Denne gjengen feirar seg sjølv med med fest og storkonsert

ANNO 2018: Bak f.v: dirigent Sofya Dudaeva (dirigent), Ovidija Janknute, Tale Ellingsen, Patricija Branta-Sermele, Herborg Wiig, Sondre Wiig, Elena Drozdik Stangeland og Sofie Telstø. Framme f.v: Sindre Bore, Tobias Lode, Ida Marie Friestad, Rasmus Grødeland, Tobias Telstø, Victoria Hognestad, Sina Goa, Justina Bajarciute, Thomas Hognestad og Preben Ueland. 
Isabella Olsen var ikkje til stades då biletet vart teke. Tre av musikantane på bildet har no slutta i korpset. Foto: privat

Orre Skulekorps er 50 år.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Orre Skulekorps blei drege i gang av foreldrelaget ved Orre skule.

– Me hadde jobba med å skaffa skulen ei eiga fane. Det fekk me i stand, og då byrja me å sjå etter neste oppgåve. Det var slik tanken om eit eige skulekorps kom opp, fortel Ingvar Aase, som var formann i foreldrelaget i 1966 og 1967.

– Det er over 50 år sidan, så eg hugsar ikkje alt, men eg trur me var det første skulekorpset i Klepp. Klepp Hornmusikk hadde me jo, men eg trur ikkje det var andre skulekorps, fortel Aase.

Ein nøkkelperson var ein nytilsett lærar ved skulen, Torstein Oftedal.

– Han kom frå ein musikkfamilie i Sandnes, og hadde bakgrunn frå korps. På eit styremøte vart me samde om at me skulle ta kontakt med han. Sidan han budde i ein lærarbustad berre 50 meter frå skulen, tok eg turen bortom og presenterte ønsket vårt. Torstein Oftedal var veldig positiv, og etter ein god prat på ein times tid, gjekk eg tilbake til møtet og informerte styret om at han var interessert. Det var starten på Orre Skulekorps, fortel Aase.

Foreldrelaget styrte korpset fram til 1971. Då bestemte dei at det var best med eit eige korps-styre, slik at korps-foreldra sjølve kunne bestemma. Den første formannen i Orre Skulekorps var Rasmus Wiig.

Ingvar Aase synest det er stas at korpset no har halde det gåande i 50 år.

– Utruleg mange dyktige folk har vore engasjerte i drifta opp gjennom åra. Det har vore heilt avgjerande, seier Aase, som sjølv har følgt korpset frå utsida.

ANNO 1968: Første rekke f.v: Wenche Aase, Ranveig Wiig, Anne Brit Wiig, Møyfrid Salte, Solveig Steinsland, Kjellaug Lode, Ragnhild Erga og Gunn M. Orre. Andre rekke f.v: Hans Scheie, Livar Salte, Sigrunn Wiig, Bodil Wiig, Peder Høyland, Jone Gjerde, Per Salte, Torgeir Nærland, Jan Scheie og Glenn Aase. Tredje rekke f.v: Rasmus Salte, Jon Magne Moi, Ingve Hognestad, Henrik Kyllingstad, Torhild Øgård, Jone Scheie, Eivor Pollestad, Maria Jacobsen, Kirsten Marie Jacobsen og Torstein Oftedal (dirigent). Foto: privat

Eit ungt korps

I dag er Marianne Johnsen Telstø leiar i Orre Skulekorps. Ho kan fortelja om eit korps med 24 musikantar i alderen 9 til 14 år. 15 spelar i hovudkorpset, ni er aspirantar. Hovudkorpset øver saman to timar kvar veke. I tillegg får alle musikantane individuelle timar med profesjonelle musikkpedagogar.

– Me er eit ungt korps. Det er noko av utfordringa. Me ønskjer at flere skal stå i korpset lenger, seier Telstø.
Ho gler seg stort til jubileumskonserten i morgon, torsdag. Då kjem alle korpsa i Klepp på besøk for å spela i Orre samfunnshus. Også vaksenkorpset Klepp Hornmusikk.

– Det vert ein fantastisk flott konsert – ein korps-fest av dei sjeldne, lovar Telstø.
Dei dekkar til 400 gjester og håpar på fullt hus.

Max to per familie

I starten var det vedtektsfesta at berre to barn frå same familien kunne vera med i korpset. Ein av dei som fekk kjenna det på kroppen, var Terje Wiig, som i dag er styremedlem.

– Eg var yngst av fire søsken. Dei to i midten var med, så då var familien sin kvote full. Eg hadde lyst, men fekk aldri begynna i korpset. I staden kjøpte mor trekkspel til meg, fortel Wiig med eit smil.

Han konstaterer at det var ei anna tid. No er det vanskeleg å få rekruttert nok korpsmusikantar. I dag har Wiig to barn i korpset. Men han nøyer seg med å vera med i styret. Instrumenta held han seg langt unna.

Også Ingvar Aase konstaterer at det er ei anna tid.

– Det var stor interesse for korpset i starten, og regelen om maksimum to per familie sette me for å spreia interessa, slik at mange familiar kunne delta. Etter kvart sleppte korpset opp på dette, fortel Aase.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...