Aksjon for å få fylkesvegen utanom Bryne

TIL AKSJON: - Kva er viktigast, folk sitt bumiljø eller dyrka jord? Løysinga frå Statens vegvesen vil gje eit dårlegare bumiljø for mange på Jæren, seier Bent Ove Tjøtta. Foto: Brit Romsbotn

Bent Ove Tjøtta tykkjer det er urovekkande at styresmaktene ikkje ser etter alternativ til å byggja ein fire felts veg gjennom Bryne.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Dette er ei enorm investering, og me vil få ein veg som me skal leva med i mange år framover. Kva andre stader er det som i 2017 planlegg ein fire felts veg like ved bykjernen, utan å vurdera andre alternativ? Er det frykta for å gå glipp av bompengar som er årsaka til dette enorme hastverket? spør Bent Ove Tjøtta.

Tjøtta bur sjølv langs fylkesveg 44, men han er ikkje blant dei som står i fare for å mista huset, dersom vegen blir utvida til fire felt.

Han arbeider som prosjekteringsleiar i entreprenørfirmaet Kruse Smith AS.

Med hjelp av andre fagfolk har han no fått laga eit overslag over kva konsekvensane blir, dersom det blir lagt ein ny omkjøringsveg vest for den noverande fylkesvegen.

FORSLAG: Bent Ove Tjøtta meiner at ein heilt ny omkjøringsveg vest for fylkesveg 44 vil vera ei mykje betre løysing ein å utvida fylkesvegen til fire felt. Han hevdar at det blir billegare og. Foto: Illustrasjon

Billegare og mindre belastande

Dette er funna han har gjort:

• Tapet av jordbruksjord blir omlag det same ved omkjøringsveg som ved utviding til fire felt. Årsaka er at alle tilkomstar til fylkesvegen mellom rundkjøringane på Kåsen og Braut etter planen skal stengast. Difor trengst det nye vegar både på nord- og sørsida for å få trafikken inn på fylkesvegen.

• Omkjøringsveg gjer at ein slepp den sterke trafikkbelastninga gjennom Bryne, med støy og svevestøv.

• Omkjøringsveg gir i praksis firefeltsveg heilt frå Re til Braut. To til gjennomgangstrafikk, og to til nærtrafikk.

• Omkjøringsvegen kan få 80-sone og vera utan rundkjøringar og lyskryss, noko som gjer at bilistane sparer tid.

• Gir moglegheit for å laga ei miljøgate frå Orrevegen til Kåsenvegen.

• Omkjøringsveg vil føra til at færre bustadhus vil bli rivne. Ein slepp ei løysing som gjer dårlegare bukvalitet for alle som bur langs vegen.

• Ein omkjøringsveg vil flytta tungtrafikken ut av sentrum, og betre ta opp i seg trafikkveksten som venteleg vil koma på Jæren.

• Sist men ikkje minst, omkjøringsvegen blir over 40 prosent billegare.

– Jord kan erstattast

Fylkesmannen har tidlegare sett foten ned for løysinga med omkjøringsveg. Årsaka er at forslaget går ut over dei langsiktige grensene for jordvern.

Det er også synt til at dette er ei løysing som vil ta langt meir dyrka jord, samanlikna med utviding av eksisterande veg.

Bent Ove Tjøtta meiner konklusjonen er for enkel, og han godtek han ikkje. Han meiner politikarane på Jæren heller ikkje bør gjera det.

- Kva er viktigast, folk sitt bumiljø eller dyrka jord? Løysinga frå Statens vegvesen vil gje eit dårlegare bumiljø for mange på Jæren. Det bør vera eit tungt argument i debatten, på same måte som jordvernet. I alternativet som vegvesnet har lagt fram, må bustadar løysast inn for å få dei fire felta realiserte. Men det kostar mindre å løysa inn jordbruksjord, seier Tjøtta.

Eit anna poeng er at jordbruksjord i området langs fylkesveg 44, som no er planlagt nedbygd, kan halda fram som jordbruksjord dersom omkjøringsveg blir realisert.

- På den måten vil ein få erstatning for noko av jorda som går med, utdjupar Tjøtta.
Planen er at av- og påkjøringane mellom rundkjøringa på Braut og rundkjøringa på Kåsen skal fjernast langs noverande fylkesveg 44.

Tjøtta meiner at ein også må sjå på grunnen som vil gå med, dersom det skal byggjast nye vegar på begge sider av den noverande.

- Og igjen må me spørja oss sjølv om kva som er mest viktig; - folk som bur i kommunane eller jordvernet, understrekar Tjøtta.

- For enkelt med ei løysing

Som tilsett i det private næringslivet er han sterkt uroa over at Statens vegvesen går for utviding av eksisterande veg, utan å laga ei skikkeleg utgreiing av kva resultatet kan bli med ein omkjøringsveg.

- Det er altfor enkelt å presentera ei løysing, utan å ha andre alternativ. Poenget mitt er at me må sjå på fleire moglegheiter før me landar. Når ein går inn i fleire alternativ, utfordrar det måten vår å tenkja på. Dette er dårleg handverk frå vegvesenet si side, og eg er både overraska og bekymra, fastslår Tjøtta.

Han tykkjer det er rart at ikkje Time kommune er meir aktiv.

– Sjølv forstår eg ikkje at dei ønskjer ein firefeltsveg så nær sentrum. Kommunen er tydelegvis meir oppteken av å skjerma ein parkeringsplass ved M44 enn å sikra bumiljøet for alle som bur langs vegen. Det overraskar meg, seier Tjøtta.

Politikarbrev og underskrifter

Denne veka har han sendt brev til alle kommunestyremedlemmar i Time og Klepp.

Bodskapen er at dei må setja ein stoppar ny fylkesveg 44 slik Statens vegvesen har sett fram forslag om. Same brev er også sendt til gruppeleiarane i Hå.

I tillegg har han vore ute og levert lappar med same bodskap postkassar i nærmiljøet. Han har også starta ei underskriftskampanje mot forslaget frå vegvesenet.

- Kva respons har du fått så langt?

- Ikkje så veldig stor førebels. Men eg har fått telefon frå ein politikar som gav med si fulle støtte. Han meinte det same, men hadde ikkje fått gjennomslag i partiet sitt, som følgje av jordvernet. Frå folk som bur i nærmiljøet, opplever eg veldig stor støtte. Ingen ser løysinga frå Statens vegvesen som framtidsretta, svarer Bent Ove Tjøtta.

- Flott med lokalt engasjement

Bjørn Åmdal, prosjektleiar i Statens vegvesen, seier at det er kommunane som til sist fastset planprogrammet og avgjer kva løysingar for fylkesveg 44 som det skal arbeidast vidare med.

Statens vegvesen ber no om innspel til planprogram og planoppstart for ny fylkesveg 44 med frist 10. mars. Bjørn Åmdal, som er prosjektleiar, tykkjer det er flott med lokalt engasjement i saka.

- Det er ikkje endeleg bestemt kva løysingar det skal arbeidast vidare med. Dette er det kommunane som til slutt avgjer når planprogrammet skal fastsetjast, seier Åmdal.

Neste veke skal han delta på informasjonsmøte om vegprosjektet i Time og Klepp.

Rammene som vegvesenet har fått i arbeidet med, er utviding av den noverande fylkesvegen.

- Forslaget vårt er difor i tråd med dei overordna rammene som er gitt. Me har heller ikkje fått innspel frå kommunane eller andre sentrale styresmakter om at andre løysningar skal vurderast, seier Åmdal.

Ein eventuell omkjøringsveg er omtalt i forprosjektet. Her legg vegvesenet vekt på at det også med ein omkjøringsveg vil vera kapasitetsproblem langs noverande fylkesveg 44. I tillegg reknar vegvesenet med ein at ein eventuell omkjøringsveg vil føra til større beslag av dyrka mark.

Vegvesenet reknar også med at ein ny omkjøringsveg til føra til konflikt med eksisterande og planlagt busetnad, heiter det i forprosjektet.

Måndag kveld inviterer Statens vegvesen til orienteringsmøte om ny fylkesveg 44 i Time, tysdag er det klart for same slags møte i Klepp.

I Time vil det opne orienteringsmøtet bli halde i rådhuset på Bryne. I Klepp blir møtet halde på Tu skule.

Begge stadar startar møta klokka 18.00. Den 27. februar blir det felles, open kontordag om vegprosjektet på rådhuset i Time frå klokka 14.00 til klokka 19.00.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...