Charlotte tok til tårer då filmen om Per Fugelli blei vist på Bryne

Enke etter Per, Charlotte Fugelli måtte lukke augo fleire gongar då filmen frå deira siste månadar saman blei vist på lerrettet i Storstova. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

– Det er litt tøft. Mhm. Eg legg merke til ting eg ikkje har sett og som eg ser er fine, seier Charlotte Fugelli, enke etter Per Fugelli om filmen om hans siste dagar.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Fredag kveld var det rulla ut raud løpar og funnet fram glas med stett på Bryne kino.
Heidersgjest var Charlotte Holst Fugelli, enka etter Per Fugelli. Det var nemleg førpremiere på den nye filmen «Den siste resept», som handlar om den siste tida til Per, der me får følgja han og Charlotte gjennom dei siste månadane.

«Den siste resept» startar med eit nærbilete av ein skjorteknapp som Per knappar igjen, før kameraet blir ført opp til skjortekragen der hovudkarakteren fortel korleis han knyter eit slips.

– Det er som å knyta ei skolisse, seier Per inn i kameraet.

Men så får han det ikkje til, og hovudkarakteren ler. Det same gjer publikummet på Bryne.
Slik går filmen. Per snakkar sakte med si djupe stemme inn i kameraet og med filmteamet som har følgd han og Charlotte gjennom fleire månadar med opptak.

Me får vera med dei to til øya Røst i Lofoten der paret hadde eit landstad, til hytta på Orre og til leilegheita deira i Oslo.

Rundt 200 hadde tatt turen til Bryne kino fredag for å få med seg førpremieren. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Sterk film

Ei som var svært spent før filmen var Charlotte Fugelli. Ho har allereie sett den både i Tromsø i Oslo, men var ekstra spent før visninga på Bryne blant venner og naboar på Orre.

– Eg er veldig glad for filmen. Den har blitt svært fin.

Mykje av bodskapen til Per i filmen handlar om å leva livet, nyta livet, og ikkje leggja seg ned for å døy. Enka håpar at filmen kan vera til inspirasjon for andre.

– Det er viktig å holda på meininga med livet sjølv om ein har blitt sjuk, seier ho til Jærbladet.

Charlotte Fugelli saman med sine næraste naboar på Orre, Kjell Harald Horpestad og Martin Skadsem. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Ho treff på dei næraste naboane på Orre, Kjell Harald Horpestad og Martin Skadsem. Dei grugledar seg til å sjå filmen.

– Det blir å finna fram tørkle, seier dei før filmen.

– Det er litt tøft. Mhm. Eg legg merke til ting eg ikkje har sett og som eg ser er fine, seier Charlotte.

Dei rundt 110 timane med filmopptak har blitt redusert til ein film på ein time og 50 minutt.

Populær film

På fredag hadde Bryne kino rydda plakaten for gjestene som kom for å sjå den nye filmen. Rundt 200 menneske kom for å få med seg dette.

– Trur du denne filmen blir populær?

– Det trur eg nok. Alle har høyrt om Per Fugelli, eller har eit forhold til han på eit vis, seier kinosjef i Storstova, Erlend Serigstad.

Kinosjef Erlend Serigstad trur filmen kjem til å trekkja godt med publikum til Bryne dei neste vekene. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Kor mange som vil sjå den på Bryne vil han ikkje tippa på.

– Blir den blant dei beste?

– Ikkje besøksmessig. Det er ein dokumentarfilm og kan ikkje samanliknast med store Hollywood-produksjonar. Det er eit anna publikum, men det er ein viktig film, seier Serigstad.

Rørt publikum

Charlotte var tydeleg prega etter filmen. Ho sat med tårevåre augo då rulleteksten gjekk over skjermen og fekk mange klemmar av fleire frå publikum.

– I dag måtte eg lukke augo nokre gongar og ikkje vera med heile tida. Du gjenopplever augneblikket, og det er særleg tungt når eg ser andre grin, seier ho.

Publikum sat att med mange tankar rundt livet og verda me lev i.

– Det var ein god film. Det var mykje sant i den, seier Magne Vigre Høyland.

– Det viste at me må ta var på fellesskapen. Det er ikkje ein sjølvfølgje. Me må stå opp for kvarandre, seier Vigre Høyland.

Han ville gi filmen eit terningkast fire eller fem.

Charlotte Fugelli får klemmar og gode ord frå Bjørg Mjølsnes Ewing og Eli Voll Herikstad. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

– Eg er imponert over at dei stiller opp, seier Eli Voll Herikstad.

– Den var veldig flott lagt opp. Det blei ikkje for nært på slutten, det likte eg, seier Bjørg Mjølsnes Ewing.

Då Per var inne i sine siste timar fortalte han nemleg filmregissør Erik Poppe at det var på tide å avslutta filmen. Per Fugelli døde 13. september 2017.

Regissør kom til slutt

Erik Poppe som har regissert filmen skulle etter planen koma like etter filmen for å snakka om den til dei frammøtte og svara på spørsmål folk måtte ha.

Men uheldigvis var det snøkaos på Sola og han blei verande på flyplassen på Gardemoen.
Charlotte og ein liten gjeng valte likevel å venta tålmodig til han kom fram ei stund etter at filmen var ferdig.

Regissør Erik Poppe fortel Charlotte Fugelli og dei andre tilhøyrarane om korleis filmen blei til. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

– Det var openbart for oss to i møte som engasjert i samfunnet på kvar vår måte, at me måtte laga ein dokumentar, fortel Poppe lyttarane.

Han møtte Per tilfeldig for nokre år sidan på eit føredrag, og fatta fort interesse for historia hans.

- Eg fekk bli med, han opna seg og gjorde at eg såg krafta kom opp. Det var allmenngyldig om ein mann som mister livet, men som elskar det livet og er så opptatt av flokken sin. Og så dukkar kjærleikshistoria opp, seier Poppe.

Han fortel at det var vanskeleg å gå i gang med ein film der dei ikkje visste kor lenge dei hadde att å filma. Regissøren såg føre seg to-tre månadar toppen med opptak, men så visa Per gong på gong at han klara å kjempa seg vidare lengre, og dei fekk betre tid til å laga filmen som nå vil rulla over kinoleretta landet over.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...