Byggmeister blei rundstolen, men no har både firmabil og verktøy kome tilrette

Byggmester Ingvar Serigstad ved vindauga som tjuvane knuste då dei tok seg inn i lagerbygget på Nyland ved Bryne. Foto: Brit Romsbotn

Ingvar Serigstad som har drive Serigstad Bygg sidan 1995, blei fråteken både firmabil og verktøy då tjuvar tok seg inn i bygget han leiger på Nyland ved Bryne.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 04.11.2018 kl 09:29

– Folk som nyttar seg av svart arbeid, må vera klar over at det er årsaka til at innbrot som dette skjer, fastslo byggmeisteren då Jærbladet møtte han torsdag kveld.

Då Ingvar Serigstad kom til lageret på Nyland ved Bryne torsdag morgon, fekk han seg ei stor overrasking.

Tjuvar hadde vore inne på lageret og stole nesten alt av elektrisk utstyr som han har nytta ute på byggeplassen.

Også firmabilen, ein Opel Combo som er tydeleg merka med Serigstad Bygg AS, var vekke.

Seint laurdag kveld melder Serigstad at bilen er kommen til rette.

– Firmabilen blei funnen ved Austbø barnehage på Bryne laurdag. Eg har også fått noko verktøy igjen, og eg trur politiet har funne resten av verktøyet og maskinane også, opplyser Serigstad.

Blodspor og plaster

Til bilen som blei stolen er det for tida berre ein nøkkel, og den hadde han sjølv.

– Så eg anar ikkje korleis dei har fått kjøretøyet ut på vegen. Det kjendest heilt uverkeleg å koma hit og oppdaga at uvedkommande hadde teke seg til rette og stole nesten alt arbeidsutstyret mitt, fortalde Ingvar Serigstad til Jærbladet.

Torsdag hadde han eit oppdrag på Randaberg, men det måtte avlysast.

– Heile dagen og heile arbeidet har gått i vasken, og eg veit heller ikkje heilt kva eg skal gjera. Men eg må i alle fall skaffa meg ein ny bil, og eg har heldigvis ei forsikring som dekkjer leigebil i 30 dagar, fortel byggmeisteren.

Tjuvane tok seg inn i bygget ved å knusa ei rute. Både på betonggolvet og på noko av verktøyet, har dei lagt frå seg blodspor.

Tjuvane tok seg inn i bygget ved å knusa ei rute. Både på betonggolvet og på noko av verktøyet, har dei lagt frå seg blodspor. Foto: Brit Romsbotn

– Førstehjelpsskapet er tømt for plaster og anna utstyr. Politiet som kom raskt til staden torsdag morgon, har tatt DNA-prøvar av blodet, fortel Serigstad.

Plasserte verktøy på tralle

Torsdag kveld hadde han låsesmed Tryggve Stueland Wist på plass for å skifta ut alle låsar til lagerbygget.

Byggmeister Ingvar Serigstad (til venstre) fekk torsdag kveld hjelp til å skifta låsar av låsesmed Tryggve Stueland Wist etter innbrotet i lageret på Nyland. Foto: Brit Romsbotn

– Eg hadde også nøklar liggande, og dei er vekke. Det er tydeleg at dei har hatt planar om å koma attande. Utstyr som låg i firmabilen, er bore inn i lagerhallen og plassert på ei tralle. Alt som står på denne tralla, er det tjuvane som har plassert, seier Serigstad, og peikar mot Trallfa-tralla frå 1967.

– Det er tydeleg at tjuvane har hatt planar om å koma attande. Utstyr som låg i firmabilen, er bore inn og plassert på ei tralle. Alt som står på denne tralla, er det tjuvane som har plassert, seier Ingvar Serigstad, og peikar mot Trallfa-tralla frå 1967. Foto: Brit Romsbotn

Inne i lagerhallen har dei også gjort forsøk på å starta trucken, utan å lukkast. Ein sykkel som tjuvane har brukt som framkomstmiddel, og diverse utstyr som er nytta for å bryta seg inn i lagerhallen, ligg igjen på staden.

Noko av det som er stole, tilhøyrer sonen Anders Serigstad. Fleire ting av det som er vekke, kan ikkje erstattast.

Jærens eldste stikksag

– Hammaren, som eg har hatt sidan tidleg på 1980-talet og er av type Estwing, er vekke. Det same gjeld eit kubein i fjørstål, som eg hadde hatt sidan tidleg på 1970-talet og brukt i alle år seinare. Både hammaren og kubeinet er handla hjå Stueland på Bryne. Eg har vore livredd for både hammaren og kubeinet, for det er ikkje råd å få tak i utstyr som er like godt, fastslår Serigstad.

To spikerpumper er også vekke. Heler ikkje desse kan erstattast med noko som finst på marknaden i dag.

Serigstad er også fråstolen ei handstikksag frå 1995 av merket Festo.

– Forhandlaren frå Motek sa at handstikksaga mi var Jærens eldste, fortel byggmeisteren.

Tjuvane tok seg inn i lageret på Nyland ved å knusa eit vindauge. Foto: Brit Romsbotn

Ingvar Serigstad håper inderleg at firmabilen hans blir funnen og tjuvane tekne.

– Det meste av det stolne utstyret er koda, slik at dei vil finna fram til meg om utstyret kjem tilrette. Folk som nyttar seg av svart arbeid, må vera klar over at det er grunnen til at innbrot som dette skjer, fastslår byggmeisteren.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...