GODE HJELPARAR: Huseigar Salwa Idris Yahye (nr. 2 f.v) har problem med å finna ord som kan uttrykkja kor takksam ho er overfor Aleksander Garpestad (f.v), Oda Asheim Vorset, Kristine Vinje, Ragnhild N. Grødem, Guro Skår, Joakim Stangeland (b.f.v), Torgeir N. Grødem og Ole Morten Stokland (framme). (Foto: Inger Gjesdal)
Av Inger Gjesdal
– Eg har ein engel i huset i dag. Nei, ikkje ein, men mange.
Salwa Idris Yahye er ikkje bitten lei seg for at ho i nokre dagar har måtta flytta all matlagingsaktivitet ut på den overbygde terassen. Ho er kjempeglad. For endeleg skjer det noko på kjøkkenet hennar, noko som burde vore gjort for mange år sidan.
Ønskjer å gjera godt– Me starta med å ta ned den gamle kjøkkeninnreiinga. Deretter reiv me av golvbelegget, skrapte golvet, vaska tak og vegger og malte dei nyvaska flatene, oppsummerer Oda Asheim Vorset.
Saman med Lars Meling Berge, Ole Morten Stokland, Torgeir N. Grødem, Joakim Stangeland, Ragnhild N. Grødem, Guro Skår, Kristine Vinje og Aleksander Garpestad hadde ho øyremerkt fem laurdagstimar til arbeidet.
– Når det gjeld akkurat dette prosjektet, vert me ikkje ferdige på ein dag. Den nye kjøkkeninnreiinga vil ikkje vera ferdig oppsett før måndag eller kanskje onsdag, fortel Asheim Vorset.
Men grovarbeidet og grunnlaget blei lagt laurdag.
– Kvifor?– Poenget er rett og slett bare at me har sett av ein dag der me ønskjer å gjera noko godt for andre - utan at me skal få betalt for det, fortel Asheim Vorset.
Ho og dei andre hjelparane er alle aktive i ungdomsgruppa på Bore bedehus.
Uendeleg takksam– For meg er det ei fantastisk hjelp. Eg har budd i Klepp i 20 år, og har budd her i dei åtte siste, fortel Yahye.
Husværet, og kjøkkenet, blei bygt i 1974 og har dermed gjort tenesta i godt over 30 år.
– Med sju barn og familie i Somalia som treng hjelp, har det vore vanskeleg for meg å kjøpa nytt kjøkken. Men så var det nokon frå frivillighetssentralen som fortalde om desse ungdommane som kunne hjelpa. Giss om eg vart glad, stråler Salwa Idris Yahye.
– Det vanskelegaste er koss eg skal få visa takksemda mi. Å seia tusen takk er liksom så lite.
Ungdommane opplever det ikkje slik. For dei er det flott å få bidra, flott å kjenna at arbeidet deira kan vera til nytte og glede for nokon.
Fleire hundreOppussingsarbeidet i Verdalen er bare eitt av mange gjera godt-prosjekt som blei gjennomført laurdag. Omlag 300 ungdommar frå heile Jæren var ute i felten i ulike ærend. Nokre dreiv med hagearbeid, andre med husarbeid, bilvask eller dei livde opp sjukeheimskvardagen med litt song og musikk.
– Jam er ei tverrkyrkjeleg opplegg der fleire hundre ungdommar frå ulike kristne ungdomsmiljø frå både Klepp, Time og Hå deltek, fortel John Lende, ungdomspastor i Frøyland/ Orstad kyrkjelyd.
Jam har også tidlegare stått på kjøreplanen, men gjera godt-storsatsinga er ny av året.