Politikarane vil rota i budsjettpostane for å prøva å halda liv i Brynelunden

Brynelunden opne barnehage er føreslege lagt ned. Brukarar av tilbodet har mobilisert med lesarinnlegg og brev til politikarar. Foto: Snorre Standish Norheim

Gruppeleiarane i fleire av dei største partia i Time, vil rota i budsjettpostane, for å sjå om dei kan redda tilbodet om open barnehage.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 11.03.2019 kl 14:03

Saka som stakk seg ut mellom kuttforslaga til rådmannen i revidert budsjett, var nedlegginga av Brynelunden opne barnehage, for å spara 0,6 millionar inneverande år og 1,8 millionar frå neste år. Gruppeleiar i Ap, Lars Enevoldsen, hadde fredag fått tre brev med kreative forslag til korleis kommunen kan behalda eit tilbod om ope barnehage.

- Eg må seia at eg synest det er veldig bra at innbyggjarane engasjerer seg. Eg har fått tre godt dokumenterte brev, og det er bra. Eg håper me skal finna ei løysing på dette.

Ap har ikkje fått behandla framlegget til rådmannen, og har gruppemøte måndag. Partiet har ikkje hatt samtalar med andre parti. Enevoldsen synest det er ugreitt å skulla ta ein ny runde på budsjettet, kort tid etter at det vart vedteke før årsskiftet.

Lars Enevoldsen (Ap). Foto: Nils-Ove Støbakk

- Men må me, så me, og då er det viktig å sjå kva me kan redusera utan at det får minst mogleg konsekvensar for innbyggjarane.

- Eg har veldig lyst til å finna ei løysing som gjer at me kan ha eit eller anna tilbod om open barnehage, og det trur eg òg at eg vil få med meg resten av gruppa på.

Moglege alternativ kan, ifølgje Enevoldsen, vera å ha eit litt redusert tilbod, finna eit alternativt lokale, aller helst eit som kommunen eig, eller ha tilbodet i tilknyting til ein annan barnehage som finst i kommunen.

- Det er viktig å ha eit tilbod for dei som er uorganiserte, og ikkje er inne i full barnehage.

Høgre trur på snuoperasjon

- Alt er avhengig av samarbeid om å finna løysingar, men me har eit mål å kunna redda den opne barnehagen, og trur at me kan greia det, seier Andreas Vollsund, gruppeleiar i Høgre.

Høgre søkjer mot sine faste samarbeidspartnararar Venstre, KrF og Frp, for å finna røystene.

Andreas Vollsund (Høgre). Foto: Kristine M. Stensland

- Me har ikkje landa ein avtale ennå, men eg har ei forståing for at det er viktig for alle partia at me klarer å finna pengane.

Han seier kommunen er hamna i ein situasjon der det er nødvendig å ta tak, men var før helga ikkje klar til å presentera eigne, alternative kuttforslag. Han synest kuttforslaga til rådmannen er kjedelege, men er veldig glad for at ingen mistar jobben, viss dei greier dette.

- Eg trur at det me gjer nå er veldig smart, og gjer at resultatet blir betre. Fjorårets resultat var ikkje bra nok, derfor har eg trua på dette. Me må gjera nokon kutt. Eg trur me har ein del å henta internt, og så håper eg at me kan behalda dei tenestene og ordningane me har.

KrF har programfesta tilbod

- Me må rota litt i postane, for å finna nokon kroner til å løysa dette. Ei løysing bør vera at me greier å finna pengar til å ha drift ut dette året, og så må me bruka meir tid seinare for å finna den varige løysinga. Det viktigaste er at ein ikkje legg ned barnehagen, for gjer ein det, trur eg det vil bli veldig vanskeleg å få han tilbake igjen, seier varaordførar og gruppeleiar i KrF, Sverre Risa.

Han viser til at partiet har programfesta satsing på opne barnehagar. Han har forståing for at rådmannen ser på dei ikkje-lovpålagde postane først, men synest at integreringsarbeid framfor alt, gjer at kommunen framleis bør ha eit tilbod om open barnehage.

Sverre Risa (KrF). Foto: Anne Berit Hatlem

Eit argument han har mindre forståing for, er at Time ikkje bør ha open barnehage fordi dei fleste andre kommunane i landet ikkje har tilbodet. (Hå kommune har to opne barnehagar.) Risa meiner tilbodet er viktig for unge foreldre som går heime, både for innvandrarar etnisk norske foreldre.

- Men det er klart at det er mykje anna i budsjettet, enn barnehagen. Dette begynner å røyna på for skule og omsorg. Det bekymrar meg like mykje, faktisk. Det at me skal spara inn såpass mange millionar, spesielt på omsorg. Det betyr i praksis at ein del av dei som jobbar der, må springa fortare, og det er ikkje bra.

- Snakk om små pengar

- Eg trur det er mange som vil strekkja seg langt for å få dette til, fordi det er så små pengar det er snakk om. Det er ikkje der dei store beløpa er, så me reknar med å få til ei ordning for å ta vare på denne barnehagen, og me vil jobba mykje for å få det til, seier Petter Stabel.

- Men me må kutta noko for å få til dette. Eg kan ikkje seia akkurat korleis me skal gjera det, og kor me skal ta pengane frå.

Gruppeleiaren i Frp seier at det ikkje er noko uvanleg at eit budsjett som vart vedteke før jul, må endrast på ut på nyåret. Årsaka er at rekneskapen ikkje er gjort opp når budsjettforhandlingane pågår. Det overraskande i år, var ifølgje Stabel at det måtte ganske store kutt til.

Petter L. Stabel (Frp). Foto: Arkivfoto

- Men dei fleste politikarane ser nok likevel at dette er eit prosjekt som er viktig for mange grupper som går der, både norske og utanlandske. Det som Jærbladet har skrive har nok gjort at mange har fått ein vekkjar.

Han seier den opne barnehagen er lett for kommunen å kutta i, fordi tilbodet ikkje er lovpålagt. Fredag har han ikkje snakka med gruppa si, men er motivert av fem-seks brev han har fått, frå brukarar av Brynelunden, på norsk og utanlandske språk.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...