Blei lærar på skulen der han sjølv var elev

Vegard Ask er lærer på Tryggheim vidaregåande skule. Han underviser i historie, samfunnsfag og rettslære. Foto: Kristine M. Stensland

Jubilant: Vegard Ask møtte kona for fyrste gong då dei som babyar blei døypte i same døypevatn.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 02.03.2018 kl 18:00

- Åra eg hadde som elev på Tryggheim vidaregåande skule, var tre veldig kjekke år. Eg hadde inntrykk av at lærarane hadde det gildt saman. Derfor søkte eg meg tilbake, seier Vegard Ask.

Han er no lærar i samfunnsfag, historie og rettslære på skulen.

- Det er veldig kjekt å ha russeklassane. I tillegg til å læra dei det faglege, prøver eg å førebu dei på livet som kjem etterpå. Det er ei bratt læringskurve ein får når ein blir student. Plutseleg skal ein ha eksamen med fleire bøker som pensum.

I tillegg til å vera engasjert lærar, er Ask lokallagsleiar i Hå Kristeleg Folkeparti.

- Då eg budde i Bergen og studerte, var eg fylkesleiar av KrFU, og eg hadde plass i fylkestinget. Som student ville eg gjera mest mogleg. Eg fekk eit anna fokus då eg fekk barn. Å vera heime med ungane er det kjekkaste eg gjer. Men det er fint å framleis ha ein fot innanfor i partiet.

Jubilant

  • Namn: Vegard
  • Alder: Blir 30 år fredag 2. mars
  • Bustad: Nærbø
  • Yrke: Lærar på Tryggheim vgs
  • Familie: Gift, to barn på 2 og 6 år.

Ti års ekteskap

Kona Hilde har han kjent lenge. Også ho er nyleg blitt 30 år, og paret skal ha felles bursdagsfeiring i heimen.

- Me blei døypte i same dåpsvatn. Me forlova oss då me var 19 år, og gifta oss då me var 20.

Dei budde saman i Bergen, men bestemte seg for å flytta tilbake til Nærbø i 2013.

- Me sakna Jæren. Dessutan har barna besteforeldre her. Det er praktisk å koma heim til så gode barnevakter.

Lærar og student

Ask har ein master i samanliknande politikk frå Universitet i Bergen. Han hadde ikkje fullført utdanninga då han flytta heim.

- Eg gjorde mastergraden ferdig her. Eg studerte 100 prosent og hadde 60 prosent stilling på Tryggheim. No jobbar eg 100 prosent medan eg studerer pedagogikk 50 prosent. Eg trur dei heime ser fram til at eg er ferdig med studia til sommaren.

Masteroppgåva hans handlar om amerikansk politikk.

- Eg skreiv oppgåve om partisystemet deira, der ein har to store, dominerande parti. Eg brukte det grøne partiet som case for å sjå kva som gjer at små parti likevel gjer det bra i nokon tilfelle.

Ask føretrekk det norske valssystemet.

- Det er ein fordel med mangfald. I alle fall til ein viss grad.

Skulepolitikk

Han blei med i KrF då han gjekk på vidaregåande.

- Eg blei spurt om å vera med i styret til Hå KrFU.

Det var ikkje vanskeleg for han å velja parti.

- KrF skil seg ut. Dei har fokus på dei svake i samfunnet, til dømes barn som slit med foreldre som er rusmisbrukarar, og det ufødde livet. Partiet ser dei som ikkje roper høgast.

Då han sat på fylkestinget i Hordaland, var han med på å jobba for å få eit mobbeombod i fylket, noko som i ettertid er blitt ein realitet.

- Me sette av pengar til det i budsjettet vårt, men den gong fekk me ikkje fleirtal for det.

Som lokalpolitikar synest han framleis arbeidet mot mobbing er viktig. Dessutan er han oppteken av vilkåra for friskular.

- Det er viktig å ha alternativ til den offentlege skulen. Men det finst nok av stemmer som vil snevra inn moglegheita for dette.

Fotball, dans og drama

Under oppveksten var han innom både fotball, folkedans og drama.

- Dansinga var på Bø skule. Me dansa mykje forskjellig. Det var nok ikkje det kjekkaste eg gjorde.

Fotballen slutta han med då han fann ut at han ikkje var blant dei beste.

- Eg trur ikkje eg er den flinkaste til å koordinera føtene. Eg er veldig konkurransemenneske. Klarte eg ikkje å yta på topp, datt eg av.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...