Dei to neste helgane skal «Annie» fylla Storstova

Annie (Eivor Undheim Lygren) trøystar Molly (Ella Elette Bjerkevoll), medan dei andre jentene på barneheimen er oppgitt over at Annie nektar å gi opp tanken på at foreldra hennar ein dag skal koma tilbake. Foto: Nils-Ove Støbakk

Eivor (12) og resten av skodespelarane i Fantefølge gler seg til premiere førstkomande fredag.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

«Eg elske deg, Miss Hannigan!»

Jentene på scena får så øyrene flagrar. Den strenge barneheimsstyraren Miss Hannigan vil ikkje ha noko tull og tøys, og alle må seia kor glade dei er i henne – sjølv om det er veldig tydeleg at dette ikkje er noko dei verkeleg meiner.

Den hissige dama går ut av rommet, og jentene bryt ut i spontan song. «For eit møkkaliv» blir teksten når «It's a hard knock life» frå Broadway-suksessen i 1977 får norsk tekst med jærsk uttale. Og «Tomorrow» heiter sjølvsagt «I mårå» når Broadway i New York er erstatta med Arne Garborgs veg på Bryne.

«For eit møkkaliv» syng dei frustrerte jentene på barneheimen. Foto: Nils-Ove Støbakk

Eivor blir til Annie

– Mange av replikkane eg seier her, som «Søren au!», poppar ut av munnen min heilt plutseleg. Eg synest det er ganske løye, ler Eivor Undheim Lygren (12).

Ho spelar tittelrolla som Annie, barneheimsjenta som ventar og ventar på at foreldra ein vakker dag skal koma og henta henne heim.

Eivor innrømmer glatt at det har blitt mykje øving i haust. Tydelegvis så mykje øving at Eivor rett som det er snakkar slik Annie gjer – utan å tenka over det.

– Er det vanskeleg å spela Annie?

– Det er på ein måte veldig stress. Det har vore mykje øving. Men det er ikkje så vanskeleg å spela Annie om du berre har kome inn i det, forklarer ho.

27 skodespelarar – og ein hund

Totalt er det 27 skodespelarar på scena, pluss ein hund. 12 av dei spelar barneheimsungar – inkludert Annie sjølv. Så er det 15 roller som ungdommar og vaksne. Den yngste skodespelaren er ti år, medan eldstemann er pensjonist.

– Så det er eit veldig breitt spekter. Og det er ein fantastisk gjeng å jobba med, seier regissør Camilla Ystanes.

Hunden Sandy (Rikke) og Annie blir fort gode venner. Foto: Nils-Ove Støbakk

Til dagleg jobbar Ystanes på kulturtorget i Hå. På fritida driv ho teatergruppa Fantefølge, saman med Marianne Kåstad og mange gode hjelparar.

Allereie i april var det audition til «Annie», så begynte Fantefølge-gjengen med songprøvar i mai/juni, før øvingane starta for fullt i august. Vanlegvis øver dei på «Fanteloftet» i Eikhi-bygget, men 12. november blei alt flytta til Storstova.

Barneheimsstyraren Miss Hannigan (Christina Stangeland Hanssen) slit med både alkohol og temperamentet sitt. Foto: Nils-Ove Støbakk

Publikum strøymer til

I utgangspunktet var det sett opp seks framsyningar. Alle desse er nesten utselde, så søndag 9. desember blir det ei sjuande bonusframsyning.

– På alle dei andre er det berre ledig ein og annan plass. Det er vanvittig gøy, jublar Ystanes.

Annie er ikkje akkurat favoritten til Miss Hannigan. Foto: Nils-Ove Støbakk

Fantefølge har selt godt tidlegare òg, men aldri så bra som i år.

– Føler du at det er ekstra høge forventningar frå publikum?

– Ja, og det er jo litt spennande. Eg synest det er fantastisk at folk vil koma, men det legg jo eit ekstra press på oss, seier Ystanes.

Miss Hannigan (Christina Stangeland Hanssen) og broren Rooster (Daniel Haugen) pønskar på noko... Foto: Nils-Ove Støbakk

Reknar med å bli litt nervøs

Manuset til musikalen er ein ferdig justert juniorversjon av «Annie», som er litt kortare enn originalen. Stykket varer i cirka 1 time og 15 minutt.

Sjølv om det blir nokre pausar undervegs, er Annie på scena under nesten heile framsyninga.

Eivor Undheim Lygren innrømmer at ho nok kjem til å få litt sommarfuglar i magen når premieren nærmar seg.

– Eg er ikkje så nervøs nå. Men eg føler at eg blir nervøs på fredag, forklarer ho.

Livet til Annie blir brått snudd opp ned når ho blir invitert til å feira jul i heimen til styrtrike Oliver Warbucks. Foto: Nils-Ove Støbakk

Det siste halvåret har den unge skodespelaren mellom anna lært ganske mykje songteknikk.

– Og det er veldig bra. Pusteøvingar, korleis du ikkje får vond stemme når du syng og slikt, forklarer ho.

– Kva har vore det kjekkaste så langt?

– Å vera attmed folk som gjer det same som meg, kjem det kjapt frå den blide Bryne-jenta.

Oliver Warbucks (Jan Ivar Nesse) og assistenten Grace (Karin Hodne) blir glade i den vesle jenta med det store hjartet. Foto: Nils-Ove Støbakk

– Dette blir kjekt!

Eivor var òg med då Fantefølge sette opp «Reisen til Julestjernen» i fjor.

– Då var eg smånisse og snøfnugg, fortel ho.

– Korleis er det å ha hovudrolla denne gongen, då?

– Det er litt skummelt. Eg har gått på dans i ein del år, men har aldri drive med teater før.

Men nå blir det teater to helger på rad. Tre framsyningar denne helga, og fire neste. Det kan sjå ut som om det blir temmeleg fullt kvar gong – og i sentrum av det heile, ei tolv år gammal jente med ein knallraud parykk.

Eivor er i alle fall ikkje i tvil om at ho gler seg.

– Dette blir veldig kjekt!

Jentene på barneheimen flokkar seg rundt radioen når Annie plutseleg er på lufta med den vakre songstemma si. Foto: Nils-Ove Støbakk

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...