Duoen Salte & Undheim har putla og grave i 34 år – nå seier dei nok er nok

Etter at Sigurd Undheim (t.v.) og Reinert Salte har selt eigedommen på Håland, er det slutt for anleggsgartnarfirmaet Salte & Undheim. Foto: Snorre Standish Norheim

Reinert Salte og Sigurd Undheim slenger beina på bordet, etter 34 år i felles anleggsgartnarfirma. Nå takkar dei kundane sine, og takkar av.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 22.02.2019 kl 14:20

– Me har hatt kundar som me starta hjå, og så vore på oppdrag hjå ungane deira. Me begynte for alvor å sjå at me eldast, då me var på oppdrag hjå barnebarna deira òg, humrar Sigurd Undheim.

Same dagen har ein gammal kunde på Kåsen ringt for å få hjelp i hagen, og ein på Lyefjell som plar ringja fast éin gong i året, har meldt sitt årvisse «kjem de snart?». Når vinterkulda trekk seg tilbake og våren melder seg, finn kundane fram telefonen og bed om assistanse i hagen.

Men etter nesten 34 år med eige firma, seier anleggsgartnarane i Salte & Undheim at nok er nok. Lokala på Håland er selde til ein dekkmontør, og restane av stein vart henta med traktor då Jærbladet stakk innom. Dei to har vore kollegaar og kameratar i over 40 år, og starta eige firma då Realf Grødem la ned maskinentreprenørfirmaet sitt, på Nubben på Bryne.

Reinert Salte (t.v.) og Sigurd Undheim gler seg til å stå opp om morgonen, sjå at det «grapsregnar» ute og veta at dei ikkje lenger treng å leggja om planane for dagen. Foto: Snorre Standish Norheim

Mange småoppdrag i privatmarknaden

På det meste var dei tolv tilsette i firmaet, inkluderte innleidde hjelparar, som har utført alt innan steinarbeid og planting. Då dei la ned firmaet var talet på tilsette nede i fire. I gjennomsnitt har dei hatt cirka fire oppdrag i månaden.

Privatmarknaden frå Bryne og opp til Stavanger har stått for dei fleste oppdraga. Etterspurnaden etter hagehjelp har vore liten i Hå.
– Me kan nesten ikkje finna ein plass på Bryne der me ikkje har vore. Same kva felt me køyrer på, er det 15–20 plassar der me har sett vårt preg, seier Reinert Salte.

Er ikkje leie av kvarandre

– Då me starta, var det veldig mange som ville gjera mykje sjølve. Nå er det slik at dei ha det gjort heilt ferdig, både hage og gardsrom, seier Salte.

Salte & Undheim har levert beleggingsstein, kantstein, skifer og naturstein, men òg beplanting – stort sett alt som høyrer med i eit anleggsgartnarfirma. I byrjinga var det beleggingsstein i gardsrommet som var mest etterspurt, medan etterspurnaden etter hjelp i hagen voks etter kvart.

Dei ferske pensjonistane skryt av kameratskapen seg imellom, og seier at den gode tonen har vore ein føresetnad for å kunna halda på så lenge.

– Me har hatt ein fordel i arbeidslivet i at me har hatt kvar våre arbeidsoppgåver, slik at me ikkje har gått og trødd oppå kvarandre. Det har gjerne vore dagar der me ikkje har sett kvarandre, seier Sigurd Undheim.

Steinlegging: Arbeidet med å leggja beleggingsstein i første del av Storgata begynte i september og vart ferdig i slutten av november 1991. Foto: Arkivfoto

Styrken hans har vore skifer- og natursteinsarbeid, eit arbeid han lenge delte med Reinert Salte. Gradvis begynte Salte å trekkja innomhus, og har dei siste 10–15 åra erstatta stein med papir- og administrasjonsarbeid. Dei første åra gjorde dei unna papirarbeidet etter arbeidstid, men gjekk så leie av ikkje å koma heim før i 22-tida om kvelden.

Overlevde oppdragstørke

Firmaet har følgt krisene og oppturane som har vore i næringslivet elles. Den vanskelegaste perioden var på slutten av 1980-talet, då jappetida ebba ut og vart erstatta av bankkrise og bustadkrakk.

Då ein kunde i 1989 skulle ha lagt 12 kvadratmeter heller, under eit tørkestativ, var dei éin av fem–seks aktørar som la inn tilbod om å få utføra jobben.

– Me fekk eit slag i trynet. Fram til då hadde det berre vore opp, opp, og så kom stoppen. Men me har trass alt kome oss igjennom, medan mange andre har dotte over ende, seier Reinert Salte.

«Nå, 10 år senere, har vi doblet både ansatte og omsetning - og vi har fått råd til å kjøpe traktor», sa Sigurd Undheim til avisa ved jubileet i 1995. Foto: Arkivfoto

Kakefest i Storgata

I november 1991 fullførte dei sitt største oppdrag. Ti veker gjekk med til å leggja 270 meter med beleggingsstein, til fortaua på begge sider av Storgata. På våren la dei nye 180 meter, og fekk dekt strekket frå Jernbanegata til Bryne mølle.

Handelsstanden støtta opp om arbeidskarane etter som dei arbeidde seg ned gata, med kaffi, kaker og full middag, mellom anna på fortauet ved Thime Station, midt i gata framfor Mallonhuset og hjå fiskarmann Peder Ree.

Middagsmåltidet framfor puben i starten av Storgata, var eitt av fleire tilfelle der handelsstanden visste å setja pris på steinleggarane. Foto: Privat

Ei anna spanande oppgåve, var innvendig og utvendig restaurering av Fotland Mølle, i samarbeid med jærarkitekt Per Line. I byrjinga av 1994 måtte dei måtte skunda seg med det utvendige arbeidet, fordi dei hadde bestilt tur i februar, til Karibia med SS «Norway».

Reinert Salte og Sigurd Undheim stod for steinarbeidet då Fotland mølle vart rehabilitert i første halvdel av 1990-talet. Foto: Arkivfoto

Stoppa trafikken på E18

Det mest elleville hende då eit stort tre, som låg inntil E18 på Ålgård, skulle fellast. Det var for stort til at det var råd å bruka motorsag. Ein gravemaskin grev rundt heile treet, og planen var å skubba det overende med grabben.

- Men det fall rett over E18, tok heile autovernet, gjekk over midtdelaren og opp til sykkelstien på andre sida. Trafikken stod til Figgjo og Vaularbrua. Heldigvis kom det ikkje bilar akkurat då. Eg har mareritt om det ennå, fortel Sigurd Undheim.

Det vart nokon timar overtid, og det vart mørkt medan dei sopte vegen og fekk sett opp autovernet, før Vegvesenet såg kva dei hadde stelt i stand.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...