- Det var det som var draumen: å bli dr. Dalva

Bildet er teke etter at doktergraden var i boks. Foto: Privat

Standardfrakken til UiB var ikkje god nok. Monica Dalva Valvatne kjøpte eigen frakk, laga skilt med dr. Dalva på, og bestod disputasen med glans.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 24.09.2018 kl 07:13

- Eg har alltid vore nysgjerrig på det som skjer inne i kroppen, og var ikkje gammal då eg fekk mitt første mikroskop.

Då Dalva Valvatne for 11 år sidan flytta til Bergen for å studera molekylærbiologi, var det ikkje så mange som kjende til forskingsfeltet. Etter å ha fullført mastergraden ønskte ho å gå vidare med ein doktergrad, men stod framfor eit vegskilje: å halda fram i forskingsgruppa ho hadde skrive masteroppgåve i, eller gå over til medisinsk forsking.

Ho frykta å gro fast, tok sats og sette seg ned på laben, for å forska på fordøyingsenzymet CEL (karboksyl-ester lipase). Frå tidlegare forsking var det kjent at det fanst ein samanheng mellom sjeldne variantar av enzymet CEL, som er eit protein som bryt ned feittstoff i tarmen, og enkelte sjukdommar i bukspyttkjertelen.

Misforstått om diabetes

I sitt forskingsarbeid har Dalva Valvatne undersøkt to variantar av CEL, og mekanismane som ligg bak når éin variant gjev auka risiko for kronisk betennelse i bukspyttkjertelen, og éin annan variant gjev diabetes.

Når arbeidsoppgåvene til bukspyttkjertelen blir forstyrra, kan resultatet bli sjukdommar som diabetes, kronisk betennelse og kreft. Bukspyttkjertelen er eit viktig organ for omsettinga av energi og næringsstoff i kroppen, medan blodsukkernivået blir regulert ved at kjertelen lagar insulin og andre hormon. Kjertelen har dessutan ein viktig funksjon i fordøyinga, han produserer og skil ut enzym, som bidreg til nedbrytinga av mat i tarmen.

Dalva Valvatne har personar i familien med diabetes, og éin av grunnane til at ho starta med molekylærbiologi, var nettopp å kunna hjelpa menneske med forskinga si. Medan dei fleste kjenner til diabetes type 1 og type 2, er det nok dei færraste som veit at det finst ytterlegare to hovudtypar, og at den eine har eit titals undervariantar.

I arbeidet med doktergraden, laga ho cellemodellar for å undersøkja korleis dei to variantane av CEL oppførte seg. Det viktigaste funnet hennar er at den eine varianten av enzymet, den som gjev auka risiko for kronisk betennelse i bukspyttkjertelen, ikkje medfører auka risiko for kreft i bukspyttkjertelen.

- Dette er nyttig kunnskap, for eksempel for lækjarar. Då veit dei at det ikkje er noko dei treng å leita etter dersom pasienten har kronisk betennelse, seier Dalva Valvatne.

"Ønskjer seg forskarkarriere
Arbeidet med ein doktergrad er med naudsynt tungt. For Dalva Valvatne vart det ekstra tunge tak. Eit lynnedslag i huset tok ikkje berre heimen frå familien, men førte også til at den eine sonen fikk epilepsi, som heldigvis var forbigåande. I tillegg fikk mora hjernebløding. Likevel klarte ho å gjennomføra.

Etternamnet Valvatne har gifta ho seg til, og sjølv om det øydelegg for tittelen dr. Dalva, blir det vege opp for av ektemann og to ungar. Familien har slege seg ned på Kverneland, og ho er bestemt med å halda fram med å forska.

- Eg elskar å forska, det er det som er livet. Eg har ikkje lyst til å gje meg enno.
Ho kunne godt tenkt seg å undervisa, og held no på å ta praktisk-pedagogisk utdanning. Førsteprioritet er uansett å finna ei forskarstilling. Tilfanget av stillingar er større i Bergen enn her i distriktet, men ho er budd på å måtte selja seg inn hjå potensielle arbeidsgjevarar.

- Det er vanskeleg i Rogaland. Forskingsmiljøet er mindre. Du må meir fysisk gå og banka på dørene. Det er tøft, men eg har veldig lyst til å halda fram med medisinforsking. Kan henda det går an å finne noko innan fiskenæringa, seier dr. Dalva.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...