Torvet Restaurant blir Torget Restaurant

Dionelie og Annbjørn Egeland skal opna Torget Restaurant på Bryne torg, i april. Foto: Snorre Standish Norheim

- Nå ligg det an til namneskifte, seier eigar Annbjørn Egeland, etter røystinga i Jærbladet.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 11.03.2019 kl 08:23

Reaksjonane var sterke på namnet på den nye restauranten Torvet Restaurant, som opnar på Bryne i april. Annbjørn Egeland vart kontakta både av tidlegare lensmann i Time, Geir Magne Aanestad, og mangeårig kulturformidlar i kommunen, Sigbjørn Reime. Egeland var i utgangspunktet skeptisk til å skifta namn, men skulle vurdera saka dersom det viste seg at engasjementet deira var representativt for kva andre meinte.

Jærbladet opna ein gallup på sine nettsider fredag 1. mars klokka 05. Spørsmålet var: «Kva er rett namn å bruka på restauranten?» Gallupen vart stengt 4. mars klokka 09.00. Då hadde 562 personar røysta. Talet på respondentar er høvesvis høgt. Sommarens røysting over Jærens beste strand hadde 2841 respondentar, men i 2016 hadde 5 av 7 gallupar lågare respons enn røystinga over namnet til Torvet Restaurant.

Eit klart fleirtal på nesten 90 prosent av respondentane, totalt 495 personar, meiner at «Torget» er rett svar. Eit lite mindretal på 67 personar, støtta det opphavlege namnet «Torvet».

Frist for å avgi stemme er dessverre utløpt.

Klikk her for å se resultatet

- Folkeviljen er ganske klar. Kva tenkjer de å gjera nå?

- Ja, då må me i tenkjeboksen, seier Annbjønn Egeland og humrar.

Fornøgd med interessa

Han er glad for responsen, og nå er han klar til å runda av språkdebatten.

- Ja, nå ligg det an til namneskifte. Me må lytta til fleirtalet. Det er sånn det er i politikken, òg.

Egeland vart teken litt på senga av tilbakemeldingane på namnet, og syntest i utgangspunktet at restaurantnamnet var noko eigarane stod fritt til å bestemma sjølve. Etter helgas røysting synest han det er artig at restauranten hans har fått så mykje merksemd.

- Det er positivt at det blir såpass respons. Det må vera ein fordel for oss, når me endeleg skal opna. Det er ikkje nok alle som får så mykje merksemd på ting og tang dei startar opp.

- Me må lytta til fleirtalet og ønskjer alle velkomne til komle på torsdagane, seier han og ler.

- Overveldande resultat

Geir Magne Aanestad ringde ekteparet Egeland, for å gje sitt synspunkt på namnet Torvet Restaurant. Måndag føremiddag er han godt oppdatert på stoda i namnerøystinga, som enda med stor oppslutnad kring forslaget hans.

- Eg var inne og såg på resultatet av røystinga dykkar, og det var så overveldande at det er klart at dette er noko som har engasjert.

Aanestad er godt fornøgd då han får høyra at eigarane går inn for namnebyte.

- Eg tenkjer at dei er så oppegåande, at dei ser at det finst ei litt betre løysing enn den dei først hadde tenkt på, og at dei grip sjansen for å få dette til å bli maksimalt frå starten av.

Lensmannen gler seg til komle

Til Jærbladet fredag, sa Aanestad at han ikkje såg vekk frå namnet ville gje komlene ein bismak:

- Eg hadde lyst å seia kva mine tankar rundt dette var, derfor tok eg kontakt med han. Eg sa at eg skal gå og eta komle, men at eg nok hadde trivest endå betre viss dette namnet var utan «v». For den v-en er heilt ukjend for meg, og heilt ukjend i den jærske dialekten.

Han trur namnediskusjonen kan ha styrkt stillinga til den nye restauranten på Bryne. Han ser fram til å prøva komlene på torget.

- Nå har eg store forventningar til komla. Eg kan ikkje skryta av komla før eg har smakt henne, men eg er glad i komle. Eg kjem til å prøva komla der, og kjem til å følgja det opp viss eg synest at komla er god, seier han.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...