Dette gjer du om du er fyrst til ulykkesstaden

Politifyrstebetjent Espen Hegre fortel at det fyrste du må gjera når du kjem fram til ei ulykke, er å sikra staden. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Tenk deg at du kjører på vegen og plutseleg oppdagar ein bil som ligg slengt i vegen. Korleis reagerer du og kva gjer du?

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 10.11.2017 kl 09:41

Politiet rosar forbipasserande, og politifyrstebetjent seier at han sjeldan opplever at bilistar gjer lite om ein kjem til ei ulykke. Men det kan også vera lett for at ein får sjokk, og blir handlingslamma i situasjonen.

Ta initiativ

– Det er viktig at nokon tar initiativ. Det kan fort skje at mange stoppar opp og tenkjer at andre er flinkare enn ein sjølv til å hjelpa, seier politifyrstebetjent Espen Hegre.

Som politi ved Time lensmannskontor, blir han kalla ut til alvorlege ulykker rundt ein gong i månaden i snitt.

– I tilfelle der det er behov for hjelp, har eg inntrykk av at folk er sitt ansvar bevisst og forsøker etter beste evne å gjera tiltak, seier han.

Vegtrafikklova paragraf 12 seier nemleg at ein kvar som med i trafikkuhell eller er kjem til staden, skal straks stansa og hjelpa personar og dyr som er komen til skade, og for øvrig delta i dei tiltak som uhellet gjev grunn til.

Sikra området

Det fyrste du må gjera, ifølgje politiet, er å sikra deg sjølv og staden.

– Skal me hjelpa andre, hjelper det lite om me sjølv blir påkjørt, seier Hegre.

Han rådar folk til å nytta sin eigen bil som sperring i kjørefeltet der det står ein bil eller ligg hardt skada trafikantar.

Deretter må ein setja på naudblink på bilen og ta på seg refleksvest som alle bør ha liggjande i bilen.

Sett opp varseltrekant minst 50 meter frå staden for å varsla bilistar som kjem om at dei må senka farten.

Så gjeld det å få oversikt over staden. Er det snakk om materielle skadar, eller personskadar? Er nokon skadd, må ein varsla naudetatane så raskt som mogleg. I kaoset er det ikkje så farleg om du ikkje hugsar at det er 112 til politiet og 113 til ambulansetenesta, så lenge nokon blir varsla.

Få råd over telefon

Når du har slått et naudnummer, sit AMK-sentralen klar til å gje deg råd over telefon. Ifølgje Hegre er dei tilsette så dyktige at dei kan fortelja deg alt du skal gjera over telefon.

Om naudetatane gjer som dei skal, skal det ikkje ta mange minuttar før dei er på plass på ulykkesstaden.

Fram til ambulansepersonellet er på plass, må ein hjelpa dei på staden som trenger det.

– Prioriter dei som er hardast skadd. Ein person som hyler, har det for så vidt ikkje greitt, men klarar seg. Den personen som ikkje seier noko og som er bevisstlaus, er kanskje den ein bør prioritera. Finn ut kvifor han ikkje pustar eller snakkar, seier Hegre.

ABC på staden

Når ein skal gje livreddande fyrstehjelp, kan det vera lurt å hugsa regelen ABC, som står for Airways (frie luftvegar), Breathing (pust) og Circulation (blodsirkulasjon). Ifølgje bilberginga NAF må du sikra frie luftvegar ved å bøya hovudet forsiktig bakover på
vedkomande.

Om pasienten pustar, må du leggja vedkommande i stabilt sideleie eller sørgja for at nokon held hovudet bakover dersom det ikkje er mogleg å flytta pasienten.

Det er viktig å halda dei involverte varme ved hjelp av klede eller tepper ein har liggjande.

Om personen ikkje pustar, må du starta hjarte- og lungeredning med 30 kompresjonar etterfølgd av to innblåsingar der du ser at brystkassa hevar seg. Her kan ein ironisk nok holda rytmen til songen «Stayin´alive» av popgruppa Bee Gees, ifølgje NAF.

Tryggtrafikk.no finn du fleire filmar som viser korleis personar kan leggast i stabilt sideleie og meir om kva du skal gjera når du kjem til staden.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...