Byrjar for seg sjølv etter 12 år som tilsett

KLAR: Måndag 2. januar 2017 er Kristian Haga i Klepp i full gang som sjølvstendig næringsdrivande. Haga tek maskinoppdrag og tilbyr også konsulenttenester innan byggebransjen. Foto: Brit Romsbotn

Frå nyttår blir Kristian Haga (29) i Klepp sin eigen sjef. – Ikkje alle forstår valet mitt, seier han.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Før jul hadde Kristian Haga sin siste arbeidsdag hjå Stangeland Maskin AS i Sola, som har vore arbeidsplassen hans sidan 2008. Deler av romjula har han brukt til å reisa ut i distriktet og sjå på oppdrag.

- Hadde det kjempegodt

- Mange seier at dei ikkje forstår at eg vel å slutta i ein trygg, fast jobb i eit solid firma for å starta mitt eige. Men dei legg heldigvis til at dei trur eg vil lukkast, seier Kristian Haga til Jærbladet.

Han vedgår at det kjendest litt rart då han hadde sin siste arbeidsdag hjå Stangeland Maskin AS.

- Eg har hatt det kjempegodt der eg var. Men eg er heldigvis ikkje ein type som bekymrar meg over usikkerheit. Dette er ikkje noko som passer for folk som blir redde når dei ikkje veit korleis ting blir eit par veker fram i tid. Eg reknar med at det blir mykje hardt arbeid og lite sofaliv, seier Haga, som er gift og far til to barn på åtte og fem år.

Arbeid ut april

Måndag 2. januar 2017 er det i full gang som sjølvstendig næringsdrivande. Første oppdrag er utskifting av masse i eit gardsrom i Sola.

- Eg gler meg til å koma i gang, seier Haga.

Han startar med oppdrag for 700.000 kroner, og han har nok arbeid inne til ut april månad. I tillegg har han gitt prisar på jobbar for tre millionar kroner, og han veit endå ikkje om noko av dette blir hans.

- Eg ser lyst på situasjonen, og eg har folk som eg kan leiga inn, dersom eg treng hjelp no i starten. Eg er framoverlent, har stå-på-vilje og ei god kone. Det var ho som pusja for at eg skulle gå i gang for meg sjølv. Ho tykte eg hadde snakka så lenge om det, og meinte at tida var inne for å gjera noko, seier Haga.

Også konsulentoppdrag

Heilt sidan han i 2005 byrja i lære som anleggsmakskinførar, har draumen vore å starta for seg sjølv.

- Men eg ville først ha erfaring, og det har eg fått no, seier Haga.

I oktober registrerte han selskapet K H Maskin AS der han sjølv er styreleiar og einaste tilsette. Ektefellen Silje Tjøtta Haga er styremedlem.

Her tilbyr 29-åringen tenester som maskinentreprenør og konsulentoppdrag innan bygg og anleggsbransjen.

- Brei erfaring

Kristian Haga er utdanna anleggsmaskinførar ved Time vgs. I 2005 starta han læretida hjå Vidar Omdal Maskin AS i Sandnes.

Tre år seinare fekk han fast arbeid i Stangeland Maskin AS.

Då Kristian Haga byrja i Stangeland Maskin, var han først anleggsarbeidar ute. Deretter gjekk han vidare til å bli arbeidande formann og formann.

- I 2010 fekk eg permisjon for å utdanna eg meg innan anleggsteknikk ved Teknisk fagskule. To år seinare var eg tilbake hjå Stangeland som avdelingsleiar for fundamentering, fortel Haga, som er fødd i Tananger og har budd i Klepp sidan 2005.

Han ser det som ein stor fordel å ha allsidig erfaring.

- Eg har hatt mange ulike arbeidsoppgåver, og eg sit igjen med veldig brei erfaring. Eg går no ut or eit stort selskap der eg er vant med å arbeida med strenge krav for dokumentasjon. Også det ser eg på som ein stor fordel når eg no kjem i gang for meg sjølv.

– Vil skapa noko

- Kva er grunnen til at du har valt å seia opp eit trygt, fast arbeid for å bli sjølvstendig næringsdrivande med ein langt meir utrygg yrkeskvardag?

- Dette er noko eg alltid har hatt lyst til å gjera, og no er moglegheita komen. Mellom anna handlar det om å skapa noko for seg sjølv, og om å skapa arbeidsplassar. Eg startar åleine, men reknar med å utvida med ein eller to fast tilsette i løpet av året. Eg ser føre meg ein roleg start og at me om nokre år er mellom fem og ti som arbeider i KH Maskin AS. Planen er å veksa ved å leggja stein på stein. Men forstår også dei som seier at dette ikkje er heilt sunn fornuft, seier Haga.

På utkikk etter lokale

Kristian Haga, som opphavleg kjem frå gard Tananger, har førebels ikkje skaffa seg eigne lokale i Klepp.

Kontoret har han heime i bustaden. Utstyret som høyrer til firmaet, er er inntil vidare plassert på garden som han kjem frå.

Planen er å skaffa eigna lokale i Klepp.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...