Derfor møter du stengd dør på biblioteket

Kari Anne Aarsand (t.v.) og Maren JL Nygård klistrar lappar med radiomerke på bøkene i Klepp bibliotek.

Denne veka klistrar dei tilsette ved Klepp bibliotek radiobrikker på 50.000 bøker.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 28.09.2017 kl 09:16

Lange remser med gult, glatt papir flyt ut over golvet. Dei tilsette ved biblioteket - med god hjelp av innleigd ekstrahjelp - plukkar ut bøkene ei for ei, klistrar på eit lite merke, og set bøkene tilbake der dei høyrer heime. Deretter blir bøkene registrerte i det nye systemet ei etter ei, ved hjelp av dei gamle strekkodane.

Rundt 50.000 bøker og filmar skal merkjast på denne måten, med såkalla RFID-brikker. Brikkene inneheld antenner som kan ta imot og svara på signal frå spesielle radiosendarar.

- Det er eit stort arbeid. Me kunne ikkje hatt ope denne veka, men mandag opnar me att, seier Aud Jorunn Haugen Hakestad, biblioteksjef i Klepp.

Skal halda ope kvar dag og kveld

Klepp bibliotek har kunngjort stenginga i lang tid, gjennom ulike kanalar, men likevel kjem det stadig folk til den stengde døra. For dei som skal levera, går det greitt. Dei kan berre leggja bøkene i kassen utføre. Men dei som hadde gledd seg til å henta nye, spennande leseopplevingar, må gå tomhendte heim.

- Det er aldri kjekt å stengja, men det som kjem ut i andre enden, er verkeleg noko å gle seg til, seier biblioteksjefen.

Radiomerkinga blir gjort for å gjera Klepp bibliotek klart til ein heilt ny kvardag frå månadsskiftet november/desember. Då skal biblioteket vera ope frå tidleg morgon til sein kveld, kvar einaste dag.

- Opningstidene er ikkje endeleg bestemt, men me håpar å få til mellom klokka 7 og 23 kvar dag, inkludert helger og heilagdagar, fortel biblioteksjefen.

Meirope bibliotek kallar dei det. Nyordninga inneber at biblioteket har ope med tilsette til stades på dagtid, som i dag. Men i tillegg blir det utvida opningstid med sjølvbetjening, utan tilsette på jobb.

- Mange vil helst koma til biblioteket når me er her, og det synest me er kjekt å høyra. Dei skal ikkje mista noko av tilbodet sitt. Meirope bibliotek blir eit tillegg til det me allereie tilbyr, seier Haugen Hakestad.

Eigen kontrakt på kveldstid

Dei som vil ha tilgang til biblioteket når der ikkje er folk på jobb, må skriva under på ein eigen kontrakt. Då får dei eit lånekort som kan brukast både til å låna bøker og til å opna døra.

For å sikra seg mot tjuveri, installerer Klepp bibliotek videokamera ved utgangen. Kameraet blir aktivert - med hjelp av dei nye radiobrikkene - dersom nokon går ut med ei bok utan å ha registrert lånet.

- Folk i Klepp er ærlege, så eg reknar med at det ikkje blir mange tjuveri eller forsøk på tjuveri. Erfaringar frå Danmark viser at det er færre tjuveri frå meiropne bibliotek, sannsynlegvis fordi kamerateknologien skremmer dei som ikkje er ærlege, seier biblioteksjefen.

Radiomerking av bøker er ikkje noko nytt. Til dømes hadde Time bibliotek dette på plass allereie då dei flytta til lokala ved høghuset for sju år sidan. Men Klepp bibliotek blir blant dei aller første som satsar på så mykje opningstid heilt utan folk på jobb.

- Stavanger seier at opningstida på kvelden er ubemanna, men der er det folk på jobb i første etasje. Filialen på Høle i Sandnes er nok den som har mest ubemanna opningstid akkurat no. Me kjem til å liggja langt framme når me går i gang med meirope bibliotek, men eg reknar med at mange av kommunane rundt kjem til å følgja på, seier Haugen Hakestad.

Ingen planar om heimebesøk

Med radioteknologien kan dei tilsette på biblioteket bokstaveleg talt peila seg inn på konkrete bøker i hyllene. Dermed blir det for eksempel lettare å finna att bøker som nokon har sett inn på feil stad.

- Kan de finna att ei stolen eller ikkje innlevert bok heime hos folk?

- I teorien kan me nok det. Men me har ingen planar om å ta med oss sendarar ut av biblioteket for å leita opp noko, eller å følgja med på kor bøkene tar vegen når nokon har lånt dei. Det var i gamle dagar me gjekk heim til folk og henta bøker, seier biblioteksjefen med eit smil.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...