|
|
|
|
|
Pause for Bygdakvelden
Skriv ut
Gabriel Lende har hatt utfordringar i arbeidet i Etiopia. Bygdakvelden på Nærbø blir dermed utsett eitt år.
Publisert 25.11.2009
I februar stod Bygdakveld-komiteen på Nærbø for ei innsamling på nærare 600.000 kroner til arbeidet som nevrokirurg Gabriel Lende i Braincare Ethiopia står i.

Pengane var øyremerka eit nybygg for nevrokirurgi ved eit nytt sjukehus i Addis Abeba i Etiopia. Men på grunn av finanskrisa, stoppa det prosjektet opp og alle dei innsamla midlane frå 2009 står dermed framleis urørt.

- Sidan det nå står ein god del pengar på bok og Gabriel er i oppstarten av eit nytt samarbeid, vel me å utsetja arrangementet for 2010. Me har valt å ta ein pause, for så å koma sterkare attende året etter. Det synest me er rett. Og så går me ut med dette for at folk skal vera sikre på at kvar einaste krone kjem ut til dei folka som treng det i Etiopia, seier Terje Mjåtveit i komiteen for Bygdakvelden.

Nytt samarbeid

Gabriel Lende jobba fram til sommaren som nevrokirurg ved eit koreansk sjukehus i Etiopia. Men ein del praktiske problem oppstod her sidan leiinga ved sjukehuset ikkje godtok innlegging av pasientar som ikkje betalte umiddelbart. Sjølv om Lende stilte betalingsgaranti for dei fattige, fekk han ikkje lov til å operera dei eller legga dei inn.

Det førte til at Lende orienterte seg mot den amerikanske hjelpeorganisasjonen, Cure International, som opna nytt sjukehus i Addis Abeba hausten 2008. Planen var at nevrokirurgen frå Nærbø skulle vera med på laget og opna sjukehuset for nevrokirurgisk verksemd, som Bygdakvelden 2009 samla inn pengar til nybygg for.

Men finanskrisa sette sine spor, og gåveinntektene til Cure vart drastisk redusert. Organisasjonen frykta dermed at dei ikkje hadde nok midlar til å drifta det nevrokirurgiske senteret, og planane for nybygget måtte dermed skrinleggast.

- Nå er me glad for at det ikkje vart sett i gang noko bygging. Det ville vore ringt om eit nybygg vart sett opp utan at det hadde vore økonomi til å driva det. Me håper nå at Gabriel får arbeidsro slik at han kan gjera det han er spesialist på, og dermed får me oversikt over kor pengane best kjem til nytte, seier Bjørn Risa i Bygdakveld-komiteen.

I dag er Gabriel Lende professor i nevrokirurgi ved universitetssjukehuset i Addis Abeba, Black Lion Hospital. Han har her ei sentral rolle i opplæringa av etiopiske legar i nevrokirurgi. Her blir ingen pasientar avvist om dei ikkje har råd til behandling, men ein del utstyr manglar så utfordringane og behova står i kø.

Stort engasjement

Engasjementet har vore stort på Nærbø både blant sponsorar og gåvmilde bygdefolk, og komiteen går nå breitt ut for å informera om situasjonen.

- Me synest det er viktig å fortelja korleis det står til i denne saka som heile bygda står bak. Eg synest det er synd at me ikkje får arrangert ein Bygdakveld i 2010, men trass alt er det Gabriel som står midt oppi utfordringane. Han har opplevd ein del motgang, men viser eit utruleg pågangsmot. Når bare dette arbeidet hans kjem i gang, blir det endå betre, seier Mjåtveit.

Sigmund Lende er samd.

- Gabriel sitt arbeid i Etiopia har ikkje skifta fokus, det har bare skifta gir.
Komiteen garanterer for at alle pengane skal koma dei fattige til gode.

- Ingenting av midlane går inn i det statlege sjukehuset. Alle pengane er øyremerka dei fattige og det arbeidet Gabriel står i, seier Risa, som understrekar at det bare blir ein pause i innsamlinga.

- Me melder oss ikkje ut av engasjementet for dette arbeidet. Me tek bare eit års pause, seier bedriftsleiaren.



Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse: