Bryne FK håpar å kunne heisa «hall-flagget» på sjølvaste frigjeringsdagen

Slik ser Bryne FK for seg den nye hallen, med fotballhall på toppen og mellom anna to fleirbrukshallar under. Foto: Bryne FK / Bryne vgs

Lokalpolitikarane utsette skjebnen til storhallen ved Bryne stadion.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Onsdag ettermiddag var hallprosjektet til Bryne Fotballklubb oppe til behandling i kommunestyret i Time kommune.

I formannskapet sa eit tydeleg fleirtal nei til å støtta hallplanane – samtidig som fleire politikarar understreka at dei kunne endra meining til kommunestyret dersom fotballklubben klarte å lansera ei alternativ finansieringsløysing.

To nye alternativ

Den siste veka har fotballklubben jobba aktivt for å finna løysingar som politikarane kan gå med på. I tillegg til det opphavlege forslaget, har Bryne FK presentert to ulike alternativ for tredeling av kostnadar.

Dei to nye forslaga er med og utan parkeringskjellar. Om Time kommune seier ja til dette, vil det kosta kommunen 21,5 millionar kroner i tilskot utan parkering og 31 millionar med parkering. Dei årlege driftstilskota er sett til 1 million (utan parkering) eller 1,3 millionar (med parkering)

Prosjektet vil truleg få 21,5 millionar kroner i tippemidlar. Dermed må Bryne FK sjølv ta seg av eit lån på 35,1 millionar (utan parkering) eller 42,6 (med parkering)

– Oppfordringa var å sjå på andre modellar. Det har me gjort, slår styreleiar Nils Steinsland i Bryne FK fast.

I tillegg ligg 2,6 millionar kroner i årleg leige frå Rogaland fylkeskommune inne i budsjettet. Dette er allereie klarert med fylket, som vil ha Bryne vidaregåande skule som leigetakar på dagtid.

– Og tilbodet til kommunen om tilsvarande leige står fast, om det er lettare å få til for å få i hop budsjetta, seier Steinsland.

Samrøystes i kommunestyret

I kommunestyret lanserte Staale G. Haaland (H) eit fellesforslag frå alle partia om å utsetja saka og gjera ei grundig vurdering av det nye alternativet med parkeringskjellar. Dette blei samrøystes vedtatt.

– Me meiner det er riktig å gjera ei vurdering av det nye forslaget som fotballklubben har kome med, understreka Haaland frå talarstolen.

Nå ber politikarane administrasjonen vurdera situasjonen på nytt, for så å ta saka opp til ny vurdering i formannskap og kommunestyre så fort som mogleg.

– Neste kommunestyre er 8. mai. Har du eit håp om at saka kjem opp igjen allereie då?

– Ja. Det bør vera realistisk, seier Nils Steinsland.

– Og eg har god tru på at når ein nå får utgreidd saka litt meir, så vil ein sjå at dette er det beste alternativet for kommunen òg. Nå reknar eg med at me får ei samanlikning med eple mot eple, og ikkje to forskjellige ting slik som før. Eg er heilt sikker på at Time kommune ikkje klarer å bygga dette billegare enn det me gjer.

Ny hall på Bryne

  • Bryne FK vil bygga ny hall i fleire etasjar. Hallen skal etter planen mellom anna innehalde fotballbane, to fleirbrukshallar, styrkerom, klatrevegg og garderobar.
  • Målet er å koma i gang med bygginga i august 2018, og at hallen skal stå klar til skulestart hausten 2019.
  • Formannskapet i Time kommune sa nei til å støtta prosjektet, og ville heller gå for rådmannen sitt forslag om å bygga kommunal hall.
  • Eit samrøystes kommunestyre gjekk onsdag inn for å utsetja saka for å sjå på dei nye forslaga som Bryne FK har kome med.

Klarsignal frå skattekontoret

Rådmannen i Time kommune har tidlegare stilt fleire spørsmål ved prosjektet. Nå har Bryne FK fått ein uttale frå Skatt Vest om at dei vil få full kompensasjon for momsen, sjølv om dei planlagde fleirbrukshallane ikkje er til eige bruk. Ei «klassisk» tredeling av finansieringa fjernar også problemstillingane knytt til offentleg støtte til kommersiell drift.

I dei nye forslaga til kommunen, peikar Bryne FK òg på heilheita i utviklinga av området rundt Bryne stadion. Fotballklubben peikar på at kommunen tidlegare har knytt heile utbygginga og alle områda ved stadion saman.

Hausten 2016 konkluderte tidlegare Time-rådmann Brit Nilsson Edland med at «dimensjoner og arealstørrelse på prosjektet tilsier et av de størst sammenhengende, regulerte områdene i Bryne sentrum i nyere tid. Dette åpner for store muligheter, med tilsvarende ansvar. Høy kvalitet i opparbeiding og gjennomføring, samt hensyn til etablering av gode møteplasser for nye og eksisterende beboere, vil være avgjørende for hvordan denne delen av Bryne vil oppleves og utvikler seg».

– Skal me få dette til, treng me at dette er den første vesle delen av snøballen som begynner å rulla, understrekar Nils Steinsland.

– Alt heng i hop med alt. Dette er starten, og korleis me skal få det til om me ikkje klarer dette eingong, er det mange som har problem med å sjå.

Ønsker å starta til hausten

Sjølv om hallprosjektet nå er sett på vent til kommunen har tatt ei endeleg avgjerd, er Steinsland overbevist om at Bryne FK uansett vil klara å få ferdig ein hall veldig mykje raskare enn om Time kommune sjølv skal byggja.

– Ja. Det seier i alle fall dei som kan meir om slike prosessar enn meg.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...