18 arbeidsplassar blir borte i Sirevåg

Rogaland Pelsdyrfôrlag har vore i drift sidan 1960. – Snart er det slutt, konstaterer styreleiar Terje Engeseth og dagleg leiar Jonny Gjersvik (t.v.). Foto: Brit Romsbotn

Når det ikkje lenger blir lov å halda pelsdyr, blir det heller ikkje behov for å produsera mat til dei. Rogaland Pelsdyrfôrlag blir historie innan 2025.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 30.01.2019 kl 10:21

Jonny Gjersvik, dagleg leiar ved Rogaland Pelsdyrforlag, seier at dei lenge hadde eit håp om at vedtaket om å avvikla pelsdyrnæringa innan 2025, ville bli endra.

– Konsekvensar for fleire

– Me har hatt eit håp om at pelsdyrnæringa skulle få lov til å halda fram. Men på det store bondemøtet på Varhaug var talen frå landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) klinkande klar. Pelsdyrnæringa blir avvikla, sjølv om KrF er imot nedlegginga. Difor er det ikkje lenger nokon grunn til å tru at dette er noko som blir endra, seier Jonny Gjersvik.

Rogaland Pelsdyrforlag har i dag 18 årsverk. I tillegg kjem sesongarbeidarar og ekstrahjelper.

Også det lokale næringslivet elles, vil merka konsekvensane når produksjonen av mat til pelsdyr blir lagt ned.

– Me kjøper mange varer og tenestar frå lokalsamfunnet, og mellom anna handlar det om tenester innan elektro, røyr og transport. Tre-fire transportørar frakter råvarene inn til oss. I tillegg handlar det om reingjeringstenester og dieselen som me kjøper ved den lokale bensinstasjonen, påpeikar Terje Engeseth.

Abiel Tesfaslasie Berhe jobbar på fabrikken til Rogaland Pelsdyrfôrlag. Han er blant dei som går ei uviss framtid i møte. Foto: Brit Romsbotn

– Må få tilskott

Verken den daglege leiaren eller styreleiar Terje Engeseth veit ikkje kor lenge produksjonen ved Rogaland Pelsdyrfôrlag vil halda fram.
– Me lever i uvisse, og me er avhengig av å halda oppe ein viss produksjon for å driva økonomisk forsvarleg. For kvar pelsdyrbonde som reduserer drifta, blir det vanskelegare for oss å få endane til å møtast, seier Jonny Gjersvik.

Styreleiar Terje Engeseth seier at dei sjølvsagt vil produsera så lenge det er behov.

– Oppdrettarane er avhengige av at me kan halda fram med å levera fôr i avviklingsperioden. Men me veit at det blir verre for oss å driva økonomisk forsvarleg i avviklingsperioden, seier Engeseth.

Rogaland Pelsdyrforlag ventar at dei får tilskottsmidlar frå staten i nedtrappingsperioden.

– Også me har fått kompensasjonsordninga som staten har føreslått for pelsdyrbøndene, til høyring. Tilskottsmidlar i nedtrappingsperioden blir ein av problemstillingane i høyringssvaret vårt, seier opplyser Terje Engeseth.

Rogaland Pelsdyrfôrlag

  • Ei av tre verksemder i Norge som produserer fôr til pelsdyr. Rogaland Pelsdyrfôrlag lagar meir fôr i året enn dei to andre til saman.
  • Held til i Sirevåg.
  • 18 årsverk.
  • Sette i 2015 produksjonsrekord, med 30.300 tonn pelsdyrmat. Seinare har produksjonen gått ned, på grunn av nedgangstider i Kina og uvisse kring framtida for næringa.
  • Etablert i 1960. Har 126 medlemmar. Litt meir enn av 80 av desse er aktive pelsdyrbønder i Rogaland, Telemark, Hordaland, Agder og Vestfold.

– Pelsdyrbøndene bestemmer

Dei ser også at det kan bli mogleg at det blir gjort forsøk på så skaffa ny produksjon i lokala i Sirevåg.

– Anlegget er spesielt retta mot pelsdyrindustrien, men noko av det kan brukast til matproduksjon retta mot kjæledyr, til dømes hundar. Dersom det blir aktuelt å prøva å få til vidare drift i anlegget her i Sirevåg, meiner me staten bør bida med omstillingsmidlar i perioden som kjem etterpå. Det er i mange tilfelle meir kostbart å omstilla enn å starta noko nytt, og det må store investeringar til om me skal få til lønnsemd i ei eventuelt ny drift, seier Jonny Gjersvik.

Det er pelsdyrbøndene sjølv som eig verksemda.

– Difor er det også dei som til sjuande og sist bestemmer kva som skal skje med anlegget i Sirevåg. Me er i gang med å skissera ulike alternativ for eventuell vidare drift, men ingen ting er utgreidd i detalj, seier styreleiar Terje Engeseth.

Avfall frå store deler av landet

Rogaland Pelsdyrforlag står sjølv som eigar av produksjonslokala i Sirevåg. Styreleiaren seier at kva som vidare vil skje med produksjonsanlegget i Hå, blir tema under årsmøtet for Rogaland Pelsdyrfôrlag, som skal haldast i april.

– Me vil også kontakta andre næringslivsaktørar her i Sirevåg og Hå kommune, held Engeseth fram.

Rogaland Pelsdyrfôrlag bruker fiske- og kjøtavfall i produksjonen sin. Dei får noko av avfallet gratis, og tek seg sjølv av frakta fram til produksjonsanlegget i Sirevåg.

Avfallet blir henta frå store deler av landet.

– Me ser på oss sjølv som renovatørar, og me tek hand om det som ikkje andre vil ha, fortel dagleg leiar Jonny Gjersvik.

I Sirevåg blir kjøtavfallet kverna opp før det blir frose i store blokker.

I Sirevåg blir kjøt- og fiskeavfall kverna opp før det blir frose i store blokker som blir nytta som råvarer i den vidare produksjonen av våtfôr til pelsdyr. Foto: Brit Romsbotn

Fiskeavfallet kjem ferdig frose i blokker inn til verksemda.

Dei frosne blokkene blir tilsett ei rekkje andre råstoff, og brukte som råvarer i den vidare produksjonen av våtfôr til pelsdyr.

Fôret som blir produsert i Sirevåg blir distribuert til pelsdyroppdrettarar i området mellom Sognefjorden og Vestfold.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...