Då Eldbjørg Haugland var 69 år, fekk ho ny jobb. No er ho 75 og stortrivst på arbeid.

– Eg har fantastiske vener og familie, og me har alltid kunna rekna med kvarandre, seier Eldbjørg Haugland. Foto: Brit Romsbotn

– Det er herleg å ha noko å gå til, seier Eldbjørg Haugland, nett komen heim til leilegheita i Hulda Garborgs veg sentralt på Bryne.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 03.02.2019 kl 10:34

For seks år sidan fekk ho seg arbeid i Time kommune. No er ho fast ringevikar på dagsenteret ved Sivdamheimen.

– Eg set meg ikkje opp på vakter lenger, men eg stiller opp når dei ringer. Denne veka blir det tre dagar på jobben. Arbeidet gir meg mykje. Og så er det jo fint at eg sjølv bestemmer, og at eg kan seia ja eller nei når dei ringer, seier Eldbjørg Haugland, som fyller 75 år laurdag 2. februar.

Ho har ikkje bil, og liker å bu med gangavstand til det aller meste. Ho er aktiv i pensjonistforeininga på Bryne, og flittig gjest når det blir spelt blues på Høghuset.

– Eg har det godt, og eg tykkjer eg har hatt eit fantastisk liv, både på godt og vondt. Livet har ikkje vore smertefritt, men eg har takla det. Eg har fantastiske vener og familie, og me har alltid kunna rekna med kvarandre, seier Eldbjørg Haugland.

Blei mor som 18-åring

Den ferske 75-åringen er fødd på Høyland i Hå, der foreldra var bureisarar. Ho har mange gode minne frå oppveksten, sjølv om det var vel mykje steinhenting.

– Far gjekk på arbeid utanom bruket. Eg og syster mi som er fire år yngre, måtte arbeida mykje. Steinhentinga var noko av det verste. Verken eg eller søster mi fant oss bønder, og ingen av oss ville ta over garden. Difor selde foreldra mine og bygde seg hus på Nubben ved Bryne då eg var i 20-åra, fortel jubilanten.

Då ho var ni år gammal, forpakta foreldra vekk garden på Høyland. Familien flytta til Askim, der faren dreiv med anleggsarbeid.

– Me budde på Austlandet til eg var 13 år, og eg likte meg godt. Eit minne er då eg såg Sonja Henie på Jordal Amfi. Eit anna er at eg reiste åleine på toget frå Oslo til Nærbø for å besøkja besteforeldra mine då eg var ti år gammal. Eg var utstyrt med nistepakke og nokre spesielle briller for at eg skulle sjå solformørkinga som var den dagen.

Ho blei mor som 18-åring. Ho og sonen budde heime i lag med foreldra dei første åra.

– Det var tøft å bli mor så tidleg, og eg hadde ikkje dei same rettane som no. Eg hugsar at barnetrygda var 60 kroner i kvartalet. Eg hadde aldri klart meg utan foreldra mine i denne tida, fastslår 75-åringen.

Ho arbeidde fleire stader, mellom anna ved Uldvaren i Sandnes og på DFU på Ålgård. Då ho var i 30-års alderen, utdanna ho seg til hjelpepleiar. I mange år arbeidde ho ved sjukehuset i Stavanger og i heimesjukepleien i Sola kommune.

Den danske tømmermannen Bøgil Hansen blei den store kjærleiken. Dei møttest på Bryne.

– Han var ein veldig kjekk mann, og me var i lag i 30 år, fortel Eldbjørg.

13 år i Danmark

Bøgil var ti år eldre enn henne. Då han blei pensjonist, flytta dei til Danmark for at han skulle koma nærare barnebarna sine. I 13 år budde dei på Sjælland sør for København.

Sjølv treivst ho aldri heilt i Danmark.

– Eg fant meg ikkje heilt tilrette, så eg reiste mykje heim til Norge på besøk til søster mi, som bur på Kåsen. Eg var vaksen då eg flytta til Danmark, og eg fekk meg aldri arbeid medan me budde der. Og når ein ikkje har arbeid, mister ein mykje av det sosiale. Men me melde oss inn i losjar og foreiningar, og blei kjende med folk der.

Eldbjørg flytta åleine tilbake til Bryne for litt over fem år sidan, og Bøgil er no død.

Ho har hatt brystkreft to gonger og kreft i magen ein gong.

– Legane seier at eg no er frisk frå kreften, og eg tenkjer lite på at eg har vore sjuk. Eg har god helse og håper at eg får behalda henne, seier 75-åringen.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...