– Barnevernet har eit relativt høgt trykk

Barnevernssjef i Klepp, Randi Møller, ber om meir ressursar. Foto: Kristine M. Stensland

Dette seier leiaren for barnevernet i Klepp. Statistikken fortel at barnevernet på Jæren må handtera langt fleire saker per årsverk enn ein gjennomsnittleg, norsk kommune.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lanserte nyleg ei søketeneste der ein kan samanlikna tal frå barnevernstenester i dei norske kommunane. På nokon punkt skil Jæren seg negativt frå det nasjonale gjennomsnittet.

Årsverk

- Barnevernstenesta har eit relativt høgt trykk. Det er travelt i forhold til dei arbeidsoppgåvene som ligg i mandatet vårt, seier Randi Møller som er barnevernssjef i Klepp.

I statistikken er det eit punkt som heiter «tal på barn med undersøkingar eller tiltak per årsverk». På landsbasis er det i snitt 19,8 slike barn per årsverk. I Klepp måtte ein fulltidstilsett ta seg av 27,3 barn. I Hå er talet oppe på 27,6, og i Time er det 27,1.

- Dette gjer at me har valt å ha fokus på kjernearbeidet vårt. Det går ut over samarbeidet me har med mellom anna skular og barnehagar. Me ønskjer å ha høve til å vera eit meir offensivt barnevern opp mot andre tenester, og me vil jobba meir førebyggande. Då er me avhengige av at samarbeidspartnarane våre har god kunnskap om barnevernet. Me klarer ikkje å vera så aktive her som me ønskjer å vera, seier Møller.

Ho fortel at tenesta har meir enn nok med å følgja opp dei meldingane som kjem inn.

- Det er ein del krav me ikkje kjem i mål med, som til dømes det som gjeld evaluering av tiltaksplanar.

60,9 prosent av barna med hjelpetiltak i Klepp fekk evaluert tiltaksplanen i 2016. I Noreg var gjennomsnittet 71,5 prosent.

- Målet med å evaluera er å vera tett på og sjå at tiltaka verkar. Me ønskjer ikkje at tala skal sjå lik ut som dei gjer, seier Møller.

Også kravet om at barn skal ha medverknad i eigne saker, lir under mangelen på ressursar, ifølgje Møller.

- Om me skal gjera det på ein god måte, må me ha meir ressursar.

I november la barnevernet i Klepp fram ei tenesteanalyse for kommunestyret. Her går det fram at det er lagt inn to nye årsverk for barnevernet til neste år. Dette synest leiaren er positivt.

- Me legg ikkje skjul på at dei tilsette blir slitne i periodar. Me har hatt nokon sjukemeldingar som er arbeidsrelaterte, men talet er ikkje alarmerande høgt.

Reidun Hjelmervik er leiar av barnevernet i Time. Ho fortel at 2017 har vore eit travelt år.

- Eg skulle ønska at me låg på landsgjennomsnittet for årsverk, seier ho.

Arbeidsbelastninga til dei tilsette varierer ut frå kor alvorlege saker dei er ansvarlege for.

- Det hender at det toppar seg. Då kan det bli ein del overtid, seier Hjelmervik.

Reidun Hjelmervik blei leiar av barnevernet i Time i år. Foto: Kristine M. Stensland

- Talet på tilsette i barnevernet i Hå er forsvarleg. Det er lite bruk av overtid, seier assisterande kommunalsjef Jørn Kosmo, som har barnevernet som ein del av ansvarsområdet sitt.

- Per i dag er det 16 saker per saksbehandlar. Det er ikkje for mykje. Men det er meir travelt i periodar, seier fagleiar Irene David.

Fagleiar Irene David og assisterande kommunalsjef Jørn Kosmo leiar barnevernet i Hå kommune. Foto: Kristine M. Stensland

Oppfølging i fosterheim

Området der Hå kommune skil seg mest negativt ut, er det som gjeld oppfølging av barn i fosterheim. I Hå blei det registrert at 66 prosent av barna fekk oppfølging i tråd med krava i lova. I Noreg er gjennomsnittet 84,4 prosent, medan Time og Klepp begge ligg over 90 prosent.

- Dette er identifisert som eit utfordringsområde. Me skal få betre oversikt. Men noko av problemet ligg også i systemet. Det handlar nok meir om feilføringar enn at barna ikkje har fått besøk, seier Kosmo.

- Me veit at ingen barn har vore utan tilsyn over lang tid, seier David.

Pengebruk

Av statistikken går det fram at Klepp kommune brukte 5.756 kroner på barnevern per barn i befolkninga mellom 0-17 år. Landsgjennomsnittet er på 8.925 kroner, Hå ligg på 6.275 kroner og Time på 6.343 kroner.

- Eg trur det er ei felles oppfatning i kommunen at me ikkje har prioritert barnevernet godt nok. For meg som leiar av barnevernet er det viktig at barnevernet blir prioritert, seier Møller.

I Hå fortel fagleiar Irene David at dei aldri har opplevd at dei økonomiske resursane ikkje har strekt til.

- Me har ei lov å forholda oss til. Barna skal få det dei har krav på. Det med pengane har aldri vore ein stoppar, seier David.

- Me har fokus på medviten bruk av resursane, seier Hjelmervik i Time.

Ho understrekar at målet til barnevernet er å gjera foreldre i stand til å ha barna heime.

- Eg trur mange er redde for å be om hjelp frå oss fordi dei er fryktar at dei vil mista barna. Fakta er at berre ca to prosent av sakene våre resulterer i omsorgsovertaking.

Fristbrot

Jærkommunane ligg mykje betre an enn landsgjennomsnittet når det gjeld fristbrot i undersøkingssaker. Nasjonalt blir det fristbrot i åtte prosent av tilfella. I Hå skjedde det ikkje i det heile, i Time var prosenten 1,4 prosent, og Klepp hadde 1,4 prosent.

- Me har hatt fokus på å halda fristane. Der har me lykkast. Eg håper tala blir endå betre for 2017, seier Møller om talet frå Klepp.

- Me har tydelege administrative rutinar på dette, seier Kosmo for å forklara nullen.

Samarbeidet

Møller fortel at tenesta i Klepp har 12,5 stillingar til saksbehandlarar. I tillegg har dei 2,3 stillingar som er plasserte i Time kommune. Der samarbeider Time, Klepp og Hå om hjelpetiltak. Dette er nytt av året.

- Me får i all hovudsak hjelp til foreldrerådgjeving derifrå. Samarbeidet fungerer veldig bra, seier Møller.

Barnevernet i Hå og Time er også nøgde med samarbeidet.

- Me har 2,33 årsverk der. Me får gode og målretta tiltak gjennom samarbeidet, seier David i Hå.

- Samarbeidet går veldig bra. Før kjøpte me ein del av desse tiltaka frå Bufetat. No får me høg kompetanse i eiga barnevernsteneste, og me sparer pengar på å kunna levera tiltaka sjølve, seier Hjelmervik i Time.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...