein selfie i lag med den ekte Elfin Lea eller parodien Tore Kåstad. Legg bildet på Instagram med emneknaggen #elfie
NB! Du må ha open profil for å vera med i konkurransen.

Nyheter fra andre aviser

Strandbuen

Solabladet

Sandnesposten

Bygdebladet

Gjesdalbuen

Dalane Tidende

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!