- Det koker. Det er «all time high»

Senterleiar Siri Øksnevad Olsen saman med «Pippi», til vanleg Liv Kristoffersen i leiketøysforretninga Kozmoz. Foto: Snorre Standish Norheim

- Det er rørande, rett og slett, seier Siri Øksnevad Olsen om besøket. Ho reknar med at 20.000 har vore innom fram til midnatt. Sjølv skal ho handla seg ved eller bildekk, dersom det blir tid utpå kvelden.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 08.11.2018 kl 17:04

Ein sprudlande og døgnvill senterleiar på Jærhagen, Siri Øksnevad Olsen, seier seg strålande fornøgd med opninga.

- Det har vore ein veldig travel dag! seier ho og ler, før ho blir avbroten av ein Pippa-maskot, komplett med drakt og oransje flettar.

- Må jo by på seg sjølv, det er verdas beste senter, jo! seier Pippi, før ho spring vidare.

Då dei første butikkane opna klokka 7.00, hadde Øksnevad Olsen allereie vore oppe i fire timar. Då ho finn tid til å snakka med Jærbladet, er dagen berre halvvegs, for senteret stenger ikkje før ved midnatt.

- Så det blir nokon timar, seier senterleiaren, som er fornøgd med responsen frå gjestane.

- Vanvittig god! Det må eg seia, eg er så fornøgd med senter og leigetakarar. Og ikkje minst kundar, herremin!

- Ja, det er rørande, rett og slett, seier ho.

Jærhagen

  • Kjøpesenter på Kleppe, opna i september 2004.
  • Nyopnar torsdag og utvidar bruttoarealet frå 25.000 til 65.000 kvadratmeter.
  • Den største aktøren på huset er Obs Bygg, med 4000 kvadratmeter butikk og 4500 kvadratmeter drive in-avdeling.
  • Frå torsdag er det 56 leigetakarar i senteret. Det er plass til 62 aktørar når alt er utleigd.

Vanskeleg å finna parkering

I morgontimane og utover føremiddagen, var det vanskeleg å finna parkeringsplass, og etter ein liten dupp midt på dagen, var det frå halv fire-tida igjen kødanning i krysset utanfor Jærhagen.

- Eg skulle ønskt at det gjekk an å ha så mykje folk utan at det vart kaos for nokon, men det går ikkje. Det får me ikkje til, seier senterleiaren.

Kjøpesenteret har kundeteljarar ved dørene, men desse måtte erstattast i samband med nyopninga. Inngangspartiet var ikkje ferdigstilt før i går, så dei første rapportane med besøkstal lét venta på seg.

I fire-tida har senterleiaren tal som viser 12.000 besøkande fram til 15.00, minus tre av inngangsdørene. Det betyr at Jærhagen reknar med å passera 20.000 besøkande før dørene stenger ved midnatt.

-Det koker. Det er «all time high». Me har aldri hatt så mange innom.

Når det blir tid, skal ho kjøpa ved eller ny bildekk, men det har ikkje blitt tid til det ennå, seier ho, rett før ho blir avbroten av soknepresten i Klepp, Andreas Haarr, som gratulerer henne med opninga.

Gjorde kupp på fjellsko

Pensjonistparet Øyvind Rasmussen og Dorrit Rasmussen kjøpte fjellsko på opningsdagen. Foto: Snorre Standish Norheim

Pensjonistparet Øyvind Rasmussen og Dorrit Rasmussen var innom G-Sport på opningsdagen. Dei hadde ikkje tenkt å kjøpa noko, men så kom dei på at dei hadde ein idé til julegåve.

- Me har kjøpt fjellsko. Det er julegåver til ungane, det er dei som liker å gå i fjellet. Me har gjort eit godt kjøp, slår Øyvind Rasmussen fast.

Han sit utanfor sportsbutikken, i ei av dei nye sitjegruppene på senteret, og ventar på kona, som skal finna nokon fleire tilbod.

- Eg såg det tilfeldig, at skoa her var på tilbod. 30 prosent. Dei hadde eg tenkt på å kjøpa uansett, seier han, om dei to para med Alpha-fjellsko som han nett har kjøpt.

Ifølgje reknestykket hans, var prisen hjå G-Sport 500 kroner mindre enn hjå levandøren, og i tillegg kom rabatten. Dermed ende kjøpet for to par merkesko, på litt over 4000 kroner.

Elektrokrig mellom naboar

Senterleiaren kunne fortelja om meldingar som rann inn, med gode tilbakemeldingar og lovande interne salstal. Butikksjef i Power, Anders Vika, har også hatt ein god dag på jobben.

- Opninga på Jærhagen har vore veldig god for senteret generelt. Det er litt spesielt for oss å opna same dag som det opnar ei Elkjøp-forretning vegg i vegg. Så det har vore ei ny oppleving, men mitt inntrykk er at det har gått veldig godt for oss, og eg trur Elkjøp òg har hatt ein god dag.

Anders Vika, butikksjef på Power Jærhagen, hadde ein god opningsdag. Foto: Snorre Standish Norheim

Vika har ikkje tal på kor mange som har vore innom Power, men trur det dreiar seg om fleire tusen, og ikkje fleire hundre. Salet har gått godt, seier Vika.

- Det har vore heilt rått, og ramsar opp TV, mobil, PC, småelektrisk, støvsugarar, kjøkkenutstyr og kvitevarer, som kategoriar som forretninga hans har selt mange varer av.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...