VEMODIG: Dagleg leiar Stein Waage synest det er vemodig å måtte slutta av. (Foto: Anne Berit Hatlem)
Dagleg leiar Stein Waage fekk i helga vita at han står utan jobb frå midt i oktober. Han har jobba åtte år på Nærland, og hotellet har eksistert i 10 år. Dei tilsette vart orientert mandag.
– Dei vart øvegidde, men tok det med fatning, seier Stein Waage til Jærbladet.
Får halda fram?Det er uvisst kor mange av dei 30 tilsette (i 15 årsverk) som vert heilt utan arbeid. Nærland Gjestegard har i dag ansvar for mat, resepsjonen frå klokka 16 til personelet kjem neste morgon i vekene og alt vakthald for rehabiliteringssenteret til LHL-avdelinga på Nærland i helgene.
– Eg håper at nokre av dei tilsette kan få tilbod om jobb i LHL, men dette veit eg ikkje, seier Stein Waage. Han har foreløpig ingen ny jobb å gå til når hotellet stenger dørene.
Nærlandparken AS eig Gjestegarden, som no vert fusjonert inn i Nærlandparken. Det er grunnen til at Waage ser at nokre av dei tilsette kanskje kan halda fram.
Ikkje lønsamtDet var ikkje mogleg å kombinera hotell og rehabilitering. LHL skal ha alle romma til rehabilitering, dei trengde fleire plassar fort, då var hotellet einaste alternativ i Nærlandparken.
Eigarane har altså bestemt seg for å satsa på rehabilitering framfor hotelldrift. Årsaka har vore synleg lenge.
– Hotellet har ikkje vore lønsamt dei siste åra. Då finanskrisa kom, vart me hardt ramma og måtte seia opp åtte-ti personar for å tilpassa oss den framtidige marknaden. No var drifta lagt om til meir kurs og konferansar, og det var fullbooka frå september og ut året. Kvifor nedlegginga skjedde så fort, kan eg ikkje svara for, seier Waage.
Tysdag måtte han ta den tunge turen til kundane og sei frå at dei nok må finna seg ein annan plass å ha kurs og konferansar.
Hotellokala var nyleg pussa opp, og dei tilsette såg framover. No blir det rehabiliteringsbrukarane til LHL som får nyte godt av det. Dei kan flytta rett inn, og får fine rom med dusj og toalett, ei betraktleg standardheving i forhold til i dag.
Med dei 33 romma forsvinn ein fjerdepart av hotellkapasiteten på Jæren, og Waage trur det kan skapa problem for næringa.