- Dette er livets dessert

På balkongen: Bent Sølve og Grethe Rasmussen har brukt mykje tid i solveggen sidan dei flytta inn for åtte månader sidan. Foto: Snorre Standish Norheim

Bent Sølve og Grethe Rasmussen treivst i villa, men angrar ikkje eitt sekund på at dei flytta i sentrumsnær leilegheit.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Eg hadde alltid sagt til venar at eg om eg skulle ut her i frå, måtte dei bera meg ut. Men då eg såg denne plassen, vart planane forandra, seier Bent Sølve.

Ekteparet sjokkerte venar og familie då dei for to år sidan sikra seg ei toppleilegheit på Solhøgda. I over 30 år av sitt 47 år lange samliv, hadde dei budd i ein villa med stor hage, i Verdalen i Klepp. Men etter å ha vore ute ein kveld og sett «Bølgen» i Storstova, der ei rekkje brosjyrar med alt som skulle skje på Bryne, låg framme, dukka lysta på eit enklare byliv opp. Dagen etter troppa dei opp hjå eigedomsmeklaren, forsikra seg om å få havutsikt, og skreiv seg på lista.

Åtte månader sidan innflyttinga, i romjula i fjor, frydar dei seg over at ting er komne på plass. Naboskapet er godt, folk er på hels og stoppar i trappa, for å snakka.

- Me har hatt ein fantastisk innflyttingsperiode. Det har vore varmt og mykje sol, me har sete på balkongen sidan påsken. Her på Solhøgda er det så roleg, så me forstår ikkje kvifor ikkje fleire kjøper her, seier Grethe, og melder om rykte i gangane om at interessa er i ferd med å ta seg opp.

Villa: Einebustaden ekteparet forlét i Verdalen, kravde mykje vedlikehald. Bent Sølve Rasmussen har lagt ned mykje innsats for å halda hagen fin gjennom meir enn 30 år. Foto: Snorre Standish Norheim

Enkel drift: Etter flyttinga til Solhøgda er urnene på balkongen alt som krev stell. Foto: Snorre Standish Norheim

Enklare vedlikehald

- Bent har grøne fingrar, men i og med at alt måtte vera så fint, så tok det på helsa, fortel kona, og finn fram prospektet for huset dei selde i Verdalen.

Der finst det bildebevis på grøne plenar, buskar og hekkar med rette kantar. No er hagestellet redusert til å ta seg av urnene på balkongen med utsikt over Mølledammen og Bryne sentrum. Salsannonsen til Solhøgda-prosjektet oppmodar bebuarane til å ta det med ro. Som det heiter på meklarspråket: «Den store forskjellen er at du her bare skal nyte livet, for du er fritatt fra pliktene med plenklipper, lukejern, gjødsling og vedlikehold. For den som bor på Solhøgda, har folk til sånt.»

Med ein innflyttingsperiode på to år, fekk ekteparet tid til å førebu seg mentalt. Det vart òg tid til den store jobben det er å rydda ut av ein einebustad, og hiva og gje bort det som ikkje trengst.

- Me har plass nok til å ha gjestar, eg saknar ikkje storleiken på huset me flytta frå. Ikkje minst var huset gammalt, medan alt her er nytt. Det er mykje enklare å halda reint, seier Bent Sølve.

Felles grøntareal og ein ny heim, i stål, mur og glas, har betydd mindre husarbeid for ekteparet. Noko anna som er nytt, er måten dei forflyttar seg på. I botnen av blokka ligg ein garasje med heistilgang, men bilen har dei ikkje ofte bruk for lenger.

- Kollektivtransporten er enorm i forhold til der me budde. Buss veit eg ikkje, men me bruker toget. Det var nesten ikkje mogleg å bruka kollektivt i Verdalen, det var ikkje alltid det gjekk ein buss, seier Bent Sølve.

I nærleiken av alt

- Dette er livets dessert, å bu midt i sentrum og kunna gå til toget. Bruka trillebag til butikken. Å oppleva kultur og gå på restaurant, seier Grethe fornøgd.

Fornøgde eigarar: Frå lenestolen kan ekteparet sjå sola gå ned i havet, under den høge jærske himmelen. Foto: Snorre Standish Norheim

Bent Sølve tek brua over Arne Garborgs veg, til losjen der han er medlem, medan Grethe gjerne besøkjer tidlegare kollegaar i Jærbladet, med nybakt kake. Første torsdag i månaden går dei på blues i Høghuset, og dei gler seg til den nye kinoen opnar på torget. Paret et gjerne lunsj ute, eller tek med brødsmular for å mata endene i Kongo.

- Det er blitt som balsam for sjela å setja seg ned ved Mølledammen, og berre å sjå på livet, korleis folk slappar av, seier Grethe.

Barnebarna er mellom 17 og 22 år, og kjem stundom sørover med toget. Då yngstemann fekk høyra at besteforeldra skulle flytta, var han skeptisk, men snudde raskt under første besøk i leilegheita. Barnebarna har late seg overraska positivt over tilbodet på Bryne. Sist gong stod bowling, restaurantbesøk og tur i parken, på programmet.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...