- Beredskapen på Jæren vil bli svekka

SKEPSIS: Jannike Larsen Erga, Anne Gro Wiig Braut og Inger Motland Urstad er alle sjukepleiarar ved Klepp og Time legevakt. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Sjukepleiarar ved Klepp og Time legevakt er skeptiske til å flytta legevakta til Sandnes.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sandnes kommune har stilt det som blir oppfatta som eit ultimatum til Klepp og Time kommunar.

Viss ikkje kommunane går med på å samarbeida om eit fullverdig legevakttilbod på Sandnes, både på ettermiddag og kveld, er det usikkert om Sandnes framleis ønskjer å samarbeida om nattlegevakt.

I dag er nattlegevakta for Klepp og Time i Sandnes, medan Hå har eiga nattlegevakt. Sandnes legevakt svarer også på telefon for Klepp og Time legevakt på dagtid.

- Handlar om økonomi

Sjukepleiarar ved Klepp og Time legevakt er fornøgde med samarbeidet slik det er i dag og ønskjer ikkje at legevakttilbodet på Kleppe, skal flyttast til Stangeland i Sandnes.

Dei er opptekne av at å oppretthalda ei legevakt for Klepp og Time på Kleppe ikkje bare handlar om at innbyggjarane kan koma med akutt sjukdom på kveldar og i helger.

- Det handlar om at det er lege tilgjengeleg ved såkalla raude responsar dei gongene det står mellom liv og død. Då rykkar lege frå legevakta ut. Flyttar legevakta til Sandnes vil det bare vera tilgjengeleg lege i Klepp og Time kommunar på dagtid når legekontora har ope, altså verken på kveldstid eller i helgene, seier Inger Motland Urstad.

Ho meiner dette til sjuande og sist handlar om økonomi opp mot tilbodet innbyggjarane får.

- Viss politikarane vel å bare tenkje økonomi her, vel dei å svekka beredskapen på Jæren, meiner ho.

- Til innbyggjarane sitt beste?

Sjukepleiarane meiner også det er verdt å stilla eit spørsmål om avstandar.

- Det er rundt ti minutt på motorvegen mellom Sandnes og Stavanger legevakt, i tillegg til at SUS er rett på sida, og så skal det ikkje vera nokon ting mellom Sandnes og Hå, der det bur rundt 40.000 menneske, spør ho ut i lufta.

Sandnes ønskjer også Hå kommune velkommen til å samarbeida om nattlegevakt i fyrste omgang, men ønskjer at kommunen då skal inngå ei intensjonsavtale om meir samarbeid i framtida.

- Er det til innbyggjarane sitt beste at det ikkje skal vera tilgjengeleg lege på kveldstid og i helgene mellom Sandnes og Egersund, lurer Motland Urstad.

- Legen er ofte fyrst på plassen

Dei tre sjukepleiarane fortel at det ikkje er lenge sidan ambulansen var oppteken og det var legen frå Klepp og Time legevakt som var fyrst på plass.

- Me opplever nokre gonger at det er legen som er fyrst, seier Jannike Larsen Erga.

- Det reddar liv på Jæren, legg Motland Urstad til.

Dei tre meiner Klepp og Time legevakt er ein stor nok eining på kveldstid og i helgene. Det er som regel fullt på legevakta. Viss samarbeid med Sandnes ikkje er aktuelt på nattestid, vil dei tre sjå til Hå.

- Me meiner det hadde vore ei god løysing for Klepp og Time legevakt å samarbeida med legevakta i Hå om nattlegevakt. Om natta er det ikkje snakk om kø på legevakta. Då handlar det om liv og død og raskast muleg respons, meiner dei tre.

Dei meiner at ei eventuell nattlegevakt for Jæren kunne vore lokalisert på Hå legevakt på Bekkeheien.

- Med ambulansesentralen i same bygg, kunne ein fått til ei god ordning der legen kunne sete på med ambulansen, seier Motland Urstad.

Ei jærsk legevakt?

Dei tre er heller ikkje framande for meir samarbeid mellom Klepp, Time og Hå.

- Eg meiner at ei felles jærsk legevakt er framtidsretta. Kommunane er passeleg store og det hadde blitt ein robust legevakt for framtida. I tillegg til at me ville behalda den kompetansen me har bygd opp over tid på Jæren, seier Larsen Erga og viser til at legevakta har høgt antal leger som er godkjende for legevakt, dei arrangerer jamleg øvingar med andre naudetatar og har eit godt, stabilt og erfarent fagmiljø.

Sjukepleiarane poengterer at legevakta også har eit nært samarbeid med heimetenesta og andre hjelpeinstansar i kommunane når dei treng legehjelp.

Jærkommunane bad om vurdering

I fjor bad Klepp og Time om ei vurdering av dagens samarbeidsmodell, og moglegheita for å verta fullt integrert med Sandnes legevakt på dagtid. Hå kommune ville ha vurdert om det ville vera muleg å vera med i Sandnes legevakt på dagtid. I vår kom svaret frå Sandnes kommune.

Kommunaldirektør Elin Selvikvåg viser til ulike modellar for samarbeid. Ho slår fast at Sandnes ikkje ønskjer å vidareføra dagens ordning med å vera telefonsentral for Klepp og Time på dagtid.

«Det anbefales at legevaktsamarbeidet utvides til hele døgnet med alle kommunene. Hå kommune inviteres til samarbeid på natt, med intensjon om utvidelse på sikt», skriver Selvikvåg.

Nytt brev

Jærkommunane oppfatta svaret som om det ville vera muleg å vidareføra dagens samarbeid. Men eit brev som kom i slutten av mai presiserte altså at det er eit fullverdig samarbeid heile døgnet Sandnes tilbyr.

Då Jærbladet spurte kommunaldirektør Selvikvåg om dette er eit ultimatum, slik som Klepp kommune oppfattar det, svara ho:

«Eg synest det er vanskeleg å bruka ord som ultimatum. Vår tilråding er klår, og baserer seg på det som fagleg og økonomisk er best. Skulle Klepp og Time ønskja ei anna løysing, må me i Sandnes ta ein ny runde og sjå på om det lar seg gjera eller ikkje.»

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...