Sist søndag var Nærbø kyrkje fullstappa då det for andre gong vart arrangert Bygdakveld der inntektene gjekk til eit nevrokirurgisk senter i Etiopia. Det var for tre år sidan Ingunn Bjorland tok initiativet til eit lokalt engasjement for å gi økonomisk støtte til prosjektet nevrokirurg Gabriel Lende stod bak. Ho kunne knapt ha ant kva ho sette i gang.
Over ein halv million kroner var resultatet av bygdakvelden søndag, 100 000 meir enn tilsvarande kveld innbrakte i fjor.
Det er umogleg å ikkje verta imponert over dei resultata enkeltpersonar kan få til med sitt smittande engasjement. Ingar Kvias innsats for prosjektet i Haydom er eit anna døme på det same.